St.prp. nr. 5 (1997-98)

Om samtykke til godkjenning av EØS-komitéens beslutning nr 38/97 av 27. juni 1997 om endring av Protokoll 31 til EØS-avtalen om EFTA-statenes deltakelse i EUs tredje flerårige program for små og mellomstore bedrifter

Til innholdsfortegnelse

2 RÅDSAVGJERD av 9. desember 1996 om eit tredje fleirårig program for små og mellomstore føretak (SMF) i Den europeiske unionen (1997-2000)

(97/15/EF)

RÅDET FOR DEN EUROPEISKE UNIONEN HAR -

med tilvising til traktaten om skipinga av Det europeiske fellesskapet, særleg artikkel 130 nr. 3,

med tilvising til framlegget frå Kommisjonen 1 ,

med tilvising til fråsegna frå Europaparlamentet 2 ,

med tilvising til fråsegna frå Økonomi- og sosialutvalet 3 ,

med tilvising til fråsegna frå Regionutvalet44

og

ut frå desse synsmåtane:

  1. 1.

    Rådet vedtok 10. oktober 1994 ein resolusjon om fritt spelerom for dynamikken og potensialet for nyskaping hjå små og mellomstore føretak, medrekna handverkssektoren og svært små føretak, i ein konkurranseprega økonomi5

5 .

  1. 2.

    Rådet vedtok 21. november 1994 ein resolusjon om styrking av konkurranseevna til industrien i Fellesskapet6

6.

  1. 3.

    Rådet vedtok 27. november 1995 ein resolusjon om små og mellomstore industriføretak (SMF) og teknologisk nyskaping7

7.

  1. 4.

    Rådet vedtok 22. april 1996 ein resolusjon om samordning av fellesskapstiltaka for små og mellomstore føretak og handverkssektoren8

8.

  1. 5.

    Rådet vedtok 14. juni 1993 avgjerd 93/379/EØF om et flerårig program for fellesskapstiltak for å styrke de prioriterte områdene og for å sikre kontinuitet i og konsolidering av næringspolitikken, særlig for små og mellomstore bedrifter, i Fellesskapet99 .

  2. 6.

    Kommisjonen har lagt fram rapportar om dei tiltaka som er gjorde i medhald av den førnemnde avgjerda.

  3. 7.

    Kommisjonen har i samsvar med artikkel 5 i avgjerd 93/379/EØF lagt fram for Europaparlamentet, Rådet, Økonomi- og sosialutvalet og Regionutvalet ein ekstern vurderingsrapport om gjennomføringa av det inneverande fleirårige programmet.

  4. 8.

    I samsvar med kvitboka si om vekst, konkurranseevne og sysselsetjing vedtok Kommisjonen 3. juni 1994 ei melding om iverksetjing av eit integrert program for SMF og handverkssektoren, som særleg har som siktemål å gje ei framstilling av den overordna næringspolitikken til Fellesskapet.

  5. 9.

    Kommisjonen vedtok 29. november 1995 rapporten «Små og mellomstore føretak: ei dynamisk kjelde til sysselsetjing, vekst og konkurranseevne i Den europeiske unionen», som han la fram for Det europeiske rådet i Madrid, og der han etterlyste ein meir ambisiøs næringspolitikk der potensialet for sysselsetjing, vekst og konkurranseevne hjå europeiske føretak vert utnytta fullt ut.

  6. 10.

    SMF yter eit viktig tilskot til styrkinga av rolla til industrien i Den europeiske unionen, og motverkar såleis tendensen til utflytting av føretak. Den særskilde rolla som SMF spelar, særleg gjennom det nære sambandet dei har med kundar og tilsette, og gjennom dei utviklingsvilkåra som dei tilbyr mange forretningsmenn og -kvinner, bør ikkje undervurderast.

  7. 11.

