2 Rehabilitering av gruvebanen
På grunnlag av ettersyn i Christian VIIs stoll og Kongens gruve la Kongsberg brann- og redningsteneste i januar 2001 fram ein brannteknisk erfaringsrapport som slo fast at brannrisikoen i samband med baneanlegget er svært høg. Museet tok saka opp med Kulturdepartementet i form av ein søknad om midlar til utbetring av baneanlegg og rullande materiell. Departementet vende seg til Norsk museumsutvikling som er statens rådgjevande organ i museumssaker og bad om ei vurdering. Norsk museumsutvikling engasjerte eit uavhengig konsulentfirma (Interconsult) med brei erfaring innanfor sikring. Også dette konsulentfirmaet konkluderte med at personrisikoen var svært høg. I rapporten heiter det mellom anna at:
»... personrisikoen er åpenbar høy, sannsynligvis den største katastroferisiko undertegnede har erfart i Norge.»
På bakgrunn av dette bad Kulturdepartementet 10. april i år Norsk Bergverksmuseum inntil vidare stenge gruvebanen for publikumstransport. Samstundes tok departementet initiativ til ei grundigare vurdering av tryggleiken og framtidig drift av banen. Denne vurderinga blei utført i eit samarbeid mellom museet, Jernbanetilsynet, Direktoratet for brann- og eksplosjonsvern og Interconsult. På grunnlag av dette arbeidet la Norsk museumsutvikling medio september 2001 fram eit forslag til sikring av gruvebanen som oppfyller krava til tryggleik frå dei involverte fagorgana. Forslaget har ei kostnadsramme på 18 mill. kroner, og omfattar innkjøp av lokomotiv og ombygging av vogner.
Ei snarleg gjenopning av museumsbanen er sterkt ønskeleg av fleire grunnar. Det dreier seg om eit historisk viktig kulturminne som i fleire tiår har hatt eit stort årleg besøkstall. For Norsk Bergverksmuseum inneber stenginga både økonomiske og formidlingsmessige vanskar. Dessutan fryktar ein negative konsekvensar for reiselivsnæringa i regionen dersom ein ikkje lenger kan marknadsføre denne attraksjonen.