5 Administrative og økonomiske konsekvensar
Bruk av biometriske persondata i pass vil krevje vesentlege endringar i gjeldande rutinar for handsaming av søknader om pass. Dei økonomiske konsekvensane er knytte til auka utgifter ved produksjonen av dei nya passa samanlikna med dagens pass, utplassering av nytt teknisk utstyr der søknader om pass vert mottekne og handsama, og utvikling av sentrale løysingar for elektronisk overføring og lagring av data.
Innanfor den vedtekne budsjettramma for 2005 har Justisdepartementet alt sett av 24 mill. kr. til dekning av aktuelle kostnader med sikte på oppstart av produksjon av pass med biometri frå 1. oktober i år. For 2006 er det vurdert at meirkostnaden knytt til investeringar og auka produksjonskostnader vert 48 mill. kr.
Arbeidet med tilbod for produksjon av dei nya passa og innkjøp av utstyr, mellom anna til opptak av biometrisk informasjon i samband med handsaming av passøknader, er i gang. Dei økonomiske konsekvensane vil verte følgde opp i dei ordinære budsjettprosessane for dei komande åra.