4 Tiltak i handlingsplanen
4.1 Rusmiddelpolitisk råd
Det er nødvendig med eit breitt samfunnsmessig engasjement og ei omfattande ansvarleggjering dersom vi skal oppnå redusert bruk av rusmiddel. Samarbeid må òg vere eit viktig stikkord.
Regjeringa vil oppnemne eit rusmiddelpolitisk råd for å sikre eit slikt breitt samfunnsmessig engasjement. Rådet skal fungere som referansegruppe for sosialministeren, og kjem til å bli eit sentralt organ for rusmiddelpolitiske diskusjonar og idéskaping. Rådet skal vere bindeledd mellom styresmaktene, partane i arbeidslivet, næringslivsorganisasjonane, forsikringsbransjen og dei rusmiddelpolitiske organisasjonane, og kjem til å bli sett saman av representantar for desse organisasjonane. Felles interesseområde vil til dømes vere innsats mot ulovleg omsetning og skjenking av alkohol og redusert sjukefråvær som følgje av rusmiddelmisbruk.
4.2 Auka samarbeid med foreldra
Familien er den grunnleggjande sosiale eininga i samfunnet, og forholda i familien er svært viktige for einskildmennesket. Det er i familien grunnlaget blir lagt for tryggleik og utvikling av personlegdommen til den einskilde. Det er eit hovudmål å gjere born og unge rusta til å møte dei prøvingane livet byr på og meistre dei problema det skaper, og dermed utvikle vilje til å ta hand om seg sjølv og ta vare på andre. Heimen speler ei heilt sentral rolle når det gjeld å forme det forholdet born og ungdom får til rusmiddel. Foreldra er den gruppa som er best i stand til å gjere noko for å førebyggje ei uheldig utvikling, og som kan gi ungdom sjølvkjensle, tryggleik og styrke til å setje eigne grenser. Ofte vil det innebere at foreldra må stille spørsmål ved sitt eige rusmiddelforbruk og sine eigne normer i denne samanhengen. For å auke forståinga blant foreldre om kor viktig det er å skape trygge og inkluderande oppvekstmiljø for born og unge, og at foreldra må vere gode rollemodellar når det gjeld bruk av rusmiddel, vil Rusmiddeldirektoratet gjennomføre ein haldningskampanje.
Samtidig med at innsatsen overfor foreldra blir auka, vil Rusmiddeldirektoratet også lansere ein haldningskampanje mot ungdomsfyll. Hovudmålet vil vere å utsetje debutalderen.
Kampanjane vil mellom anna også fokusere på dei skadeverknadene som følgjer av langing av alkoholhaldig drikke til mindreårige.
Regjeringa vil syte for at det vert sett i verk tiltak for å gjere foreldre betre i stand til å oppdage ungdommen sin narkotikabruk, og som vil gje rettleiing om korleis dei bør forhalde seg til misbruket.
4.3 Auka innsats i skulane
Saman med heimane og fritida utgjer skulen den viktigaste arenaen for haldningsskapande arbeid retta mot born og unge. Også i denne samanhengen er ei av dei viktigaste oppgåvene å syte for å gi born og unge tryggleik, styrke og kunnskap til å ta aktive og positive val. Eit inkluderande skulemiljø, der den einskilde kjenner seg verdsett og trygg, vil vere ein vesentleg faktor i det førebyggjande arbeidet.
Spreiinga av narkotiske stoff som cannabis og ecstasy blant unge utanom dei tradisjonelle misbruksmiljøa er ein viktig grunn til at skulen må prioritere det rusmiddelførebyggjande arbeidet. Det er viktig at den undervisninga om rusmiddel som blir gitt i skulen, blir integrert i den ordinære undervisninga. Det er utvikla mykje godt materiell som vil kunne gjere det lettare for lærarane å gjennomføre undervisninga om rusmiddel i samsvar med intensjonane i læreplanen. Rusmiddeldirektoratet har oversikt over slikt materiell. Direktoratet har òg faktamateriell og ytterlegare undervisningsopplegg under utarbeiding. Direktoratet samarbeider dessutan med dei høgskulane som gjev lærarutdanning om pedagogiske rettleiingsopplegg for undervisninga om rusmiddel. Sosial- og helsedepartementet vil tilføre dei regionale kompetansesentra for rusmiddelspørsmål ekstra ressursar for å rettleie grunnskulane og dei vidaregåande skulane i rusmiddelundervisninga og andre holdningsskapande tiltak.