    Denne avgjerda utgjer det rettslege grunnlaget for særskilde tilleggstiltak som ikkje høyrer inn under andre delar av fellesskapspolitikken, og som ikkje kan gjennomførast betre på nasjonalt plan.

  8. 12.

    Nærleiksprinsippet må etterlevast ved iverksetjinga av dette fleirårige programmet.

  9. 13.

    SMF som driv verksemd over landegrensene, bør få hjelp til å overvinne strukturelle veikskapar.

  10. 14.

    Denne avgjerda er særleg retta mot SMF, utan omsyn til sektor, juridisk form og geografiske plassering, og omfattar m.a. handverkssektoren, handels- og distribusjonsføretak og svært små føretak.

  11. 15.

    Dei tiltaka som er fastsette i denne avgjerda, skal nyttast i heile Den europeiske unionen og har til føremål å

  • fremje eit miljø som gagnar utviklinga av SMF,

  • betre integreringa og organiseringa av SMF, særleg små føretak og handverksføretak, i den indre marknaden,

  • betre konkurranseevna til europeiske SMF og oppmuntre til europeisering og internasjonalisering av dei, og såleis fremje vekst, nye arbeidsplassar og økonomisk og sosial utjamning i Fellesskapet.

  1. 16.

    Dei tiltaka som gjeld tverrnasjonal teknologisk utvikling, vil verte samordna med fellesskapsprogrammet for forsking og teknologisk utvikling, samstundes som dei aktuelle framgangsmåtane for avgjerdstaking vert følgde, og tiltaka skal ta omsyn til oppfølginga av grønboka om nyskaping.

  2. 17.

    I tilleggsprotokollane til dei assosieringsavtalene som er gjorde med statane i Sentral- og Aust-Europa, er det fastsett at desse statane kan ta del i fellesskapsprogramma.

  3. 18.

    Det bør likeins fastsetjast at Kypros og Malta kan ta del i programma innan ramma av dei assosieringsavtalene som er gjorde med desse statane.

  4. 19.

    Det andre programmet går ut 31. desember 1996. Det må vedtakast eit tredje program for eit tidsrom på fire år, og programmet må tilførast tilstrekkelege midlar til at dei fastsette måla kan nåast.

  5. 20.

    Kommisjonen skal med hjelp frå utvalet gjere dei tiltaka som er naudsynte for å gjennomføre dette programmet, bortsett frå tiltak med sikte på skatte- og avgiftsharmonisering -AVGJERDA:

Artikkel 1

Det vert for eit tidsrom på fire år frå 1. januar 1997 vedteke eit program for ein fellesskapspolitikk for små og mellomstore føretak (SMF), medrekna handverksføretak og svært små føretak.

Artikkel 2

Det programmet som er nemnt i artikkel 1, omfattar dei tiltaka som er oppførde i vedlegget, som er meinte å skulle utfylle tiltaka til medlemsstatane, og skal ha følgjande mål:

  1. 1.

    å forenkle og betre dei administrative og lovgjevingsmessige vilkåra for føretaka:

  • å tryggje at det vert teke omsyn til interessene til SMF i ulike fellesskapsinitiativ og i fellesskapspolitikken på ulike område,

  • å forenkle og betre regelverket til Fellesskapet,

  • å betre oversikta over og spreiinga av best mogleg praksis for forenkling og betring av dei administrative og lovgjevingsmessige vilkåra,

  • å betre rammevilkåra for SMF som driv tverrnasjonal verksemd,

  1. 2.

    å betre dei økonomiske vilkåra for føretak:

  • å betre tilgangen til lån og risikokapital,

  • å halde fram med innsatsen for å minske problema med for sein betaling,

  • å lette utviklinga av særskilde finansieringsordningar,

  • å stimulere utviklinga av kapitalmarknader for SMF som er i snøgg vekst,

  1. 3.

