1 Innleiing
Sosial- og helsedepartementet legg med dette fram ein proposisjon om handlingsplan for redusert bruk av rusmiddel i perioden 1998-2000. Proposisjonen er utarbeidd i samarbeid med Barne- og familiedepartementet, Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet og Justisdepartementet. Sosialministeren arrangerte i mars 1998 ein idédugnad om rusmiddelpolitiske mål og tiltak. Her var mellom andre næringslivsorganisasjonane, forsikringsbransjen og dei rusmiddelpolitiske organisasjonane representerte. Deltakarane på dugnaden gav verdifulle innspel til handlingsplanen.
Regjeringa ser med uro på at forbruket av alkohol er aukande, samtidig som illegale rusmiddel får innpass i nye ungdomsmiljø. Ei slik utvikling forsterkar dei sosiale problema som er knytte til bruk av alkohol og narkotika og aukar presset på helsestellet vårt. Det er i denne samanhengen viktig med eit aktivt arbeid i alle aldersgrupper for å motverke rusmisbruk, som er ei kjelde til dårleg helse, kriminalitet og valdsbruk.
Stortinget har nyleg ved to høve hatt omfattande drøftingar av rusmiddelpolitiske spørsmål. St.meld. nr. 16 (1996-97) Narkotikapolitikken blei behandla i mai 1997. Denne meldinga blir no følgd opp. Ein omfattande revisjon av alkohollova blei vedteken 16. mai 1997. Endringane i alkohollova tok i hovudsak til å gjelde frå 1. januar 1998. Handlingsplanen som blir presentert i denne proposisjonen, tek ikkje sikte på ein ny totalgjennomgang av dei rusmiddelpolitiske spørsmåla som nyleg er drøfta. Snarare tek planen sikte på å presentere strategiar og satsingsområde som kan føre til auka innsats i det haldningsskapande og førebyggjande arbeidet mot rusmiddelbruk.
Rusmiddelpolitikken er - og må vere - gjenstand for stadig debatt. Det finst ingen enkle løysingar, men mange dilemma. Planen vil avspegle dette. Mange har glede av eit moderat alkoholforbruk og merkar lite til skadeverknadene. Derfor har mange også eit motsetnadsfylt forhold til alkoholpolitikken og dei verkemidla som må til for å få ned forbruket. Også narkotikapolitikken inneber vanskelege val. Det handlar om den vanskelege avveginga mellom individet sin sjølvråderett og samfunnet sitt ynske om å verne mot skadeverknader av dei val som vert gjorde. Ein heilskapleg politikk må innebere både kontrolltiltak og stimuleringstiltak. Avveginga mellom dei ulike tiltaka kan ofte skape usemje og debatt. Regjeringa vil vidareføre ein restriktiv rusmiddelpolitikk. Det er nødvendig for å avgrense skadeverknadene. Dei reiskapane vi har fått, mellom anna gjennom eit revidert lovverk, bør no takast aktivt i bruk. Planen tek sikte på å styrkje handhevinga av regelverket. Regjeringa vil vidare stimulere til brei mobilisering basert på omsorg for dei svakaste og for komande generasjonar. Det er påvist ein klar samanheng mellom totalforbruket av alkohol i eit samfunn og talet på storforbrukarar; eit «fuktig samfunn» vil statistisk sett også ha mange storforbrukarar og mange alkoholrelaterte problem. Dette er innhaldet i den såkalla totalkonsumteorien. Solidaritet med dei svakaste inneber derfor at vi alle må ha eit medvite forhold til bruk og misbruk av rusmiddel. Haldningsskapande arbeid er såleis viktig. Det er vektlagt i denne planen.
Næringsinteresser driv no i Noreg og andre land eit aktivt arbeid for å knytte alkoholbruk til stadig fleire situasjonar og aldersgrupper. Denne planen inneheld tiltak for å styrkje medvitet om og setje grenser for desse strategiane. Ansvaret for den oppveksande slekt må stå sentralt i utforminga av rusmiddelpolitikken. Det er påvist at dei som utviklar problem med og misbruk av rusmiddel, ofte har hatt eit uvanleg tidleg første møte med dei same rusmidla. Tidleg debut og høgt forbruk av sigarettar og alkohol er også dei sterkaste teikna på at ungdom er i risikosona for misbruk av narkotiske stoff. Fleire av tiltaka i denne planen tek derfor sikte på å heve debutalderen for bruk av alkohol. Born og unge treng gode rollemodellar i omgangen med rusmiddel. Familie, nærmiljø og skule må stå sentralt i dette arbeidet. Regjeringa vil leggje til rette for ei samfunnsutvikling der det er mogleg å tilby trygge og inkluderande rammer om oppveksten til born og unge.
Regjeringa legg vekt på i størst mogleg grad å samordne den innsatsen som skjer frå statleg hald på ulike problemområde og overfor dei same gruppene av befolkninga. Regjeringa vil såleis sjå tiltaka i denne planen i nær samanheng med andre statlege initiativ, medrekna handlingsplanen «Trygghet og nærhet i hverdagen» og «Utviklingsprogrammet for styrking av oppvekstmiljøet». Gjennom utarbeiding og oppfølging av kommunale rusmiddelpolitiske handlingsplanar bør det òg leggjast til rette for utvikling av organiserte og forpliktande samarbeidsformer i kommunar og lokalsamfunn. For å forsterke det politiske medvitet og stimulere dette arbeidet vil regjeringsmedlemmene rutinemessig setje den rusmiddelpolitiske situasjonen på dagsordenen når dei er på besøk i kommunane.