Juvente er ein organisasjon som i fleire år har samarbeidd med skulen om haldninga til rusmiddel (HMR). Stiftinga MOT har også skulen som ein viktig arena, men vender seg òg direkte til både ungdom, foreldre og idrettsleiarar. Målet er å stimulere haldningar mot narkotika blant born og unge. Skulen er hovudarenaen for innsatsen, men profilering av stiftinga og bodskapen skjer òg gjennom media, idrettsarrangement o.l. Det er utarbeidd eit undervisningsopplegg mot rus, til bruk i ungdomstrinnet i grunnskulen. Opplegget er utvikla av samarbeidspartnarane til MOT i politiet og tollverket, og er tilpassa kvart einskilt klassetrinn.
4.4 Frivillig arbeid i nærmiljø, organisasjonar og ungdomskulturelle miljø
Det er oppmuntrande at ungdom sjølv, også utanom dei etablerte ungdomsorganisasjonane, i mange tilfelle stiller opp og gir uttrykk for negative holdningar til rus, valdsbruk og kriminalitet, og dannar alternative «motkulturar». Ungdom er sentrale rollemodellar for kvarandre, og slike «motkulturar» er derfor viktige. Døme på slike initiativ er «Stopp dopet - ikke dansinga» og «Non Fighting Generation». Det er viktig at kommunane støttar slike og liknande initiativ, slik at dei får høve til å utfalde seg og vekse.
Rusmiddeldirektoratet har gjennom fleire år gitt støtte til fremje av rusfrie miljø. Det er gitt støtte etter søknad til mellom anna musikk-kaféar og ungdomskaféar i fleire byar. «Kom og dans», ei stifting som driv med rusførebyggjande verksemd retta mot dei breie folkelege festkulturane, er eit døme på ei verksemd som har motteke tilskot gjennom fleire år. «Kom og dans» har rusfrie dansemiljø for vaksne i nesten heile Noreg, og har også tilbod for born og ungdom. Stiftinga er no i ferd med å prøve ut eit opplegg i samarbeid med kyrkja og politiet, der det mellom anna er ein føresetnad at kommunen og foreldre spelar ei sentral rolle. Rusmiddeldirektoratet vil vidareføre og vidareutvikle støtta til rusfrie miljøtiltak og ungdomskulturelle «motkulturar», og vil leggje vekt på å prøve ut nye tiltak på området.
Regjeringa vil auke støtta til dei rusmiddelpolitiske organisasjonane. Organisasjonane har fleire viktige funksjonar, og regjeringa legg vekt på aktivitetane både ut frå den eigenverdien dei har, og ut frå den førebyggjande verknaden. Rusmiddelpolitikken kan ikkje drivast fram einsidig frå det offentlege. Frivillig engasjement er ein nødvendig føresetnad for gjennomføring av politikken, og mykje av dette skjer i organisasjonane. Dei representerer eit korrektiv til og ei supplering av den verksemda som blir driven i offentleg regi. Organisasjonane gir verdifulle innspel til samfunnsdebatten om rusmiddelbruk, driv aktivt informasjons- og holdningsarbeid, og har ei rad aktivitetstilbod til born og unge. Lokallaga til dei rusmiddelpolitiske organisasjonane representerer ressursar i det lokale førebyggjande arbeidet. Prosjekt som tek sikte på å byggje nettverk i lokalmiljøa, vil bli prioriterte.
Regjeringa ser det òg som viktig å engasjere organisasjonar og grupper som ikkje har arbeid med å førebyggje rusmiddelbruk som hovudmål, i det lokale førebyggjande arbeidet. Regjeringa vil auke støtta til rusmiddelrelaterte førebyggjande prosjekt i regi av mellom anna frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar, kultur- og fritidstiltak og ulike ungdomsgrupper.
4.5 Norsk forebyggingsforum
Sosial- og helsedepartementet oppnemnde i 1997 Norsk forebyggingsforum for to år. Forumet er ei breitt samansett gruppe av einskildpersonar med ulik bakgrunn frå arbeid mot rusmiddelmisbruk. Johann Olav Koss er leiar av gruppa. Forumet skal freiste å påverke innsatsen frå styresmaktene si side, og samarbeide med andre aktørar på området. Forumet har for l998 fått drifts- og prosjektmidlar for 3,8 mill. kr. Dette året kjem forumet mellom anna til å
lage ei handbok i førebyggjande arbeid i samarbeid med Nordlandsklinikken
leggje fram forslag til ein langsiktig kampanje for å redusere forbruket av alkohol og narkotika
setje i gang tiltak for ungdom utan tilknyting til organisasjonslivet
4.6 Punktfråhaldskampanjar knytte til mellom anna arbeidslivet, graviditet, idrett og trafikk
Regjeringa vil halde ved like og styrkje den breie oppslutninga om at sentrale arenaer og situasjonar skal haldast rusmiddelfrie. Dersom ein gjennom informasjon, opplysningsverksemd og andre tiltak kan få folk til å kjenne seg att i situasjonar der det ikkje passar å bruke alkohol, vil det vere ein effektiv måte å redusere alkoholproblem på. Det skal satsast på førebyggjande tiltak som direkte påverkar drikkesituasjonane, og der bodskapen blir at ein bør drikke mindre og sjeldnare, og unngå alkohol heilt i visse samanhengar. Døme på slike situasjonar eller «soner» kan vere samvær med og aktivitetar saman med born og ungdom, graviditet, idrett og friluftsliv, og periodar der ein bruker medikament. Regjeringa vil vidareutvikle og styrkje det samarbeidet som allereie skjer på dette området, mellom anna med Alko-Kutt-aksjonen, AKAN og Norges Idrettsforbund. Regjeringa vil vurdere korleis satsinga gjennom Alko-kutt kan organiseras for å gi denne ein meir permanent karakter.
