1 Bakgrunn
Ved EØS-komitéavgjerd nr. 150/1999 av 5. november 1999 vart rådsforordning (EF) nr. 925/1999 om registrering og bruk i Fellesskapet av visse typer sivile subsoniske jetfly som er blitt ombygd og omsertifisert for å oppfylle standardene i del II kapittel 3 i bind 1 av vedlegg 16 til konvensjonen om internasjonal sivil luftfart, 3. utgave (juli 1993), innlemma i EØS-avtala. Rådsforordninga er teke inn i vedlegg XIII (transport) til EØS-avtala.
Europakommisjonen starta å gje lover om støy frå fly for nærmare 20 år sidan. Rådsforordning (EF) nr. 925/1999 følgjer opp rådsdirektiv 92/14/EØF av 2. mars 1992, som er ein del av EØS-avtala, jf. særskilt vedlegg nr. 2 til St.prp. nr. 40 (1993-94), bind 12A, side 315. Rådsdirektiv 92/14/EØF legg til rette for ei gradvis utfasing av operasjonar av alle sivile subsoniske jetfly som ikkje stettar dei strengaste støykrava som følgjer av del II kapittel 3 i bind 1 av vedlegg 16 til konvensjonen om internasjonal sivil luftfart, 3. utgave (juli 1993).
Ved rådsforordning 925/1999/EF vert det innført eit forbod mot å føye til fly som er ombygde og omsertifiserte for å stette dei standardane som er nemnde ovanfor, i medlemsstatane sine registre. Føremålet er å hindre at den totale støybelastninga frå støyombygde fly vert forverra i framtida.
Avgjerda til EØS-komiteen vart teke med atterhald om Stortinget si godkjenning ettersom gjennomføringa i norsk rett gjer det naudsynt med ei lovendring, jf. Grl. § 26 andre leddet og artikkel 103 i EØS-avtala. Gjennom denne proposisjonen vert Stortinget oppmoda om å gje sitt samtykke til godkjenning av EØS-komitéavgjerd nr. 150/1999. Samferdselsdepartementet vil fremje ein eigen odelstingsproposisjon med dei naudsynte lovendringane.
Avgjerda til EØS-komiteen i uoffisiell versjon og rådsforordningsteksta i norsk omsetjing følgjer som trykte vedlegg til proposisjonen.