2 Europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 1672/2006/EF av 24. oktober 2006 om skiping av eit fellesskapsprogram for sysselsetjing og sosial solidaritet — Progress
EUROPAPARLAMENTET OG RÅDET FOR DEN EUROPEISKE UNIONEN HAR —
med tilvising til traktaten om skipinga av Det europeiske fellesskapet, særleg artikkel 13 nr. 2, artikkel 129 og artikkel 137 nr. 2 bokstav a),
med tilvising til framlegget frå Kommisjonen,
med tilvising til fråsegna frå Det europeiske økonomi- og sosialutvalet 1 ,
med tilvising til fråsegna frå Regionutvalet 2 ,
etter den framgangsmåten som er fastsett i artikkel 251 i traktaten 3 , og
ut frå desse synsmåtane:
Det europeiske rådet i Lisboa 23.–24. mars 2000 tok med fremjing av sysselsetjing og sosial integrasjon som ein integrert del av den overordna strategien til Unionen med sikte på å nå det strategiske målet for det neste tiåret om å verte den mest konkurransedyktige og dynamiske kunnskapsbaserte økonomien i verda, og verte i stand til å skape berekraftig økonomisk vekst med fleire og betre arbeidsplassar og større sosial utjamning. Det vart fastsett ambisiøse mål med sikte på at unionen igjen skal stette krava til full sysselsetjing, betre kvaliteten og produktiviteten i arbeidslivet og fremje sosial utjamning og ein inkluderande arbeidsmarknad. Vidare vart strategien nok ein gong eit sentralt emne på møtet til Det europeiske rådet i Brussel 22.-23. mars 2005.
I tråd med den uttrykkjelege planen til Kommisjonen om å konsolidere og rasjonalisere finansieringsordningane til fellesskapet, bør det ved denne avgjerda skipast eitt einskilt einskapleg program der det vert fastsett ei vidareføring og utvikling av dei verksemdene som er sette i verk på grunnlag av rådsbeslutning av 27. november 2000 om fastsettelse av Fellesskapets handlingsprogram til bekjempelse av forskjellsbehandling (2001-2006) 4 , rådsvedtak av 20. desember 2000 om iverksetting av et fellesskapshandlingsprogram med hensyn til Fellesskapets strategi for likestilling mellom kvinner og menn (2001-2005) 5 og europaparlaments- og rådsbeslutning nr. 50/2002/EF av 7. desember 2001 om iverksetting av Fellesskapets handlingsprogram for å fremme samarbeid mellom medlemsstatene om bekjempelse av sosial utstøting 6 , avgjerd nr. 1145/2002/EF av 10. juni 2002 om fellesskapstiltak for å stimulere sysselsetjinga 7 og nr. 848/2004/EF 8 av 29. april 2004 om skiping av eit fellesskapshandlingsprogram for å fremje organisasjonar som driv verksemd på europeisk plan på området likestilling mellom kvinner og menn, i tillegg til dei verksemdene som er gjennomførde på fellesskapsplan når det gjeld arbeidsvilkår.
Under det ekstraordinære møtet til Det europeiske rådet i Luxembourg 20.-21. november 1997 om sysselsetjing vart den europeiske strategien for sysselsetjing lagt fram for å samordne sysselsetjingspolitikken til medlemsstatane på grunnlag av felles vedtekne retningslinjer og tilrådingar. Den europeiske strategien for sysselsetjing er no den viktigaste ordninga på europeisk plan for gjennomføring av sysselsetjings- og arbeidsmarknadsmåla til Lisboa-strategien.
Det europeiske rådet i Lisboa konkluderte med at talet på menneske som lever under fattigdomsgrensa og som er sosialt utstøytte i EU, er uakseptabelt, og fant det difor naudsynt å gjere ein vesentleg innsats for å utrydde fattigdom ved å fastsetje høvelege mål. Desse måla vart vedtekne av Det europeiske rådet i Nice 7.-9. desember 2000. Det var òg semje om at politikk for å motkjempe sosial utstøyting bør byggje på den opne samordningsmetoden, som kombinerer nasjonale handlingsplanar og eit initiativ frå Kommisjonen med omsyn til samarbeid.
Demografiske endringar er på lang sikt ei stor utfordring for evna til sosialomsorgssystema til å syte for tilstrekkelege pensjonar og helsetenester og langtidshelsepleie av høg kvalitet som er tilgjengelege for alle og som kan finansierast på lang sikt. Det er viktig å fremje politikk som kan føre til både tilstrekkeleg sosialomsorg og berekraftige sosialomsorgssystem. Det europeiske rådet i Lisboa har fastslått at samarbeid på dette området skal byggjast på den opne samordningsmetoden.
