3 Avgjerda til EØS-komiteen
Som eit ledd i samarbeidet i EØS vedtok EØS-komiteen 5. november 1999 å endre vedlegg XIII om transport, slik at avtala òg omfattar rådsforordning (EF) nr. 925/1999 av 29. april 1999. Avgjerda inneheld ei innleiing og fire artiklar. I innleiinga vert det vist til EØS-avtala og særleg til artikkel 98, som gjer det mogleg å endre vedlegga til avtala gjennom avgjerd i EØS-komiteen.
Artikkel I slår fast at nytt nr. 66f etter nr. 66e (rådsdirektiv 92/14/EØF) i vedlegg XIII til avtala skal lyde: «399R0925: Rådsforordning (EF) nr. 925/1999 av 29. april 1999 om registrering og bruk i Fellesskapet av visse typer sivile subsoniske jetfly som er blitt ombygd og omsertifisert for å oppfylle standardene i del II kapittel 3 i bind 1 av vedlegg 16 til konvensjonen om internasjonal sivil luftfart, 3. utgave (juli 1993) (TEF L 120 av 8.5.1999, s. 47).»
Artikkel 2slår fast at rådsforordninga skal gjelde på islandsk og norsk på lik linje med andre språk i medlemsstatane i Fellesskapet.
Artikkel 3slår fast at avgjerda skal gjelde frå 6. november 1999, på det vilkåret at EØS-komiteen har motteke alle meldingar i medhald av artikkel 103 nr. 1 i avtala.
Artikkel 4slår fast at avgjerda til EØS-komiteen skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Dei Europeiske Fellesskapa.
Etter artikkel 103 nr. 1 jf. nr. 2 skal EFTA-statane innan seks månader frå tidspunktet for avgjerda (som var 5. november 1999) stadfeste overfor dei andre EØS-statane at dei forfatningsmessige krava er stetta, dvs. for Noreg at Stortinget sitt samtykke er innhenta.