1 Bakgrunn
Kongsberg Sølvverk har ein sentral plass i norsk historie. Det blei oppretta av Christian IV som kongeleg sølvverk i 1624 og var med enkelte opphald i drift heilt til det blei lagt ned i 1957. I dag er Sølvverket landets største museale gruveanlegg. Det underjordiske gruvesystemet består av fleire hundre sjakter, stollar og andre bergrom. Christian VIIs stoll er om lag 200 år gamal, og strekkjer seg 2,8 km inn i berget til Kongens gruve. Denne blir trafikkert av eit gruvetog med lokomotiv og opptil 14 vogner, kvar med plass til 8 personar, total kapasitet 112 personar. I underkant av 40 000 personar besøker kvart år gruvene med gruvetoget.
Kongsberg Sølvverk blir eigd av staten og blei av Riksantikvaren mellombels freda etter kulturminnelova i 1992. Forslag om permanent freding er til behandling i Miljøverndepartementet. Forvaltninga av kulturminnet er delegert til Norsk Bergverksmuseum som blei stifta i 1938 som bedriftsmuseum for Kongsberg Sølvverk og gjort om til ei sjølvstendig stifting 1. mars 1989.