Det bør leggjast vekt på den særskilde situasjonen til innvandrarar i denne samanhengen og på kor viktig det er å gjere tiltak for å gjere svart arbeid om til lovleg sysselsetjing.
Å sikre minstestandardar og ei vedvarande betring av arbeidsvilkåra i EU er ein sentral del av europeisk sosialpolitikk og eit viktig overordna mål i Den europeiske unionen. Fellesskapet spelar ei viktig rolle med omsyn til å støtte og utfylle verksemdene til medlemsstatane på områda helse og tryggleik for arbeidstakarar, arbeidsvilkår, medrekna kravet om å kunne kombinere arbeid og familieliv, vern av arbeidstakarar når arbeidskontrakta deira vert avslutta, informasjon, samråd med og deltaking av arbeidstakarar og representasjon og kollektivt forsvar av interessane til arbeidstakarar og arbeidsgjevarar.
Lik handsaming er eit grunnleggjande prinsipp i Den europeiske unionen. I artikkel 13 i traktaten er det fastsett tiltak for å motkjempe skilnadshandsaming på grunnlag av kjønn, rase eller etnisk opphav, religion eller tru, funksjonshemming, alder eller seksuell legning. Lik handsaming er òg forankra i artikkel 21 i Pakta til Den europeiske unionen om grunnleggjande rettar. Det bør takast omsyn til dei særskilte kjenneteikna ved ulike typar skilnadshandsaming og det bør parallelt utarbeidast høvelege tiltak for å førebyggje og motkjempe éin eller fleire formar for skilnadshandsaming. Ved vurdering av kor tilgjengeleg programmet er og resultata av det, bør det difor takast omsyn til dei særskilte krava til funksjonshemma med omsyn til å sikre dei full og lik tilgang til dei verksemdene som vert finansierte av dette programmet, og resultata og vurderinga av desse verksemdene, medrekna kompensasjon for dei tilleggskostnadene dei har på grunn av funksjonshemminga si. Røynsler som er samla etter mange år med motkjemping av visse former for skilnadshandsaming, medrekna skilnadshandsaming på grunnlag av kjønn, kan verte nyttig vet motkjemping av andre typar skilnadshandsaming.
På grunnlag av artikkel 13 i traktaten har Rådet vedteke følgjande direktiv: 2000/43/EF av 29. juni 2000 om gjennomføring av prinsippet om likebehandling uansett rase eller etnisk opprinnelse 9 , som forbyr skilnadshandsaming på grunn av rase eller etnisk opphav mellom anna innanfor sysselsetjing, yrkesopplæring, utdanning, varer og tenester og sosialomsorg, direktiv 2000/78/EF av 27. november 2000 om fastsettelse av en generell ramme for likebehandling ved ansettelse og i arbeidsforhold 10 , som forbyr skilnadshandsaming på grunn av religion eller tru, funksjonshemming, alder og seksuell legning, og direktiv 2004/113/EF av 13. desember 2004 om gjennomføring av prinsippet om likebehandling av kvinner og menn når det gjelder tilgang til og levering av varer og tjenester 11 .
I medhald av artikkel 2 og 3 i traktaten er lik handsaming av menn og kvinner eit grunnleggjande prinsipp i fellesskapsretten. Dei direktiva og andre rettsakter som er vedtekne på grunnlag av dette prinsippet, spelar ei viktig rolle med omsyn til betring av situasjonen til kvinnene innanfor EU. Røynslene frå tiltak på fellesskapsplan har vist at å fremje likestilling mellom kjønna i fellesskapspolitikken og motkjempe skilnadshandsaming i praksis krev ein kombinasjon av verkemiddel, medrekna lovgjeving, støtteordningar og integrering av likestillingsaspektet, som er utforma for å utfylle kvarandre. I samsvar med prinsippet om likestilling mellom menn og kvinner bør integrering av likestillingsaspektet fremjast i alle delar av og verksemder i programmet.
Mange ikkje-statlege organisasjonar (NGOar) som har verksemd på ulike plan, kan medverke vesentleg på europeisk plan gjennom viktige nett som medverkar til endringar i dei politiske retningslinjene med omsyn til dei allmenne måla til programmet.
