2 Lokalpolitisk behandling
Etter at saka var tatt opp i styringsgruppa for Transportplan Jæren har Rogaland fylkeskommune lagt fram eit forslag til fullføring av Nord-Jærenpakka ved å auke inntektene fram til utløpet av 2011, jf. omtale i St.meld. nr. 16 (2008-2009) Nasjonal transportplan 2010-2019, side 163-165. Forslaget er utarbeidd i fleire alternativ der bompengetakstar og rabattar varierer. I alle alternativa er det lagt til grunn at ordninga med at trafikantane berre betalar for ei passering pr. time og 75 passeringar pr. månad blir oppretthalden. I høyringsforslaget var følgjande prosjekt og tiltak frå den opphavlege Nord-Jærenpakka omtalt som aktuelle å finansiere innanfor dei auka bompengeinntektene:
Rv 510 Solasplitten. (50 mill. kr til finansiering av kostnadsauke) Prosjektet har ei lengd på 3,6 km og inngår i ei veglenke mellom E39, Stavanger lufthamn Sola og stamnetthavna i Risavika. Prosjektet er omtalt i St.prp. nr. 1 (2008-2009), side 100.
Kollektivfelt rv 44 og rv 509 . Aktuelle strekningar er rv 44 mellom Hillevåg og Vaulen og gjennom Forusområdet samt rv 509 fra Ragbakken mot Sunde/Hafrsfjord bru.
Rv 505 Foss-Eikeland bru Prosjektet gjeld fjerning av ein flaskehals som vil gi betre framkome til næringsområdet i Foss-Eikeland-/Orstadområdet og gi auka trafikktryggleik.
Kryssutbetring rv 510 Sømmevågen vest. Prosjektet inngår i same veglenke som Solasplitten og er viktig for framkoma både til Stavanger lufthamn Sola og til stamnetthavna i Risavika.
I tillegg inngår mindre investeringstiltak (bygging av gang- og sykkelvegar, trafikktryggleiks- og miljøtiltak).
Stavanger kommune støttar ein takstauke til høvesvis 25 kr for lette køyretøy og 50 kr for tunge køyretøy og maksimal rabatt på 40 pst. Gjesdal kommune tilrår at takstane blir auka til 20 kr/40 kr og maksimal rabatt 50 pst. Klepp kommune støttar ei fullføring av Nord-Jærenpakka utan å vise til noko spesielt alternativ. Randaberg kommune støttar primært at innkrevjinga blir endra til å omfatte drivstoffavgift, men kan støtte ein takstauke til 20 kr/40 kr og maksimal rabatt på 50 pst dersom bompengeordninga blir utvida til å omfatte trafikk innanfor Stavanger kommune. Dette skal skje ved at talet på bomstasjonar blir auka for å dekke dei mest trafikkerte vegane. Time kommune seier nei til justering av takstane no. Før det eventuelt bør skje, meiner Time kommune at bompengeordninga må utvidast til også å omfatte trafikk innanfor Stavanger kommune. Sandnes kommune ønskjer å halde fram med dagens takstar og rabattar ut den vedtekne perioden for Nord-Jærenpakka. Dersom det ikkje lukkast å finansiere alle prosjekta, meiner Sandnes kommune at dei attståande prosjekta må innarbeidast i ei Jærenpakke 2. Sola kommune støttar ikkje ein auke i bompengetakstene. Hå kommune ber om at takstane ikkje blir auka utover justeringar i tråd med konsumprisindeksen.
Fylkestinget i Rogaland behandla saka 10. desember 2008 og fatta følgjande vedtak:
Bomtakstene på Nord-Jæren økes til 20 kr for lette kjøretøyer og 50 kr for tunge kjøretøyer. Maksimal rabattsats settes til 40 pst. Rabattordningene med maksimaltak på 75 passeringer pr. måned og timesregel opprettholdes.
De økte bompengeinntektene skal gå til å fullføre Nord-Jæren pakke 1 med følgende prosjekter:
Kostnadsøkning Rv510 Solasplitten: 50 mill. kr.
Kollektivfelt Rv 44 og Rv 509: 370 mill. kr.
Rv505 Foss-Eikeland bru: 50 mill kr.
Gang-/sykkelveger, trafikksikkerhets- og miljøtiltak: 50 mill kr
Kryssutbedring Rv510 vest i Sømmevågen: inntil 140 mill kr.
Fylkestinget ber om at det arbeides videre med å få til en løsning der dagpendlere kun må betale bompenger i den ene retningen samt at driften av bompengeordningen effektiviseres ved å fjerne myntautomatene.
De prosjekter som er forutsatt realisert i Jærenpakke 1 men som ikke blir finansiert, forutsettes overført til en Jærenpakke 2.
Fylkestinget forutsetter at det i forbindelse med en Jærenpakke 2 søkes etablert et nytt system for ekstraordinær finansiering som oppfattes som mer rettferdig i forhold til de prosjekter som skal finansieres.