Regjeringa vil dessutan styrkje samarbeidet og samordne innsatsen mellom aktuelle departement og andre interesserte partar med sikte på å redusere bruken av rusmiddel i trafikken. På dette innsatsområdet er det viktig både i større grad å oppdage køyring i rusmiddelpåverka tilstand, og å følgje opp bilførarar med rusmiddelproblem. Ein vil leggje vekt på å kombinere kontrolltiltak med informasjon og andre oppfølgingstiltak for å nå målet. Å oppnå ein reduksjon i køyringa i rusmiddelpåverka tilstand er eit prioritert satsingsområde i det arbeidet politiet driv for å skape ein tryggare trafikk. Det er i l998 sett i gang eit særskilt opplæringsprogram ved Politihøgskulen kalla «Teikn og symptom». Holdningskampanjar for å fremje rusfri køyring skal vidareførast av vegstyresmaktene. Rusmiddeldirektoratet vil vidareføre samarbeidet med og støtta til kampanjeverksemd og prosjekt i regi av frivillige organisasjonar. Regjeringa har fremja forslag om å innføre ei fast promillegrense på 0,5 promille for førarar av småbåtar, og vil i 1998 leggje fram forslag om ei lovendring med sikte på å senke promillegrensa for bilførarar.
4.7 Strategiplan for førebyggjande politiarbeid m.v.
Justisdepartementet har utarbeidde ein eigen strategiplan for førebyggjande polititeneste. I særleg grad vil departementet prioritere strategiar retta mot ungdom i risikosoner. Tidleg og omfattande misbruk av rusmidlar blant unge er ein klår indikator på deltaking i kriminelle handlingar. I sitt førebyggjande arbeide vil politiet på ulike måtar bidra til at dei unge sitt rusmiddelmisbruk reduserast. Unge fystegongslovbrytarar er ei prioritert gruppe. Både når det gjeld narkotikakriminalitet og anna kriminalitet skal det iverksettjast særskilt tilpassa tiltak med sikte på å hindre gjentak og stoppe utvikling av karrierar som rusmiddelmisbrukarar og kriminelle.
Vidare arbeider Justisdepartementet også med ein handlingsplan for å intensivere kampen mot narkotika i fengsla.
4.8 Eit betra og meir effektivt behandlings-, etterverns- og omsorgstilbod for rusmiddelmisbrukarar
Den største utfordringa no er å styrkje det kommunale arbeidet med rusmiddelproblematikk, medrekna tiltak for misbrukarar. Kommunehelsetenesta kan spele ei viktig rolle når det gjeld å avdekkje rusmiddelproblem på eit tidleg tidspunkt, og gjennom råd og rettleiing hjelpe personar med eit begynnande misbruk med å leggje om drikkevanane sine. Det er den kommunale sosialtenesta som har hovudansvaret for å syte for hjelpe-, behandlings- og rehabiliteringstilbod til misbrukarar, medrekna ettervern. Tiltak retta mot tungt problembelasta misbrukarar må ha eit langsiktig perspektiv og omfatte nære pårørande og i den grad det let seg gjere - større delar av det sosiale nettverket. Mange misbrukarar slit med store problem i form av einsemd og ei kjensle av meiningsløyse etter avrusing. Det kan verke som ein ofte ikkje legg nok vekt på den «eksistensielle» eller «åndelege» dimensjonen i tiltak for misbrukarar. Det profesjonelle, offentlege tiltaksapparatet forvaltar ikkje livsinnhald. Derfor er det så viktig at tiltaka formidlar opplysningar og kunnskap om ulike miljø der misbrukaren kan kjenne seg velkomen og få støtte. Kameratklubbane, Anonyme Alkoholikarar (AA) og Anonyme Narkomane (NA) er døme på slike miljø. Ettervernet må utformast på ein slik måte at klienten får eit reelt alternativ til eit liv i rus. Det må verke førebyggjande med tanke på tilbakefall. Eit godt tilrettelagt ettervern er òg viktig for misbrukarar etter fengselsopphald.
