1 Innleiing og bakgrunn
Gjennom behandlinga av St.prp. nr. 14 (1998-99) har Stortinget gitt samtykke til bompengeinnkrevjing for delvis bompengefinansiering av prosjekt og tiltak på Nord-Jæren, jf. Innst. S. nr. 151 (1998-99). Innkrevjinga starta i april 2001, og i utgangspunktet var det lagt til grunn ein bompengeperiode på 10 år.
Gjennom den politiske behandlinga av Statens vegvesen sitt forslag til handlingsprogram/planleggingsprogram for perioden 2002-2011 blei det gitt tilslutning til prioriteringane innanfor Nord-Jærenpakken i perioden 2002-2005. Vidareføringa etter 2005 blei behandla i to trinn. Ved behandlinga av St.prp. nr. 1 (2004-2005) ga Stortinget tilslutning til endringar i bompengeordninga. Bompengetakstane blei auka til 13 kr for lette køyretøy og 26 kr for tunge køyretøy. Vidare blei det lagt opp til kontinuerleg innkrevjing, dvs. heile døgnet og alle vekedagar. Gjennom den politiske behandlinga av Statens vegvesen sitt forslag til handlingsprogram for perioden 2006-2015, blei det gitt tilslutning til prioriteringane innanfor Nord-Jærenpakken i perioden 2006-2009.
Samanlikna med St.prp. nr. 14 har det vore ein vesentleg auke i den samla kostnadsramma for Nord-Jærenpakka. I St.prp. nr. 1 (2005-2006) blei den samla kostnadsramma for vegdelen i pakka vurdert til om lag 4,6 mrd. kr. Det var likevel understreka at det framleis var knytt stor uvisse til kostnadene fordi mange prosjekt og tiltak var på eit tidleg stadium i planlegginga. Bompengetakstane er ikkje blitt justert i tråd med prisutviklinga sidan St. prp. nr. 1 (2004-2005) blei lagt fram. Netto bompengeinntekter i 2007 var 206 mill. kr.