    å hjelpe SMF til å europeisere og internasjonalisere strategiane sine, særleg gjennom betre opplysnings- og samarbeidstenester:

  • å gje SMF betre tilgang til informasjonssamfunnet,

  • å utvikle opplysningstenestene i Fellesskapet,

  • å betre fremjinga av politiske tiltak for SMF,

  • å fremje samarbeid mellom føretak ved hjelp av nett der det kan gjerast freistnad på å finne partnarar,

  • å fremje direkte kontakt ved hjelp av partnarskapsprogram,

  • å utvikle partnarskap med underleverandørar,

  • å betre vilkåra for at SMF kan ta del i den indre marknaden,

  • å betre tilgangen til nye marknader og auke internasjonaliseringa av SMF,

  1. 4.

    å styrkje konkurranseevna til SMF og betre tilgangen deira til forsking, nyskaping og opplæring:

  • å auke potensialet for nyskaping hjå SMF,

  • å betre leiareigenskapane,

  • å tilpasse SMF til miljøkrava,

  1. 5.

    å fremje tiltakslysta og støtte målgrupper:

  • føretakskultur og tiltakslyst,

  • handverksføretak, små og svært små føretak,

  • handels- og distribusjonsføretak,

  • kvinnelege og unge føretaksleiarar; føretak som vert leidde av personar frå vanskelegstilte grupper,

  1. 6.

    å betre dei politiske verkemidla med omsyn til SMF.

Artikkel 3

  1. 1.

    For å nå dei måla som er fastsette i artikkel 1 og 2, skal Kommisjonen setje i verk dei tiltaka som er naudsynte, så framt dei ikkje kan gjennomførast betre på nasjonalt plan, samstundes som han skal ta omsyn til resultata av særskilde vurderingsrapportar.

  2. 2.

    Den framgangsmåten som er fastsett i artikkel 4, skal nyttast for å vedta tiltak som gjeld:

  • vedtaking, forsøksvis iverksetjing eller utviding av dei naudsynte prosjekta som er utarbeidde for å gjennomføre denne avgjerda,

  • fastsetjing av innhald av, tidsplan for og finansieringshjelp til tiltak og innbydingar til framlegg,

  • jamleg vurdering av resultata av kvart prosjekt ut frå dei tidsplanane som er fastsette i dei einskilde programma.

  1. 3.

    Kommisjonen kan leggje fram alle andre spørsmål som gjeld programmet, for det utvalet som er nemnt i artikkel 4.

  2. 4.

    Kommisjonen skal ha ansvaret for den finansielle og praktiske gjennomføringa av programmet. Kommisjonen skal òg syte for at tiltak innan ramma av dette programmet vert underlagde grundig førehandsvurdering, overvaking og etterfølgjande vurdering på grunnlag av rapportar som skal leggjast fram av mottakarane av finansiell støtte frå Fellesskapet.

  3. 5.

    Det kan tildelast fellesskapsstøtte dersom slik støtte er naudsynt for å gjennomføre eit prosjekt. Støtta bør ikkje overstige den summen som er naudsynt for å støtte prosjektet.

Artikkel 4

Kommisjonen skal få hjelp av eit utval som er samansett av representantar for medlemsstatane og vert leidd av representanten for Kommisjonen.

Representanten for Kommisjonen skal leggje fram for utvalet eit utkast til tiltak som skal gjerast. Utvalet skal kome med ei fråsegn om utkastet innan ein frist som leiaren kan fastsetje etter kor mykje saka hastar. Fråsegna skal gjevast med det fleirtalet som artikkel 148 nr. 2 i traktaten fastset for avgjerder som Rådet skal ta etter framlegg frå Kommisjonen. Ved røysting i utvalet skal røystene til representantane for medlemsstatane ha den vekta som den førnemnde artikkelen fastset. Leiaren skal ikkje røyste.