Sosial- og helsedepartementet vil leggje vekt på mellom anna desse forholda, i særleg grad ettervernet, i ein eigen Handlingsplan for styrking av førstelinjetenesta i sosialtenesta, som blir sett i verk i l998. Planen er ei oppfølging av det utviklingsarbeidet som har vore drive i sosialtenesta med støtte frå departementet gjennom l990-åra. Dei rusmiddelpolitiske handlingsplanane i kommunane bør synleggjere korleis behov for tiltak for rusmiddelmisbrukarar, medrekna den langsiktige ettervernsoppfølginga, skal sikrast.
Noreg har mange døgninstitusjonsplassar for omsorg for, behandling og rehabilitering av rusmiddelmisbrukarar. Det er viktig å vidareutvikle og sikre kvaliteten ved desse institusjonane. Sosial- og helsedepartementet tek sikte på å utarbeide ei forskrift om kvalitet i tiltak for rusmiddelmisbrukarar. Forskrifta vil mellom anna leggje vekt på kor viktig det er å etablere eit nært samspel mellom døgninstitusjonane og den kommunale sosialtenesta om oppfølging før og etter institusjonsbehandling (ettervern). Også døgninstitusjonane bør aktivt formidle informasjon om, og søkje å dra vekslar på, dei positive ressursane som finst i frivillige organisasjonar og grupper. Som ledd i kvalitetssikringsarbeidet vil Sosial- og helsedepartementet vidareføre støtta til dei regionale kompetansesentra for rusmiddelspørsmål. Departementet vil òg vidareføre støtta til det viktige arbeidet som blir utført av frivillige organisasjonar. Departementet vil dessutan stimulere forsøk med nye ettervernstiltak.
Sosialtenestelova inneheld eigne føresegner om behandling av rusmiddelmisbrukarar utan eige samtykke. Ved behandlinga av St.meld. nr. 16 (1996-97) Narkotikapolitikken vedtok Stortinget å etablere metadonassistert rehabilitering som eit landsomfattande og permanent tilbod til ein del tungt belasta rusmiddelmisbrukarar. Sosial- og helsedepartementet vil understreke at desse tiltaka berre kan vere nyttige når dei blir brukte saman med eit sett av andre verkemiddel i heilskaplege rehabiliteringsopplegg. Departementet legg våren l998 fram ein proposisjon for Stortinget om visse endringar i sosialtenestelova for mellom anna å gi pårørande høve til å krevje at det blir sett i verk undersøkingar med sikte på eventuell tvangsplassering.
På oppdrag frå Sosial- og helsedepartementet har Rusmiddeldirektoratet etablert eit nasjonalt dokumentasjonssystem for tiltaka for rusmiddelmisbrukarar. Dokumentasjonssystemet består av tre separate delar: Ein nasjonal, standardisert klientstatistikk med anonymiserte data om kvar einskild klient, ein institusjonsdatabase med nøkkelopplysningar om alle offentlege og private behandlingstiltak, og eit klientstraumsregister. I klientstraumsregisteret blir den vegen einskildklientar går gjennom behandlingsapparatet registrert ved hjelp av anonymiserte klientkjenneteikn. Samla skal desse registra kunne danne ein basis for evalueringsforsking og kost/nytte-analysar av behandlings- og omsorgstiltaka for rusmiddelmisbrukarar. Dei statistiske opplysningane som blir samla gjennom dokumentasjonssystemet, vil samtidig kunne gi eit betre plangrunnlag for sentrale og lokale styresmakter, og vere med på å sikre kvaliteten i einskildtiltak.
4.9 Auka innsats mot ulovleg omsetning av alkohol og narkotika
Gjennom revisjonen av alkohollova har kommunane fått eit betre rammeverk for å kunne drive ein meir aktiv alkoholpolitikk. Kommunane handhevar føresegnene i alkohollova, mellom anna aldersgrensene ved sal og skjenking og dei reglane som gjeld for marknadsføring og reklame. Regjeringa vil oppmode kommunane om å skjerpe kontrollen der det er nødvendig, og å samarbeide med politiet lokalt, ikkje berre om innsatsen mot narkotika og illegal omsetnad av alkohol. Det er viktig å sikre at ulovleg verksemd ikkje finn stad i samband med den lovlege omsetnaden av rusmiddel. Samarbeidet om dette mellom det offentlege, serveringsnæringa og dei rusmiddelpolitiske organisasjonane vil bli styrka.
Samarbeidet med politiet kan mellom anna dreie seg om å kontrollere skjenkjestader, lære opp dørvakter, gripe inn ved bråk og ufred på offentleg stad, osv. Politiet har i ein del tilfelle prioritert å setje inn ressursar for å stanse såkalla «morgonklubbar». Innsatsen har mellom anna synleggjort ulik praksis når det gjeld inndraging av skjenkjeløyve etter reglane i alkohollova. Regjeringa vi vise til heimelen kommunane har etter serveringslova til etter særskilte vilkår også å regulere opningstidene for den einskilde serveringstad. Justisdepartementet har sett i gang kurs for dørvakter, som igjen har informert politiet om kriminelle handlingar, mellom anna omsetning av narkotika. Rusmiddeldirektoratet vil vidareføre innsatsen mot ulovleg omsetning av alkohol og narkotika gjennom holdningsskapande arbeid som tek sikte på å redusere etterspørselen.