Ettersom måla for denne avgjerda ikkje kan nåast i tilstrekkeleg grad av medlemsstatane, m.a. fordi det trengst utveksling av informasjon på europeisk plan og spreiing av god praksis i heile Fellesskapet, og difor, på grunn av den fleirnasjonale dimensjonen ved innsatsen og tiltaka i programmet, betre kan nåast på fellesskapsplan, kan Fellesskapet vedta tiltak i samsvar med nærleiksprinsippet, slik det er fastsett i artikkel 5 i traktaten. I samsvar med prinsippet om rimeleg samhøve, slik det er fastsett i den nemnde artikkelen, går ikkje denne avgjerda lenger enn det som er naudsynt for å nå desse måla.
I denne avgjerda er det for heile det tidsrommet som programmet varer, fastsett ei finansiell ramme som utgjer det viktigaste referansegrunnlaget for budsjettstyresmakta ved den årlege budsjetthandsaminga, slik det er definert i nr. 37 i den tverrinstitusjonelle avtala av 17. mai 2006 mellom Europaparlamentet, Rådet og Kommisjonen om budsjettdisiplin og god økonomistyring 12 .
Dei tiltaka som er naudsynte for å gjennomføre denne avgjerda, bør vedtakast i samsvar med rådsbeslutning 1999/468/EF av 28. juni 1999 om fastsettelse av nærmere regler for utøvelsen av den gjennomføringsmyndighet som er tillagt Kommisjonen 13 .
Ettersom programmet er delt inn i fem delar, kan medlemsstatane fastsetje at dei nasjonale representantane skal bytast ut i høve til kva emne som vert handsama av det utvalet som skal hjelpe Kommisjonen —
TEKE DENNE AVGJERDA:
Artikkel 1
Skiping av og tidsrommet for programmet
I denne avgjerda er det fastsett eit fellesskapsprogram for sysselsetjing og sosial solidaritet — Progress (programmet) for å yte finansiell støtte til gjennomføring av dei måla til Den europeiske unionen på områda sysselsetjing og sosiale spørsmål som er fastsette i kommisjonsmeldinga om den sosiale dagsordenen, og på den måten medverke til å nå dei måla som er fastsette i Lisboa-strategien på desse områda.
Programmet skal gjelde frå 1. januar 2007-31. desember 2013.
Artikkel 2
Allmenne mål
Programmet har følgjande allmenne mål:
betre kunnskapen og forståinga av situasjonen i medlemsstatane og i andre statar som tek del, gjennom analyse, vurdering og nøye overvaking av politikken,
støtte utviklinga av statistiske verktøy og metodar og felles indikatorar, om mogleg fordelt på kjønn og aldersgruppe, på dei områda som programmet omfattar,
støtte og overvake gjennomføringa av fellesskapsretten når han vert nytta, og dei politiske måla til Fellesskapet i medlemsstatane, og vurdere effektiviteten og verknaden av dei,
fremje skipinga av nett, ymsesidig læring, identifisering og spreiing av god praksis og nyskapande metodar på europeisk plan,
auke medvitet hjå aktørar og ålmenta om politikken og måla til Fellesskapet under kvar av dei fem delane,
stimulere kapasiteten til viktige nett på europeisk plan for å fremje, støtte og utvikle vidare politikken og måla til Fellesskapet, der det er relevant.
Integrering av likestillingsaspektet skal fremjast i alle delar av og i alle verksemder under programmet.
Dei resultata som vert oppnådde i dei ulike delane og verksemdene i programmet, skal eventuelt spreiast til dei som det gjeld og ålmenta. Kommisjonen skal eventuelt utveksle synspunkt med dei viktigaste aktørane.
Artikkel 3
Strukturen til programmet
Programmet skal delast inn i følgjande fem delar:
sysselsetjing,
sosialomsorg og sosial integrasjon,
arbeidsvilkår,
lik handsaming og mangfald,
likestilling mellom kvinner og menn.
Artikkel 4
Del 1: Sysselsetjing
Del 1 skal støtte gjennomføringa av den europeiske strategien for sysselsetjing (ESS) ved:
å betre forståinga av sysselsetjingssituasjonen og -perspektiva, særleg gjennom analysar og undersøkingar og utarbeiding av statistikkar og felles indikatorar innanfor ramma av den europeiske strategien for sysselsetjing,
å overvake og vurdere gjennomføringa av dei europeiske retningslinjene og tilrådingane for sysselsetjing og verknaden av dei, særleg gjennom den felles sysselsetjingsrapporten, og analysere samspelet mellom den europeiske strategien for sysselsetjing og allmenn økonomisk og sosial politikk og andre politikkområde,
å organisere utveksling av politikk, god praksis og nyskapande metodar, og fremje ymsesidig læring i samband med den europeiske strategien for sysselsetjing,
å auke medvitet, spreie opplysningar og fremje ordskifte om sysselsetjingsutfordringar og –politikk og gjennomføring av nasjonale reformprogram, medrekna hjå partane i arbeidslivet, regionale og lokale aktørar og andre aktørar.
