2 Nærmare om Europass
Europass regulerer innhaldet i fire typar dokument som gjer greie for utdanning og dugleik i ei form som skal vere tydeleg på tvers av landegrensene i Europa: Europass-mobilitet, Europass-vitnemålstillegg, Europass-tillegg til yrkesopplæringsprov og Europass-språkportefølje. Desse dokumenta kan inngå i ein felles Europass-CV. Europass-CV finst i norsk omsetjing og kan hentast ned direkte frå EUs nettstad hjå European Centre for the Development of Vocational Training. Han vil òg vere tilgjengeleg i papirform. Dokumentet skal fyllast ut av den einskilde, som også sjølv vel kva vedlegg som skal følgje med.
Europass-mobilitet byggjer på tidlegare Europass Training, som er ein dokumentasjon på at delar av fagopplæringa er gjennomførd i eit anna land. Teknologisk Institutt vil inntil vidare framleis utferde dokumentasjon om utanlandsopphald i fagopplæringa. Europass-mobilitet vil omfatte dokumentasjon om alle typar utanlandsopphald og ikkje vere avgrensa til Leonardoprogrammet om fag- og yrkesopplæring.
Europass-tillegg til yrkesopplæringsprov vert utarbeidd av Utdanningsdirektoratet. Dette er ei generell forklaring på innhaldet i opplæringa. Dokumentet kan lastast ned frå internett og kvar og ein kan leggje det ved det individuelle vitnemålet eller fagbrevet sitt. Denne informasjonen skal òg liggje føre på engelsk.
Europass-vitnemålstillegg vert utferda av Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga, i samarbeid med den einskilde lærestaden. Dette er eit internasjonalt vitnemålstillegg som er laga for å gje ei utfyllande utgreiing av den kvalifikasjonen som kandidaten har oppnådd. Europass-vitnemålstillegget er ein integrert del av dei elektroniske studentregistreringssystema ved norske høgare utdanningsinstitusjonar.
Europass-språkporteføljeer ein eigenvurderingsmatrise som er utarbeidd av Europarådet og førebels ikkje innførd i Noreg. Matrisen kan hentast ned på engelsk frå nettstaden til Europarådet. 1
Det skal òg etablerast eit internettbasert informasjonssystem som omfattar eit sakshandsamingsverktøy og lagringssystem som er knytte til dei individuelle Europass-mappene.
Dei nasjonale Europass-sentra skal utvikle og marknadsføre den nye dokumentasjonsordninga og ta del i nettverksamarbeidet som vert samordna av Kommisjonen. Dette arbeidet starta formelt 1. januar 2005. Noreg tok del på det første møtet for dei nasjonale Europass-sentra i Brussel i februar 2005. Der det er naudsynt, skal dei nasjonale sentra erstatte eksisterande einingar som driv liknande aktivitetar. Ansvaret for Europass Training vert overført frå Teknologisk institutt til Utdanningsdirektoratet frå 1. august 2005. Utdanningsdirektoratet skal forvalte løyvingar frå EU til alle aktivitetar som er omfatta av Europass, og sjølv drive det internettbaserte informasjonssystemet.
Fotnotar
http://www.coe.int/T/E/Cultural_Co-operation/education/Languages/Language_Policy/Common_Framework_of_Reference/default.asp#TopOfPage