Rusmiddeldirektoratet har teke initiativ til prosjektet «Ansvarleg vertskap» i Kristiansand, der målet er å hindre uro og valdsbruk i og utanfor skjenkjestader. Direktoratet, Kristiansand kommune, Hotell- og restaurantarbeiderforbundet, Reisebedriftenes Landsforening og politiet samarbeider om prosjektet, som har tilslutning frå dei fleste utestadene. Erfaringane kjem til å bli formidla til andre kommunar.
4.10 Innsats mot smugling og heimebrenning
Det uregistrerte forbruket av alkohol reknar ein som nemnt med er relativt stort i Noreg. Det omfattar både alkohol som folk skaffar seg på legalt vis, og alkohol som ein får tak i illegalt. Ein reknar med at alkohol tilsvarande ca 9 % av totalforbruket er blitt skaffa gjennom illegale kanalar.
Det er viktig å effektivisere innsatsen mot smugling både av alkohol og narkotika, og mot heimebrenning. Regjeringa vil understreke at denne forma for ulovleg omsetnad er eit alvorleg samfunnsproblem som det må setjast inn store ressursar for å hindre. Den ulovlege omsetnaden er ofte av profesjonell karakter og inneber organisert kriminalitet. Økonomisk kriminalitet, heleri, valdsbruk og narkotikakriminalitet er i mange tilfelle ein del av sakskomplekset. Den ulovlege omsetninga fører dessutan til store avgiftstap for staten.
Tollverket har som ei av primæroppgåvene å hindre narkotikasmugling og økonomisk kriminalitet, medrekna spritsmugling og andre alvorlege avgiftsunndragingar. Dette skjer gjennom kontinuerleg kontroll av reisande og vareførsel til og frå tollområdet. Tollverket deltek òg i eit omfattande internasjonalt samarbeid.
I den nye alkohollova som tok til å gjelde frå 1. januar 1998, blei det innført forbod mot kjøp av ulovleg tilverka eller omdestillert brennevin. Vidare blei det i lova presisert at forbodet mot lagring av slikt brennevin også omfattar oppbevaring til eige bruk. Denne endringa i lova gir ein samanheng i lovverket og gir eit holdningsskapande signal som ein reknar med til ein viss grad kan stoppe potensielle kjøparar frå å kjøpe ulovleg tilverka brennevin.
4.11 Evaluere forvaltninga av alkohollova
Endringane i alkohollova frå 1. januar 1998 blei særleg grunngitt med behovet for å gjere lova til eit betre styringsinstrument for kommunane i den lokale alkoholpolitikken. Lova tek sikte på at alkoholpolitikken i stor grad skal styrast ved tildeling av bevillingar. Lovendringane fører mellom anna til at bevillingane no er knytte til den eller dei som har det økonomiske ansvaret for ei sals- eller skjenkjeverksemd. Poenget med desse endringane er å fange opp dei juridiske, økonomiske og ansvarsmessige realitetane i næringa. Lova stiller strenge krav til vandel for bevillingshavarar. Vi vil òg nemne kravet om at styraren ved kvar einskild sals- og skjenkjestad, og dei som opptrer på vegne av styraren, skal ha dokumenterte kunnskapar om alkohollova.
Den mest markerte endringa i norsk alkoholpolitikk sidan 70-åra er at alkohol er blitt mykje lettare tilgjengeleg enn den gongen på grunn av ei vesentleg liberalisering i den kommunale handhevinga av alkoholpolitikken. Denne vridinga i verkemiddelbruken i kommunane gir grunnlag for ei viss uro. Dei endringane som er gjorde i alkohollova med verknad frå 1. januar 1998, gir kommunane høve til å drive ein meir aktiv alkoholpolitikk.
Regjeringa ser på evalueringa av oppfølginga av lovendringane som ei viktig oppgåve. Det vil særleg vere viktig å undersøkje i kva grad kommunane faktisk nyttar den heimelen dei no har fått i den reviderte lova til å styre den lokale alkoholpolitikken på ein betre måte.
Regjeringa vil kartleggje nærmare dei grensene for tiltak som internasjonalt regelverk set.
