5 Verknader på budsjettet
Departementet tilrår at Statkraft vert tilført 6 mrd. kroner i innskotskapital. På bakgrunn av dette vert det foreslått å løyve 6 mrd. kroner over kap. 1860 Statsføretak under Olje- og energidepartementet, post 90 Innskotskapital. Forslaget inneber at staten sin innskotskapital i Statkraft aukar frå 19,25 mrd. kroner til 25,25 mrd. kroner.
Vidare ber ein om at Stortinget gjev Olje- og energidepartementet fullmakt til å auke låne- og garantiramma til Statkraft med inntil 10 mrd. kronar, frå 42,5 mrd. kroner til 52,5 mrd. kroner, jf. forslag til vedtak II.