Artikkel 5
Del 2: Sosialomsorg og sosial integrasjon
Del 2 skal støtte gjennomføringa av den opne framgangsmåten for samordning på området sosialomsorg og sosial integrasjon:
auke kunnskapen om spørsmål rundt sosial utstøyting og fattigdom og politikk på områda sosialomsorg og sosial integrasjon, særleg gjennom analysar og undersøkingar og utarbeiding av statistikk og felles indikatorar innanfor ramma av den opne framgangsmåten for samordning på området sosialomsorg og sosial integrasjon,
overvake og vurdere gjennomføringa av den opne framgangsmåten for samordning på området sosialomsorg og sosial integrasjon og verknaden av han på nasjonalt plan og fellesskapsplan, i tillegg til å analysere samspelet mellom den opne framgangsmåten for samordning og andre politikkområde,
organisere utveksling av politikk, god praksis og nyskapande metodar, og fremje ymsesidig læring i samband med den europeiske strategien for sosialomsorg og sosial integrasjon,
auke medvitet, spreie opplysningar og fremje ordskiftet om dei viktigaste utfordringane og politiske spørsmåla som kjem opp i samband med Fellesskapet sin framgangsmåte for samordning på området sosialomsorg og sosial integrasjon, medrekna hjå partane i arbeidslivet, regionale og lokale aktørar, ikkje-statlege organisasjonar og andre aktørar,
utvikle kapasiteten til viktige nett på europeisk plan for å fremje og utvikle vidare dei politiske måla og strategiane til Fellesskapet på området likestilling mellom kvinner og menn.
Artikkel 6
Del 3: Arbeidsvilkår
Del 3 skal støtte betringa av arbeidsmiljøet og arbeidsvilkåra, medrekna helse og tryggleik på arbeidsplassen og kombinering av arbeid og familieliv, ved å:
auke kunnskapen om arbeidsvilkår, særleg gjennom analysar og undersøkingar og eventuelt utarbeiding av statistikk og felles indikatorar, i tillegg til å vurdere effektiviteten til og verknadene av eksisterande regelverk, politikk og praksis,
støtte gjennomføringa av arbeidsretten til Fellesskapet gjennom effektiv overvaking, gjennomføre seminar for dei som arbeider på området, utarbeide rettleiingar og nett mellom spesialiserte organ, medrekna partane i arbeidslivet,
setje i verk førebyggjande tiltak og fremje ein kultur for førebygging på området helse og tryggleik på arbeidsplassen,
auke medvitet, spreie opplysningar og fremje ordskiftet om dei viktigaste utfordringane og politiske spørsmåla i samband med arbeidsvilkår, medrekna hjå partane i arbeidslivet og andre aktørar.
Artikkel 7
Del 4: Lik handsaming og mangfald
Del 4 skal støtte ei effektiv gjennomføring av prinsippet om lik handsaming og fremje integreringa av dette i all fellesskapspolitikk ved å:
auke kunnskapen om skilnadshandsaming, særleg gjennom analysar og undersøkingar og eventuelt utarbeiding av statistikk og felles indikatorar, i tillegg til vurdering av effektiviteten til og verknadene av eksisterande regelverk, politikk og praksis,
støtte gjennomføringa av fellesskapsregelverket for lik handsaming gjennom effektiv overvaking, gjennomføring av seminar for dei som arbeider på området, utarbeiding av rettleiingar og nett mellom spesialiserte organ som arbeider med lik handsaming,
auke medvitet, spreie opplysningar og fremje ordskiftet om dei viktigaste utfordringane og politiske spørsmåla i samband med skilnadshandsaming og integreringa av lik handsaming i all fellesskapspolitikk, medrekna hjå partane i arbeidslivet, ikkje-statlege organisasjonar og andre aktørar,
utvikle kapasiteten til viktige nett på europeisk plan for å fremje og utvikle vidare dei politiske måla og strategiane til Fellesskapet på området motkjemping av skilnadshandsaming.
