1 Innleiing
Utanriksdepartementet gjer i proposisjonen her framlegg om at Stortinget gir samtykkje til ratifikasjon av protokoll nr. 13 til den europeiske menneskerettskonvensjon (EMK), om avskaffing av dødsstraff i eitkvart høve.
Protokollen inneber ei folkerettsleg plikt for dei statane som er partar i protokollen til å avskaffe alle former for dødsstraff, både i freds- og krigstid.
Protokollen vart vedteke av Ministerkomiteen i Europarådet 21. februar 2002, opna for underteikning 3. mai 2002, og tok til å gjelde 1. juli 2003. Per 15. april 2005 har 30 av dei 46 medlemsstatane i Europarådet ratifisert protokollen, blant desse dei andre nordiske statane. Ytterlegare 13 statar har underteikna protokollen. Noreg underteikna han 3. mai 2002.
Det leggjast til grunn at protokollen er så viktig at ratifikasjon krev samtykkje frå Stortinget etter Grunnloven § 26 andre ledd.
Regjeringa gjer i ein eigen proposisjon framlegg om å inkorporere protokollen i menneskerettslova slik at han vil gjelde som norsk lov.
Protokoll nr. 13 i engelsk originaltekst og norsk omsetjing er vedlagt proposisjonen.