7 Konklusjon og tilråding
EU-programmet Sikrare Internett vil stimulere til eit breitt europeisk samarbeid i kampen mot ulovleg, skadeleg og uønskt innhald i globale system som Internett. Norsk deltaking er difor vurdert som viktig.
Kultur- og kyrkjedepartementet rår til at Noreg tek del i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av EU-programmet for vern av barn som nyttar Internett og annan kommunikasjonsteknologi (Sikrare Internett) 2009–2013. Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.