3 Samferdselsdepartementet si vurdering
Samferdselsdepartementet viser til at høyringsforslaget presenterer fleire alternativ for fullføring av Nord-Jærenpakken. Kommunane er ikkje samde om opplegg, men ingen av dei har gått i mot at utbyggingstiltaka blir gjennomførte. Departementet sluttar seg til fylkestinget sitt vedtak. Etter Samferdselsdepartementet sitt syn må transportutfordringane på Jæren sjåast i ein regional samanheng på tvers av kommunegrensene. Det reviderte bompengeopplegget gjeld dessutan ein avgrensa periode på om lag 2½år. Departementet legg til grunn at reviderte takstar og rabattordningar blir sett i verk så snart som mogleg etter at Stortinget har behandla saka.
Det er rekna med at endringane vil auke inntektene med om lag 160 mill. kr pr. år, dvs. med totalt om lag 400 mill. kr frå sommaren 2009 fram til utløpet av 2011.
Samferdselsdepartementet viser til at ikkje alle prosjekt og tiltak som er omtalt i pkt. 2 i fylkestingets vedtak kan finansierast innanfor opplegget for fullføring av Nord-Jærenpakka. I pkt. 4 i vedtaket legg fylkestinget til grunn at dei prosjekta som er føresett realiserte i Nord-Jærenpakka men som ikkje let seg finansiere, blir overførte til ei Jærenpakke 2.
Oppmodinga frå fylkestinget om ei anna løysing for dagpendlarar har blitt behandla i styret for Nord-Jæren Bompengeselskap AS. Styret uttrykker skepsis til ytterlegare fritaksordningar og viser til at dette vil medføre tapte inntekter og auka drifts- og administrasjonskostnader. Samferdselsdepartementet legg til grunn at det ikkje blir innført ei ny rabattordning for dagpendlarar no. Innkrevjinga for Nord-Jærenpakka blir vurdert automatisert gjennom ei forenkla automatisk løysing. Ved ei eventuell automatisering blir ordninga med «passeringstak» på 75 passeringar pr. månad og «timesregel» oppretthalden for dei som har Autopass-avtale. Spørsmål knytt til personvern som følgje av ei slik eventuell automatisering vil bli handtert i tråd med dei prinsippa som er slått fast i St.meld nr. 16 (2008-2009) Nasjonal transportplan 2010-2019.
I St.prp. nr. 1 (2008-2009) er det lagt opp til å starte opp prosjektet rv 510 Solasplitten i 2009 under føresetnad av fullfinansiering. I St.prp. nr. 1 var kostnadsoverslaget førebels utrekna til om lag 480 mill. kr 2009-kr. Delar av kostnadene er føresett dekka av lokale tilskot. Det var lagt til grunn lang kulvert gjennom Kristensberget og at meirkostnadene ut over kostnadene med kort kulvert skulle dekkast av Sola kommune. Sola kommunestyre har 12. mars 2009 fatta vedtak om å ikkje dekke meirkostnadene ved lang kulvert. Det er vidare lagt opp til å endre reguleringsplanen gjennom ny behandling i kommunestyret for å legge til rette for kort kulvert. Kostnadsoverslaget for kort kulvert er 419 mill. 2008-kr. Omrekna til 2009-prisnivå er kostnadsoverslaget 436 mill. kr. I fylkesrådmannen si saksframstilling om fullføring av Nord-Jærenpakka er Solasplitten prioritert høgast. Samferdselsdepartementet legg til grunn at Solasplitten er fullfinansiert i opplegget for fullføring av Nord-Jærenpakka. Det blir lagt opp til å starte førebuande arbeid i desember 2009, og prosjektet er venta opna for trafikk i 2012.
I november 2007 blei det bestemt at det skal gjennomførast ei konseptvalutgreiing for heile transportsystemet på Jæren med påfølgjande ekstern kvalitetssikring (KVU/KS1). Konseptvalutgreiinga, som etter planen blir sluttført sommaren 2009, vil gi grunnlag for vidare planlegging og drøfting av finansieringsløysingar av større samferdselstiltak på Jæren, m.a. for det vidare arbeidet med utforming av Jærenpakke 2. I konseptvalutgreiinga blir det lagt stor vekt på å gjere greie for ulike alternativ for kollektivtilbod, og det blir m.a. vurdert å etablere ei bybane i Stavangerområdet. Prosjekta rv 44 Gandsfjordkryssinga og E39 Eiganestunnelen blir vurdert i arbeidet med ei Jærenpakke 2. Samferdselsdepartementet vil kome tilbake til Jærenpakke 2 når nærere avklaringer ligg føre.