4 Tilhøvet til norsk rett
Gjeldande norsk rett på dette området er forskrift av 21. juni 1993 om begrensning av støy og utslipp fra sivile luftfartøyer som er fastsett med heimel i lov av 11. juni 1993 nr. 101 om luftfart § 4-1 tredje leddet og § 4-3, jf. § 15-4 og § 16-1 jf. Kongeleg Resolusjon av 11. mars 1994.
Lov av 11. juni 1993 nr. 101 om luftfart kap. 3 inneheld m.a. vilkåra for registrering av luftfartøy i Norsk Luftfartøyregister (NLR). Målet til NLR er å gje luftfartøy norsk nasjonalitet i tillegg til å registrere dei juridiske eigarane og eventuelle hefte på luftfartøyet. Luftfartslova krev ikkje at luftfartøyet skal vere utstyrt med luftdugleiks- eller miljødugleiksbevis for å kunne registrerast i NLR. For å nå målet med rådsforordning 925/1999/EF er det naudsynt med eit registreringssystem som kan krevje opplysningar som kan avsløre om det er eit såkalla omsertifisert kap. 2-fly ein har med å gjere. Med det regelverket ein har i dag er det svært vanskeleg for NLR å identifisere om eit luftfartøy er omsertifisert eller ikkje.
På bakgrunn av det som er nemnt ovanfor vil det verte gjort framlegg om endringar i luftfartslova, som vil gje den naudsynte heimelen til å krevje luft- og miljødugleiksbevis som grunnlag for registrering. Samferdselsdepartementet vil fremje ein eigen odelstingsproposisjon med endringar i luftfartslova. Sjølve forordninga vil verte gjennomført i ei eiga forskrift med heimel i den nye føresegna i luftfartslova.