3 Forslag til løysing
Norsk Bergverksmuseum får ansvaret for å gjennomføre nødvendig sikrings- og utbetringsarbeid. Ein tek sikte på å opne banen sommarsesongen 2002. For ikkje å miste tid, vil det vere nødvendig å stille midlar til vidare prosjektering av transportløysinga og nødvendige sikringstiltak til disposisjon for museet allereie i 2001. Nye lokomotiv har ca. eit halvt års leveringstid. Dersom ein skal ta gruvebanen i bruk sommarsesongen 2002, må desse tingast i 2001.
Dei nødvendige sikringstiltaka for å gjenopne gruvebanen på Kongsberg er kalkulert til 18 mill. kroner. Regjeringa foreslår at det blir løyvd 6 mill. kroner på inneverande års budsjett, og at det blir gjeve ein tilsegnsfullmakt på 12 mill. kroner til vidare gjennomføring av sikringsprosjektet.
Etter at prosjekteringa er fullført vil det bli fremja ein ny proposisjon for Stortinget så tidleg som mogleg i 2002.