Artikkel 8
Del 5: Likestilling mellom kvinner og menn
Del 5 skal støtte ei effektiv gjennomføring av prinsippet om likestilling mellom kvinner og menn og fremje integrering av likestillingsaspektet i all fellesskapspolitikk ved å:
auke kunnskapen når det gjeld spørsmål om likestilling mellom kvinner og menn og integrering av likestillingsaspektet, særleg gjennom analysar og undersøkingar og utarbeiding av statistikk og eventuelt indikatorar, i tillegg til å vurdere effektiviteten til og verknadene av eksisterande regelverk, politikk og praksis,
støtte gjennomføringa av regelverket til Fellesskapet om likestilling mellom kvinner og menn gjennom effektiv overvaking, gjennomføring av seminar for dei som arbeider på området og skiping av nett mellom organ som er spesialiserte innanfor likestilling,
auke medvitet, spreie opplysningar og fremje ordskiftet om dei viktigaste utfordringane og politiske spørsmåla i samband med likestilling mellom kvinner og menn og integrering av likestillingsaspektet, medrekna hjå partane i arbeidslivet, ikkje-statlege organisasjonar og andre aktørar,
utvikle kapasiteten til viktige nett på europeisk plan for å fremje og utvikle vidare dei politiske måla og strategiane til Fellesskapet på området likestilling mellom kvinner og menn.
Artikkel 9
Typar tiltak
Programmet skal finansiere følgjande typar tiltak, som eventuelt kan gjennomførast innanfor ei tverrnasjonal ramme:
Analysar:
innsamling, utvikling og spreiing av data og statistikk,
utvikling og spreiing av felles metodar og eventuelt indikatorar eller referansemål,
gjennomføring av undersøkingar, analysar og rundspørjingar og spreiing av resultata frå dei,
gjennomføring av vurderingar og konsekvensanalysar og spreiing av resultata frå dei,
utarbeiding og offentleggjering av rettleiingar, rapportar og undervisningsmateriell via Internett eller andre medium.
Ymsesidig læring, medvitsauking og formidlingsverksemd:
fastlegging og utveksling av god praksis, nyskapande metodar og røynsler og tilrettelegging av fagfellevurderingar og ymsesidig læring ved hjelp av møte/arbeidsgrupper/seminar på europeisk, tverrnasjonalt eller nasjonalt plan, samstundes som det om mogleg vert teke omsyn til særskilde nasjonale tilhøve,
tilrettelegging av formannskapskonferansar/seminar,
organisering av konferansar/seminar til støtte for utvikling og gjennomføring av fellesskapsretten og dei politiske måla til Fellesskapet,
tilrettelegging av mediekampanjar og –tilskipingar,
samling og offentleggjering av materiell med sikte på å spreiie informasjon om og resultat av programmet.
Støtte til hovudaktørar:
støtte til driftskostnadene til dei viktige netta på europeisk plan som driv verksemd som er knytt til gjennomføring av måla i programmet,
skiping av arbeidsgrupper med nasjonale tenestemenn for å overvake gjennomføringa av fellesskapsretten,
finansiering av spesialiserte seminar som er retta mot dei som arbeider på området, viktige tenestemenn og andre relevante aktørar,
skiping av nettverk mellom spesialiserte organ på europeisk plan,
finansiering av nettverk mellom sakkunnige,
finansiering av senter for observasjon på europeisk plan,
utveksling av personell mellom nasjonale forvaltingar,
samarbeid med nasjonale institusjonar.
Dei verksemdene som er fastsette i nr. 1 bokstav b), skal ha ein sterk europeisk dimensjon, ha eit høveleg omfang for å sikre ein reell europeisk meirverdi og gjennomførast av nasjonale, regionale eller lokale styresmakter, spesialiserte organ som er skipa i medhald av fellesskapsretten eller aktørar som vert rekna som hovudaktørar på området sitt.
Tiltak for førebuing og gjennomføring av europeiske år skal ikkje finansierast gjennom programmet.
Artikkel 10
Tilgang til programmet
Programmet skal vere ope for deltaking for alle offentlege og/eller private organ, aktørar og institusjonar, særleg:
medlemsstatar,
offentlege arbeidsformidlingar og kontora deira,
lokale og regionale styresmakter,
spesialiserte organ som er skipa i medhald av fellesskapsretten,
partane i arbeidslivet,
ikkje-statlege organisasjonar, særleg dei som er organiserte på europeisk plan,
institusjonar for høgare utdanning og forskingsinstitutt,
sakkunnige innan vurdering,
nasjonale statistiske kontor,
media.
