5 Tilhøvet til norsk rett
Noreg oppheva dødsstraffa for vanlege straffesaker ved straffelova 22. mai 1902 nr. 10, som tok til å gjelde 1. januar 1905. Føresegna i militær straffelov om dødsstraff for handlingar i krigstid blei oppheva ved lov 8. juni 1979 nr. 43. I Ot.prp. nr. 45 (1978-79) blei dette mellom anna grunngitt med at dødsstraff er ein inhuman straffereaksjon, og at ein fullstendig norsk oppheving av dødsstraffa kunne styrke det internasjonale arbeidet mot denne forma for straff. Etter denne endringa av militær straffelov har det ikkje vore høve til å dømme nokon til dødsstraff etter norsk rett, verken i freds- eller krigstid.
Protokoll nr. 6 til EMK og valfri protokoll nr. 2 til FN-konvensjonen om sivile og politiske rettar, som det er gjort greie for i kapittel 2 ovanfor, gjeld dessutan som norsk lov, jf. menneskerettslova § 2.
Noreg har såleis allereie forplikta seg folkerettsleg til ikkje å innføre dødsstraff igjen, heller ikkje i krigstid. Norsk rett og praksis tilfredsstiller allereie krava i protokoll nr. 13 til EMK. Den rettslege følgja av norsk tilslutning til protokoll nr. 13 til EMK vil derfor i hovudsak vere at Den europeiske menneskerettsdomstolen får høve til å avgjere med bindande verknad eventuelle klagemål mot Noreg om brot på protokollen sitt forbod mot dødsstraff. Ettersom det ikkje finst føresegner om dødsstraff i norsk rett, er det lite truleg at slike saker vil bli aktuelle.