4.12 Malar for rusmiddelpolitiske handlingsplanar i kommunane
Frå 1. januar er kommunane etter § 1-7d i alkohollova pålagde å utarbeide ein alkoholpolitisk handlingsplan. Regjeringa ser slike planar som eit viktig verkemiddel for kommunane i arbeidet med å leggje til rette for ein heilskapleg rusmiddelpolitikk. Det er ikkje gitt pålegg om at planen skal omfatte alle rusmiddelpolitiske tiltak (også tiltak retta mot narkotika), men vi finn ei slik tilnærming tenleg. Mange kommunar har også laga slike planar. Ei viktig side ved planen vil vere å få til ein rusmiddelpolitisk debatt i kommunen. Planen bør derfor behandlast i kvar kommunestyreperiode. Sosial- og helsedepartementet vil i 1998 utarbeide ein mal for slike rusmiddelpolitiske handlingsplanar, og Rusmiddeldirektoratet vil gi stimuleringsmidlar for å få sett planane i verk.
4.13 Ny landsplan for A/S Vinmonopolet
Landsplanen har heimel i alkohollova § 3-3 og gir departementet høve til å fastsetje eit høgste tal på salsbevillingar og bestemme fordelinga av dei.
Regjeringa Brundtland la i oktober 1996 fram ein odelstingsproposisjon med forslag til endringar i alkohollova. Regjeringa føreslo den gongen å la eit tak på talet på vinmonopolutsal stå ved lag, men at ramma for talet kunne utvidast med opptil 50 utsal. Eit fleirtal i Stortinget slutta seg våren 1997 til dette forslaget. Etter dette opna A/S Vinmonopolet to nye utsalsstader hausten 1997.
Denne regjeringa har ønskt å sjå ei så omfattande utviding av talet på utsal i samanheng med den rusmiddelpolitiske handlingsplanen. Sosial- og helsedepartementet forlengde derfor i desember 1997 i første omgang landsplanen for perioden 1994-1997 til også å omfatte 1998, og det blei sett ei ramme på 8 nye utsal i 1998.
For perioden 1999-2002 har departementet vedteke ein ny landsplan for Vinmonopolet, med ei ramme på inntil 40 nye utsal, i tillegg til dei 10 som ble vedtekne for 1997/98.
Det finst ei omfattande forsking omkring samanhengen mellom tilgjenge til og forbruk av alkohol. Forskinga viser at når alkohol blir lettare tilgjengeleg, kan ein i dei fleste tilfelle forvente ein viss auke i forbruket, sjølv om storleiken på denne omsetninga er avhengig av ei rad faktorar. Til dømes blei det ein auke på heile 47 % i alkoholomsetninga i Finland då ein i 1969 opna for sal av middels sterkt øl i ca 17 000 daglegvarebutikkar, samtidig som det blei opna 30 nye brennevinsutsal og svært mange kaféar fekk skjenkjerett. Ein annan påvist effekt av endra tilgjenge er den såkalla «substitusjonseffekten», det at eit rusmiddel som blir lettare tilgjengeleg, kjem i staden for andre rusmiddel, eller motsett: Det at eitt rusmiddel blir vanskelegare tilgjengeleg, fører til auka forbruk av andre.
Dei verknadene av opning av nye vinmonopolutsal som er studerte i Noreg til no, er lokale verknader av nye utsalsstader, det vil seie endringar som i landsmålestokk er bagatellmessige, men som kan verke store på lokalplanet. I dei studiane som er gjorde, er det påvist ein viss substitusjon av heimebrent, smuglarvarer, heimelaga vin og til dels øl med varer som blei meir tilgjengelege i og med at det nye vinmonopolutsalet blei opna. Derimot har ein ikkje kunna påvise nokon vesentleg auke i det totale alkoholkonsumet i den kommunen der utsalet er blitt opna.
4.14 Utvida informasjonsinnsats frå A/S Vinmonopolet
Regjeringa legg vekt på at A/S Vinmonopolet gir brei informasjon om grunnlaget for verksemda og den rolla verksemda spelar som alkoholpolitisk instrument. Regjeringa vil såleis ta initiativ til at bedrifta i større utstrekning enn i dag utarbeider og bruker informasjonsmateriell o.l. Informasjonsansvaret skal også omfatte utarbeiding av opplysningsmateriell om helsefarane ved overdrive alkoholforbruk, og mellom anna støtte opp under punktfråhaldsstrategien.
A/S Vinmonopolet har ansvaret for å handheve aldersgrensene ved sal av alkohol. Det vil bli sett i verk tiltak for å styrkje kontrollen.
Regjeringa er oppteken av at A/S Vinmonopolet ikkje blir brukt som salskanal for alkoholhaldige drikker som av alkoholpolitiske grunnar er uønskte på marknaden i Noreg, t.d. produkt som tydeleg rettar seg til ungdom. Sosial- og helsedepartementet kan med heimel i alkohollova påleggje A/S Vinmonopolet å la vere å ta slike produkt inn i vareutvalet. Det kjem til å bli vurdert om departementet bør bruke denne retten til å påverke vareutvalet meir aktivt enn i dag.
