2 Bakgrunn
Etter hendingane 11. september 2001 vart det vurdert fleire tiltak for å møte trugsmålet frå terrorisme, mellom anna forbetring av grensekontrollen. USA har vedteke som eitt av fleire tiltak at det frå 26. oktober 2005 skal krevjast andletsbiometri i pass som vilkår for framleis visumfri innreise til USA for reisande med pass utferda etter denne datoen. Reisande med pass utferda før denne datoen vil framleis kunne reise visumfritt så lenge passet er gyldig, dersom passet er maskinlesbart.
Bruk av biometri inneber at fysiske karakteristika (til dømes andletsfoto og fingeravtrykk) som er unike for vedkomande person, vert lagra elektronisk i passet. Med tilpassa lesarutstyr på grensekontrollstaden skal biometriske data i passet kunne samanliknast med den aktuelle personen for å stadfeste at vedkomande er rett innehavar.
I tida etter 11. september 2001 har tanken om å nytte biometrisk informasjon i reisedokument for å gjere dokumenta sikrare og etablere ein meir påliteleg samanheng mellom dokumentet og innehavaren av dokumentet fått støtte i fleire internasjonale organ. Dette gjeld ikkje minst i FNs organisasjon for sivil luftfart, ICAO (International Civil Aviation Organization), som har som oppgåve å fremje tiltak for auka tryggleik i luftfarten. I dette arbeidet inngår utvikling av forbetra standardar for bruk av reisedokument. Innan ICAO førde dette til at arbeidet med å utvikle og etablere globale standardar for bruk av biometri i reisedokument vart intensivert.
Det europeiske rådet gav på toppmøtet i Thessaloníki 19. og 20. juni 2003 tilslutnad til arbeidet med å etablere biometri i mellom anna passa til Schengen-borgarane. I det vidare arbeidet med eit utkast til rådsforordning med tilhøyrande tekniske spesifikasjonar har òg Noreg delteke.
Den 13. desember 2004 vart det gjort vedtak om rådsforordning (EF) nr. 2252/2004 om standarder for sikkerhetselementer og biometriske identifikatorer i pass og reisedokumenter som medlemsstatene utsteder. Rådsforordninga legg opp til at andletsbiometri skal innfasast seinast 18 månader etter at dei tekniske tilleggsspesifikasjonane for reisedokument er vedtekne, det vil seie i 2006, medan fingeravtrykk skal takast i bruk som biometri i tillegg til foto seinast innan 36 månader. Dette vil seie seinast ved årsskiftet 2007/2008.
Det er føresett i rådsforordninga at den biometriske personinformasjonen skal lagrast i passet etter den globale standarden som er utvikla av ICAO. Standarden som gjeld innføring av biometri i pass og reisedokument, er forankra i ICAOs rekommandasjon av 22. mai 2003. Føremålet med rekommandasjonen om biometri er å leggje til rette for rask identitetskontroll av reisande på flyplassar, å betre flytryggleiken og å hindre identitetstjuveri. Noreg har som medlem av ICAO følgt dette arbeidet.