5 Økonomiske og administrative konsekvensar
Alkoholpolitikken blir i stor grad forvalta av kommunane. Det gjeld òg for ei rad tiltak retta mot narkotika. Ein meir offensiv alkohol- og narkotikapolitikk må derfor innebere auka kommunalt engasjement og kommunal innsats.
For å kunne starte opp handlingsplanen i 1998, er det nødvendig å styrkje budsjettet med 20 millionar kroner. Midlane kjem til å bli nytta til å styrkje rusmiddelundervisninga i skulen, til holdningskampanjar, til kommunal innsats for å setje i verk rusmiddelpolitiske planar, som tilskot til frivillig innsats, til nye ettervernstiltak og til oppretting av Rusmiddelpolitisk råd.
Planen gjeld for perioden 1998-2000, og regjeringa tek sikte på at planen minst skal ha den same ramma i 1999 og 2000 som i 1998.
Løyvinga vert finansiert mellom anna ved at løyvinga under kap 673, post 61 Oppfølging av ansvarsreformen for mennesker med psykisk utviklingshemming ikkje vert nytta, fordi denne ikkje vil bli sett i kraft før tidlegast 1. januar 1999, jf St. meld. nr. 26 (1997-98) Begrensning og kontroll med bruk av tvang i tjenesteyting. Departementet kjem attende med forslag om reduksjon av løyvingar i samband men samleproposisjonen som skal fremjast samstundes med Revidert nasjonalbudsjett.