Regjeringa vil og vurdere helsefaremerking av alkoholhaldige drikker som eit mogleg tiltak, og greier no ut dei spørsmåla som slik merking reiser. Aktuelle tema er t.d. rus og graviditet og rus og bilkøyring. Det finst lovgiving om helsefaremerking i ni land. Til desse landa høyrer USA, seks latinamerikanske, eitt afrikansk og eitt asiatisk land.
4.15 Effektivisere reklameforbodet som gjeld for alkoholhaldige drikkevarer
Forbodet mot alkoholreklame blei innført i 1973. Fleire europeiske land har etter dette innført reklamerestriksjonar. Dei første åra etter innføringa blei forbodet etterlevd av aktørane i marknaden, og handhevinga baud på få problem. Utviklinga har vist ei endra holdning til forbodet, og det er blitt meir og meir vanleg at ulike aktørar opptrer i strid med eller på kanten av forbodet, t.d. gjennom ei bevisst tilknyting til populære og normalt rusmiddelfrie aktivitetar som idrett, og gjennom plassering av varene i butikklokala. Utviklinga har også vist at det i praksis er vanskeleg å handheve reklameforbodet. Det kjem mellom anna av at ein ikkje har høve til å setje inn sanksjonar, og av lang saksbehandlingstid. Regjeringa arbeider med tiltak som kan effektivisere reklameforbodet.
4.16 Forbod mot varer og reklame relatert til narkotika
Det er i Dokument nr. 8:41 (1997-98) sett fram forslag om forbod mot varer og reklame som relaterer seg til narkotika. Stortinget vedtok 28. april 1998 å oversende forslaget til regjeringa for utgreiing og uttale.
I straffelova § 140 er det eit generelt forbod mot å oppfordre til straffbare handlingar. Sosial- og helsedepartementet ønskjer å innføre eit forbod som spesielt rettar seg mot oppmodning til bruk av illegale narkotiske stoff, og tek sikte på å leggje fram ein Odelstingsproposisjon om dette.
4.17 Tiltak for å avgrense bruken av såkalla «rusbrus» eller «alcopops»
Rusbrus er ei samansett gruppe produkt, som i hovudsak inneheld mellom 4 og 6 volumprosent alkohol. Dei fleste er produserte på basis av gjæra frukt, men det finst òg produkt som er tilsette sprit eller er baserte på malt som alkoholkjelde. Gjæra og spritbaserte drikker (som inneheld meir enn 2,50 volumprosent alkohol) kan berre seljast av A/S Vinmonopolet. Maltbasert rusbrus (med eit alkoholinnhald på opptil 4,75 volumprosent) har vore selt som øl i daglegvarebutikkar med bevilling for ølsal. Det kjem av at den definisjonen av øl som er gitt i alkohollova, er knytt til regelverket i øllova. Slik dette av avgiftsmessige grunnar er utforma, kan det opne for at drikker som er baserte på malt, men elles har lite til felles med øl, likevel blir definerte som øl.
På grunn av smaken og marknadsføringa appellerer rusbrusen i særleg grad til ungdom. Sosial- og helsedepartementet har derfor følgt nøye med på utviklinga av salet av rusbrus. Førebels ser det ut til at salet gjennom A/S Vinmonopolet har stagnert, etter at det ein periode fram til sommaren 1997 auka markant.
Salet av maltbasert rusbrus i daglegvarehandelen har gått ned. Dels har fleire produsentar på grunn av uheldig reklameeffekt og moralske innvendingar slutta å produsere slike varer, dels har mange salsstader slutta å tilby varene. Regjeringa finn det likevel uheldig at nokre av desse drikkene, som i særleg grad rettar seg mot ungdom, kan seljast i daglegvarehandelen som øl. Regjeringa tek derfor sikte på at definisjonen av øl i forskrifta til øllova blir revidert, slik at rusbrus basert på malt ikkje kan omsetjast etter reglane i alkohollova som om det var øl.
Regjeringa har også vurdert om det er råd å påleggje rusbrus ei særskild avgift. På grunn av store problem med å definere produktet klart nok til å skilje det frå andre produkt i avgiftsmessig samanheng, vil det vere vanskeleg å føreslå ei særskild avgift.
4.18 Tiltak mot «rusbruspulver»
Sosial- og helsedepartementet vil i første halvår 1998 med heimel i alkohollova utarbeide utkast til ei forskrift om 18-års aldersgrense knytt til innførsel, sal og kjøp av preparat og andre varer som i hovudsak blir brukte ved tilverking av eller som tilsetjing til alkoholhaldig drikk. Formålet med forskrifta vil vere å syte for at såkalla «rusbruspulver» ikkje blir omsett av eller til mindreårige.