Kommisjonen skal vedta tiltak som skal setjast i verk straks. Dersom tiltaka ikkje er i samsvar med fråsegna frå utvalet, skal Kommisjonen straks gje Rådet melding om dei. I slike høve

  • skal Kommisjonen utsetje iverksetjinga av dei tiltaka som han har vedteke, i tre månader rekna frå den dagen meldinga vart gjeven,

  • kan Rådet med kvalifisert fleirtal ta ei anna avgjerd innan den fristen som er fastsett i første strekpunktet.

Artikkel 5

  1. 1.

    Kommisjonen skal kvart år leggje fram ein rapport om gjennomføringa av denne avgjerda for det utvalet som er nemnt i artikkel 4.

  2. 2.

    På grunnlag av samordningstiltaka sine skal Kommisjonen annakvart år leggje fram for Europaparlamentet, Rådet, Økonomi- og sosialutvalet og Regionutvalet ein rapport med ei vurdering av den framgangen som er gjord med omsyn til å ta med SMF-dimensjonen i fellesskapspolitikken på alle område og i alle fellesskapsprogram.

Artikkel 6

Kommisjonen skal innan utgangen av 1999 leggje fram for Europaparlamentet, Rådet, Økonomi- og sosialutvalet og Regionutvalet ein ekstern vurderingsrapport om gjennomføringa av denne avgjerda, slik at det kan fastslåast om dei opphavelege måla er nådde; rapporten skal òg innehalde ei vurdering av kostnadseffektiviteten og framlegg som Kommisjonen finn naudsynte ut frå dei vurderingane som er gjorde.

Artikkel 7

  1. 1.

    Dei assosierte statane i Sentral- og Aust-Europa (ASSAE) kan ta del i dette programmet på dei vilkåra som er fastlagde i dei tilleggsprotokollane til assosieringsavtalene som gjeld deltaking i fellesskapsprogram, og som er inngådde med desse statane.

  2. 2.

    Kypros og Malta kan ta del i programmet på grunnlag av tilleggsløyvingar etter dei same reglane som gjeld for dei statane i Det europeiske frihandelssambandet (EFTA) som er medlem av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet (EØS), i samsvar med dei framgangsmåtane som skal avtalast med desse statane.

Artikkel 8

  1. 1.

    Denne avgjerda tek til å gjelde 1. januar 1997 og skal gjelde fram til 31. desember 2000.

  2. 2.

    Den finansielle referansesummen for gjennomføringa av dette programmet er 127 millionar ECU for tidsrommet 1. januar 1997 til 31. desember 2000.

  3. 3.

    Dei årlege løyvingane skal godkjennast av budsjettstyresmakta innan ramma av dei finansielle overslaga.

Utferda i Brussel,

9. desember 1996.

For Rådet

B. HOWLIN

Formann

VEDLEGG

Tiltak som er nemnde i artikkel 2

A. Forenkle og betre dei administrative og lovgjevingsmessige vilkåra for føretakaA.1. Tryggje at det vert teke omsyn til interessene til SMF i ulike fellesskapsinitiativ og i fellesskapspolitikken på ulike område

Integrering av SMF-dimensjonen ved utforming av fellesskapspolitikken på ulike område. Fremjing av samordninga av fellesskapstiltak for SMF, slik at SMF kan ta del fullt ut i alle fellesskapstiltak og -program, medrekna strukturfonda og programma for forsking og teknologisk utvikling, internasjonalt samarbeid og miljøprogram. A.2. Forenkle og betre regelverket til Fellesskapet

Tiltak med sikte på å unngå og minske unaudsynlege administrative oppgåver og kostnader i samband med tilpassinga til regelverket til Fellesskapet som hindrar at føretak, særleg SMF, vert skipa og utvikla. Dette omfattar innføring av pragmatiske metodar for å vurdere verknadene av framlegg til nye reglar (medrekna bruk av eit system for å vurdere innverknaden på føretak og eventuelt nytte- og kostnadsanalysar), samråd med SMF om framlegg til nye reglar og overvaking av korleis retningslinjene til Kommisjonen for regelverkspolitikken vert gjennomførde. A.3. Betre oversikta over og spreiinga av best mogleg praksis for forenkling og betring av dei administrative og lovgjevingsmessige vilkåra

