1 Bakgrunn
Gjennom europaparlaments- og rådsvedtak nr. 2241/2004/EF er det vedteke å skipe ei einsarta felleskapssramme (Europass) som skal fremje oversikt og klarleik med omsyn til dokumentasjon av kvalifikasjonar og kompetanse i Europa. Vedtaket tok til å gjelde 1. januar 2005.
Godkjenning av kompetanse på tvers av landegrenser er viktig for å styrkje mobiliteten av arbeidskraft mellom landa i Europa og på tvers av sektorar. Europass byggjer på København-deklarasjonen, som vart vedteken 19. desember 2002 av utdanningsministrar frå 31 europeiske land, inkludert Noreg, om auka samarbeid i fag- og yrkesopplæringa i Europa. Deklarasjonen strekar under kravet om oversikt i opplæringssystema gjennom innføring av informasjonsverktøy og nettverk, og ønsket om å integrere eksisterande ordningar for oversikt og mobilitet i eitt felles rammeverk. Europass vart offisielt lansert på ein konferanse i Luxembourg 31. januar 2005. Kvart deltakarland skal skipe eit nasjonalt Europass-senter som skal vere ansvarleg for koordinering av alle aktivitetar i samband med Europass. Utdannings- og forskingsdepartementet har peikt ut Utdanningsdirektoratet til nasjonalt senter for Europass i Noreg.
Ettersom norsk deltaking inneber økonomiske plikter over fleire år, er Stortinget sitt samtykke til godkjenning av avgjerda i EØS-komiteen naudsynt, jf. Grl. § 26, andre leddet.