Sosial- og helsedepartementet har også vurdert forbud mot «rusbruspulver», men funne at pliktene ein har gjennom EØS-avtala ikkje gjer det mogleg.
4.19 Styrkt rettleiing og tilsyn med utskriving av resept på vanedannande medikament
Legalt utskrivne medikament hamnar til ein viss grad på den ulovlege stoffmarknaden. Etter at Stortinget i mai l997 behandla St.meld. nr. 16 (l996-97) Narkotikapolitikken og vedtok at metadonassistert rehabilitering skal etablerast som eit landsomfattande tilbod til tungt belasta opiatmisbrukarar, rapporterer fylkeslegane om auka press på legar frå misbrukarar for å få skrive ut resept på vanedannande medikament i påvente av inntak i metadonprosjekt. Dette er ei uheldig utvikling, ettersom utskrivinga kan skje utan at det er lagt til rette for nødvendig oppfølging og kontroll. Statens helsetilsyn vil, parallelt med at tilbodet om metadonassistert rehabilitering blir bygd ut, styrkje rettleiinga og tilsynet med korleis legar skriv ut resept på vanedannande medikament. Sosial- og helsedepartementet vil vidare vurdere den rolla legalt utskrivne lækjemiddel speler som misbruksproblem, mellom anna når det gjeld overdosedødsfall, og tiltak for å motverke slike problem og medfølgjande dødsfall.
4.20 Internasjonalt samarbeid
Både på alkohol- og narkotikaområdet skjer det ei global utjamning av forbruksmønstra. Internasjonalt blir det teke til orde for meir liberale holdningar til narkotikabruk. Også norsk alkoholpolitikk kjem til å bli sterkare utfordra i åra framover som følgje av auka internasjonalisering. Noreg skal framleis stå for ein restriktiv rusmiddelpolitikk, og med det presset vi blir utsette for i eit internasjonalisert miljø, blir det i aukande grad viktig at Noreg deltek i internasjonale forum der holdningar til rusmiddel blir drøfta og påverka.
Mange frivillige organisasjonar deltek aktivt i internasjonalt samarbeid. Dette er viktig for impulsar og utveksling av rusmiddelpolitiske idear og tiltak.
Regjeringa legg vekt på eit utstrekt nordisk samarbeid om rusmiddelspørsmål. Under Nordisk Ministerråd er det frå og med 1997 etablert eit eige ministerråd på narkotikaområdet. Det er òg etablert eit nordisk samarbeid om alkohol- og narkotikaspørsmål innanfor ramma av Nordiska nämnden för alkohol- och drogforskning, der Noreg deltek.
FN speler ei sentral rolle i det internasjonale samarbeidet omkring rusmiddel. Særleg gjeld det narkotikaspørsmål, men òg i nokon grad alkoholspørsmål. Noreg vil framleis delta aktivt i alle relevante FN-forum. WHO har sett som mål at forbruket av alkohol skal reduserast med 25 % innan år 2000. Noreg har slutta seg til dette målet, og denne handlingsplanen er eit ledd i arbeidet med å nå målet.
Noreg deltek òg gjennom EØS-avtala i Narkotikaførebyggingsprogrammet under Folkehelseprogrammet til EU. Programmet tek sikte på styrkje kunnskapane om narkotikamisbruk og konsekvensane av det, medverke til betre informasjonsutveksling, utdanning og opplæring om førebygging, og å utnytte fordelane ved auka samarbeid og utveksling av erfaringar om førebyggjande tiltak. Noreg er òg ein aktiv medlem i samarbeidsgruppa om narkotikaspørsmål i Europarådet (Pompidougruppa).
Generalforsamlinga i FN held i juni i år ein spesialsesjon om narkotika med sikte på å stimulere til auka internasjonal innsats mot narkotikaproblema. Regjeringa stiller seg bak ei slik målsetjing. I samarbeid med Utanriksdepartementet støttar Sosial- og helsedepartementet eit femårig primærførebyggingsprosjekt i regi av FN sitt narkotikakontrollprogram UNDCP og WHO i det sørlege Afrika, Sentral- og Aust-Europa og Søraust-Asia. Prosjektet mobiliserer frivillige organisasjonar og krefter i lokalmiljøa. Utanriksdepartementet si støtte til UNDCP blir nytta til prosjektfinansiering og, i tillegg frå 1997, også til UNDCP sitt General Purpose Fund. Samla støtte er monaleg auka frå 1997 til 1998. Hovudføremålet for prosjektstøtta er å skape alternative inntekter for bønder som i dag dyrkar narkotika, samt motivere innbyggjarane til å bruke rusmidlar. Utanriksdepartementet vil vurdere ytterlegare bruk av norske bistandsmidlar til det internasjonale samarbeidet for å medverke til å redusere både det nasjonale og det internasjonale rusmiddelmisbruket.