Kommisjonen kan òg ta direkte del i programmet når det gjeld dei verksemdene som er fastsette i artikkel 9 nr. 1 bokstav a) og b).
Artikkel 11
Framgangsmåte for søknad om støtte
Verksemder av den typen som er nemnd i artikkel 9, kan finansierast ved:
ei avtale om tenesteyting etter ei tilbodsinnbyding der framgangsmåtane til Eurostat skal nyttast i samarbeidet med nasjonale statistiske kontor,
ein delvis støtte etter ei innbyding til framlegg der samfinansieringa frå Fellesskapet som ein hovudregel ikkje skal overstige 80 % av dei samla utgiftene til mottakaren. All finansiell støtte som overstig dette taket, kan berre tildelast i særskilde høve og etter nøye undersøking.
Verksemder av den typen som er nemnd i artikkel 9 nr. 1, kan få finansiell støtte på grunnlag av søknader frå til dømes medlemsstatar, i samsvar med dei relevante føresegnene i rådsforordning (EF, Euratom) nr. 1605/2002 av 25. juni 2002 om finansreglementet som får anvendelse på De europeiske fellesskaps alminnelige budsjett 14 , særleg artikkel 110, og Kommisjonsforordning (EF, Euratom) nr. 2342/2002 av 23. desember 2002 om fastsettelse av nærmere regler for gjennomføring av rådsforordning (EF) nr. 1605/2002 om finansreglementet som får anvendelse på De europeiske fellesskaps alminnelige budsjett 15 , særleg artikkel 168.
Artikkel 12
Gjennomføringsføresegner
Dei tiltaka som er naudsynte for å gjennomføre denne avgjerda når det gjeld følgjande saker, skal vedtakast etter den framgangsmåten som er nemnd i artikkel 13 nr. 2:
dei overordna retningslinjene for gjennomføringa av programmet,
den årlege arbeidsplanen for gjennomføring av programmet, delt inn i ulike delar,
finansiell støtte frå Fellesskapet,
det årlege budsjettet, med atterhald for artikkel 17,
framgangsmåtane for utveljing av tiltak som skal få støtte frå Fellesskapet og Kommisjonen sitt utkast til liste over tiltak som skal få slik støtte,
kriteria for å vurdere programmet, medrekna dei som er knytte til kostnadseffektivitet og ordningar for spreiing og overføring av resultat.
Dei tiltaka som er naudsynte for å gjennomføre denne avgjerda med omsyn til alle andre saker enn dei som er førde opp i nr. 1 i denne artikkelen, skal vedtakast etter den framgangsmåten som er nemnd i artikkel 13 nr. 3.
Artikkel 13
Utval
Kommisjonen skal få hjelp av eit utval.
Når det vert vist til dette nummeret, skal artikkel 4 og 7 i avgjerd 1999/468/EF nyttast, samstundes som det vert teke omsyn til føresegnene i artikkel 8 i den nemnde avgjerda.
Tidsrommet som er fastsett i artikkel 4 nr. 3 i avgjerd 1999/468/EF, skal vere to månader.
Når det vert vist til dette nummeret, skal artikkel 3 og 7 i avgjerd 1999/468/EF nyttast, samstundes som det vert teke omsyn til føresegnene i artikkel 8 i den nemnde avgjerda.
Utvalet fastset møteføresegnene sine.
Artikkel 14
Samarbeid med andre utval
Kommisjonen skal skape den kontakten som er naudsynt med Utvalet for sosial tryggleik og Sysselsetjingsutvalet for å sikre at dei vert jamleg og høveleg informerte om gjennomføringa av dei verksemdene som er nemnde i denne avgjerda.
Kommisjonen skal òg informere andre relevante utval om kva tiltak som vert gjorde innanfor dei fem delane av programmet.
Kommisjonen skal om naudsynt skipe eit jamleg og strukturert samarbeid mellom det utvalet som er nemnt i artikkel 13 og dei overvakingsutvala som er skipa for andre relevante politikkområde, ordningar og tiltak.