Spreiing av best mogleg praksis, særleg når det gjeld administrativ forenkling; fremjing av tiltak i samband med overføring av føretak og med klausular om eigedomsatterhald. A.4. Betre rammevilkåra for SMF som driv tverrnasjonal verksemd

Fremjing av utviklinga av alternative metodar for å løyse tverrnasjonale tvistar mellom føretak. Stimulering av føremålstenlege rettslege strukturar for tverrnasjonal verksemd som vert utførd av SMF, særleg bruken av Den europeiske økonomiske føretaksgruppa (REGIE-prosjektet). B. Betre dei økonomiske vilkåra for føretakB.1. Betre tilgangen til lån og risikokapital

Identifisering og spreiing av ny praksis med sikte på å gje SMF betre tilgang til finansiering (medrekna innbyrdes garantiordningar og rundebordskonferansen for bankar og SMF). B.2. Halde fram med innsatsen for å minske problema med for sein betaling

Snøggare oppfølging av tilrådinga i samband med for sein betaling og eventuelt framlegging av fleire tiltak; støtte til tiltak for å betre evna til økonomistyring hjå SMF. B.3. Lette utviklinga av særskilde finansieringsordningar

Identifisering og stimulering av dei beste særskilde finansieringsordningane som kan vere av interesse for SMF, særleg fordringsdiskontering og kredittforsikring. B.4. Stimulere utviklinga av og betre rammevilkåra for kapitalmarknader for SMF som er i snøgg vekst (medrekna EASDAQ)C. Hjelpe SMF til å europeisere og internasjonalisere strategiane sine, særleg gjennom betre opplysnings- og samarbeidstenesterC.1. Utvikle opplysningstenestene i Fellesskapet

Betre tilgang for føretaka til fellesskapsopplysningar: utvikling av nettet av euro-infosenter som førsteval ved innhenting av opplysningar, og frå desse kan førespurnader rettast vidare til den mest høvelege fellesskapstenesta, eventuelt etter avtale med dei nasjonale tenestene; betring av samansetnaden av nettet og kvaliteten på tenestene ved hjelp av meir målretta fellesskapstilskot; utbygging og styrking av den rolla informasjon skal ha på dei viktigaste tiltaksområda i Unionen; betre tilpassing av opplysningstenestene i Fellesskapet til dei krava føretaka har, særleg ved å utvikle eit partnarskap med dei eksisterande godkjende bransjeorganisasjonane og med dei netta for støtte til SMF som finst i medlemsstatane, medrekna handverksføretak. C.2. Betre fremjinga av politiske tiltak for SMF

Opplysningskampanjar i samarbeid med nettet av euro-infosenter; organisering av «europeiske føretaksveker». C.3. Fremje samarbeid mellom føretak ved hjelp av nett der det kan gjerast freistnad på å finne partnarar

Betring av kvaliteten på og fastsetjing av ein kvalitetsstandard for det konfidensielle nettet for søking etter føretakspartnarar (BC-NET) og det ikkje-konfidensielle nettet for søking etter føretakspartnarar (BCC), og freistnad på å finne andre effektive verkemiddel for å fremje samarbeid mellom føretak. C.4. Fremje direkte kontakt ved hjelp av partnarskapsprogram

Vidareutvikling av ordningar som gjer det mogleg med direkte kontakt mellom føretaksleiarar ( i Europartnarskaps- og Interprise-programmet). C.5. Utvikle partnarskap med underleverandørar

Utvikling av tiltak med sikte på å fremje tverrnasjonale underleveransar. C.6. Betre vilkåra for at SMF kan ta del i den indre marknaden

Oppmuntring til at handelshindringar vert fjerna. Gjere det lettare for SMF å inngå avtaler med det offentlege.

