2 Bakgrunn
Sverige tok initiativ til utarbeiding av protokollen i Europarådets ministerkomité 7. desember 2000. Protokollen vart utarbeida av komiteen for utarbeiding av nye menneskerettslege standardar. Noreg tok aktivt del i arbeidet.
Noreg og alle dei andre medlemslanda i Europarådet er allereie bundne av protokoll nr. 6 til EMK, som påbyr statane å avskaffe dødsstraff, jf. St.prp. nr. 6 (1987-1988). Til skilnad frå protokoll nr. 13 tillet protokoll nr. 6 bruk av dødsstraff for handlingar utført i krig eller under krigstrussel.
Noreg og 38 av dei 46 medlemslanda i Europarådet er òg bundne av valfri protokoll nr. 2 til FN-konvensjonen om sivile og politiske rettar, som påbyr at dødsstraff blir avskaffa, også i krigstid, jf. St.prp. nr. 37 (1990-1991).