Artikkel 15
Samanheng og komplementaritet
Kommisjonen skal i samarbeid med medlemsstatane sikre at det er overordna samanheng og komplementaritet med annan EU- og fellesskapspolitikk og andre EU- og fellesskapsordningar og -tiltak, særleg ved å innføre høvelege ordningar for samordning av verksemdene i programmet med relevante verksemder innanfor forsking, justis- og innanrikssaker, kultur, utdanning, opplæring og ungdomspolitikk, og på områda utviding og Fellesskapet sitt samband med tredjestatar, og med regionalpolitikk og allmenn økonomisk politikk. Det skal leggjast særleg vekt på mogleg samverknad mellom dette programmet og program innanfor utdanning og opplæring.
Kommisjonen og medlemsstatane skal sikre samanheng og komplementaritet og at det ikkje vert overlapping med verksemder innanfor programmet og andre relevante EU- og fellesskapstiltak, særleg innanfor strukturfonda, spesielt Det europeiske sosialfondet.
Kommisjonen skal sikre at utgifter som vert dekte av og førde opp på programmet, ikkje vert førde opp på ein annan finansieringsordning frå Fellesskapet.
Kommisjonen skal jamleg melde frå til det utvalet som er nemnt i artikkel 13, om andre fellesskapstiltak som medverkar til å nå dei måla som er fastsette i Lisboa-strategien på området den sosiale dagsordenen.
Medlemsstatane skal gjere alt dei kan for å sikre samanheng og komplementaritet mellom verksemder innanfor ramma av programmet og verksemder som vert gjennomførde på nasjonalt, regionalt og lokalt plan.
Artikkel 16
Deltaking for tredjestatar
Programmet er ope for deltaking for
EFTA-EØS-statane i samsvar med dei vilkåra som er fastsette i EØS-avtala,
kandidat- og søkjarstatane som har inngått assosieringsavtaler med Den europeiske unionen, i tillegg til statane på Vest-Balkan som inngår i stabiliserings- og assosieringsprosessen.
Artikkel 17
Finansiering
Den finansielle ramma for gjennomføring av dei fellesskapsverksemdene som er nemnde i denne avgjerda i tidsrommet frå 1. januar 2007 til 31. desember 2013, er fastsett til 743 250 000 euro.
I løpet av heile det tidsrommet som programmet varer, skal den finansielle fordelinga mellom dei ulike delane stette følgjande nedre grenser:
Del 1 Sysselsetjing 23 % Del 2 Sosialomsorg og sosial integrasjon 30 % Del 3 Arbeidsvilkår 10 % Del 4 Lik handsaming og mangfald 23 % Del 5 Likestilling mellom kvinner og menn. 12 % Høgst 2 % av den finansielle ramma skal gå til gjennomføringa av programmet for å dekkje til dømes utgiftene i samband med verksemda til det utvalet som er nemnt i artikkel 13, eller dei vurderingane som er gjorde i medhald av artikkel 19.
Dei årlege løyvingane skal godkjennast av budsjettstyresmakta innanfor ramma av dei finansielle overslaga.
Kommisjonen kan nytte seg av teknisk og/eller administrativ hjelp som er til felles nytte både for Kommisjonen og støttemottakarane, i tillegg til å bere utgiftene til dette.
Artikkel 18
Vern av dei økonomiske interessene til Fellesskapet
Kommisjonen skal ved gjennomføringa av tiltak som vert finansierte i samsvar med denne avgjerda, sikre at dei økonomiske interessene til Fellesskapet vert verna ved bruk av førebyggjande tiltak mot svik, korrupsjon og anna ulovleg verksemd, ved effektiv kontroll og tilbakebetaling av midlar som er utbetalte på urettkome vis og, dersom det vert oppdaga avvik, ved sanksjonar som er verknadsfulle, svarar til brotet og hindrar nye brot, i samsvar med rådsforordning (EF, Euratom) nr. 2988/95 av 18. desember 1995 om beskyttelse av De europeiske fellesskaps økonomiske interesser 16 og (EF, Euratom) nr. 2185/96 av 11. november 1996 om kontroll og inspeksjon på stedet som foretas av Kommisjonen for å verne De europeiske fellesskaps økonomiske interesser mot bedrageri og andre uregelmessigheter 17 og med europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 1073/1999 av 25. mai 1999 om undersøkelser som foretas av Det europeiske kontor for bedrageribekjempelse (OLAF) 18 .
Når det gjeld fellesskapstiltak som vert finansierte i medhald av denne avgjerda, tyder avvik slik det er nemnt i artikkel 1 nr. 2 i rådsforordning (EF, Euratom) nr. 2988/95 om beskyttelse av Det europeiske fellesskaps økonomiske interesser alle brot på ei føresegn i fellesskapsretten eller alle brot på ei avtaleplikt som følgjer av ei handling eller forsømming frå eit rettssubjekt si side, som skadar eller kan skade det allmenne budsjettet til Den europeiske unionen eller andre budsjett som Unionen forvaltar, som følgje av ei utilbørleg utgift.