Betre tilgang til informasjonssamfunnet for SMF og handverksføretak. C.7. Betre tilgangen til nye marknader og auke internasjonaliseringa av SMF

Gransking av korleis SMF kan auke den tverrnasjonale verksemda si, både på den indre marknaden og på verdsmarknaden. D. Styrkje konkurranseevna til SMF og betre tilgangen deira til forsking, nyskaping og opplæringD.1. Auke potensialet for nyskaping hjå SMF

Identifisering av best mogleg praksis og utprøving av konkrete tilnærmingsmåtar ved hjelp av forsøkstiltak, særleg i samband med utvikling av føretak som har vekstpotensial og nyttar ny teknologi; stimulering til bruk av informasjonsteknologi hjå SMF gjennom utveksling av god praksis og gjennom betring av tiltak for å fremje tilgangen for SMF til eksisterande fellesskapsprogram. D.2. Betre leiareigenskapane

Støtte til å identifisere og prøve ut føremålstenlige tilnærmingsmåtar innan leiaropplæring gjennom utveksling av god praksis og gjennom betring av tiltak for å fremje tilgangen for SMF til eksisterande fellesskapsprogram. D.3. Tilpasse SMF til miljøkravaE. Fremje tiltakslysta og støtte målgrupperE.1. Føretakskultur og tiltakslyst

Oppmuntring til å utveksle best mogleg praksis, medrekna den praksisen som vert nytta av dei mest dynamiske føretaksleiarane. E.2. Handverksføretak, små og svært små føretak

  • gransking av det institusjonelle miljøet i små føretak og i handverksføretak,

  • iverksetjing av tiltak som gjer det mogleg for desse føretaka å tilpasse seg strukturelle endringar, å verte betre integrerte i den indre marknaden og å dra nytte av dei føremonene som denne marknaden gjev på område som standardisering, sertifisering, miljøstyring og kvalitetsstyring.

E.3. Handels- og distribusjonsføretak

Lettare tilpassing for handelsføretak til den indre marknaden og til strukturelle endringar, særleg ved hjelp av ny teknologi (Handel 2000). Fremjing av samarbeidet mellom SMF. Spreiing av resultata av forsøksprosjekt. Oppfølging av grønboka om handel og distribusjon. E.4. Kvinnelege og unge føretaksleiarar; føretak som vert leidde av personar frå vanskelegstilte grupper

Støtte til tiltak for å finne nyskapande løysingar etter at det er identifisert særskilde problem som gjeld:

  • kvinnelege og unge føretaksleiarar,

  • føretak som vert leidde av personar frå vanskelegstilte grupper.

F. Betre dei politiske verkemidla med omsyn til SMF

  • Samråd med dei organisasjonane som representerer SMF og handverksføretak på europeisk plan, når politikk som vedkjem SMF, skal vurderast og utarbeidast.

  • Betring av statistikkane over SMF utan at dette påfører føretaka meirarbeid; Det europeiske senteret for observasjon av SMF; granskingar; databank for politiske tiltak med omsyn til SMF.

  • Vurdering av eksisterande tiltak på grunnlag av effektivitetskriterium og utarbeiding av framlegg til nye fellesskapstiltak på område som vedkjem føretaka.

Fotnoter

1.

TEF nr. C 156 av 31.5.1996, s. 5.

2.

TEF nr. C 320 av 28.10.1996, s. 153.

3.

TEF nr. C 295 av 7.10.1996, s. 6.

4.

Fråsegn gjeven 19. september 1996 (enno ikkje offentleggjord i TEF).

5.

TEF nr. C 294 av 22.10.1994, s. 6.

6.

TEF nr. C 343 av 6.12.1994, s. 1.

7.

TEF nr. C 341 av 19.12.1995, s. 3.

8.

TEF nr. C 130 av 3.5.1996, s. 1.

9.

TEF nr. L 161 av 2.7.1993, s. 68.