Kontraktar og avtaler og avtaler med deltakande tredjestatar som følgjer av denne avgjerda, skal særleg innehalde føresegner om overvaking og finansiell kontroll som skal gjennomførast av Kommisjonen (eller ein representant som har fått fullmakt av Kommisjonen), og om revisjon som Revisjonsretten skal utføre, om naudsynt på staden.
Artikkel 19
Overvaking og vurdering
For å sikre jamleg overvaking av programmet og gjere eventuelle naudsynte justeringar mogleg, skal Kommisjonen utarbeide årlege verksemdsrapportar som legg vekt på resultata av programmet, og sende dei over til Europaparlamentet og det utvalet som er nemnt i artikkel 13.
Dei ulike delane av programmet skal òg gjennomgå ei midtvegsvurdering som vil gje eit overblikk over heile programmet for å måle framgangen med omsyn til stetting av måla i programmet, effektiviten i bruken av ressursar og den europeiske meirverdien. Denne vurderinga kan utfyllast av løpande vurderingar. Desse skal gjennomførast av Kommisjonen med hjelp av sakkunnige utanfrå. Når dei vert tilgjengelege skal det gjerast greie for resultata i verksemdsrapportane som er nemnde i nr. 1.
Innan 31. desember 2015 skal Kommisjonen med hjelp frå sakkunnige utanfrå utarbeide ein sluttvurderingsrapport som dekkjer heile programmet, med sikte på å måle verknaden av måla i programmet og den europeiske tilleggsverdien. Kommisjonen skal leggje fram denne vurderinga frå dei sakkunnige for Europaparlamentet, Rådet, Det europeiske økonomi- og sosialutvalet og Regionutvalet.
Gjennomføringa av dei individuelle delane av programmet, medrekna framlegginga av resultata og ordskiftet om framtidige prioriteringar skal òg drøftast innan ramma av forumet for gjennomføringa av den sosiale dagsordenen.
Artikkel 20
Iverksetjing
Denne avgjerda tek til å gjelde den 20. dagen etter at ho er kunngjord i Tidend for Den europeiske unionen .
Utferda i Strasbourg, 24. oktober 2006.
For Europaparlamentet
Formann
J. BORRELL FONTELLES
For Rådet
Formann
P. LEHTOMÄKI
Fotnoter
TEU C 255 av 14.10.2005, s. 67.
TEU C 164 av 5.7.2005, s. 48.
Fråsegn frå Europaparlamentet av 6. september 2005 (TEU C 193 E av 17.8.2006, s. 99), felles haldning frå Rådet av 18. juli 2006 (TEU C 238 E av 3.10.2006, s. 31) og haldning frå Europaparlamentet av 27. september 2006 (enno ikkje offentleggjord i TEU).
TEF L 303 av 2.12.2000, s. 23.
TEF L 17 av 19.1.2001, s. 22. Vedtaket endra ved vedtak nr. 1554/2005/EF (TEU L 255 av 30.9.2005, s. 9).
TEF L 10 av 12.1.2002, s. 1. Avgjerda sist endra ved avgjerd nr. 786/2004/EF (TEU L 138 av 30.4.2004, s. 7).
TEF L 170 av 29.6.2002, s. 1. Avgjerda endra ved avgjerd nr. 786/2004/EF.
TEU L 157 av 30.4.2004, s. 18. Avgjerda endra ved vedtak nr. 1554/2005/EF.
TEF L 180 av 19.7.2000, s. 22.
TEF L 303 av 2.12.2000, s. 16.
TEU L 373 av 21.12.2004, s. 37.
TEU C 139 av 14.6.2006, s. 1.
TEF L 184 av 17.7.1999, s. 23. Avgjerda endra ved avgjerd 2006/512/EF (TEU L 200 av 22.7.2006, s. 11).
TEF L 248 av 16.9.2002, s. 1.
TEF L 357 av 31.12.2002, s. 1. Forordninga sist endra ved forordning (EF, Euratom) nr. 1248/2006 (TEU L 227 av 19.8.2006, s. 3).
TEF L 312 av 23.12.1995, s. 1.
TEF L 292 av 15.11.1996, s. 2.
TEF L 136 av 31.5.1999, s. 1.