Tilråding
Utanriksdepartementet
tilrår:
At Dykkar Majestet godkjenner og skriv under eit framlagt forslag til proposisjon til Stortinget om samtykke til godkjenning av EØS-komitéen sitt vedtak nr 37/97 av 27. juni 1997 om endring av protokoll 31 til EØS-avtala om EFTA-statane si deltaking i Fellesskapet sitt program Multilingual Information Society (MLIS).
Vi HARALD, Norges Konge,
stadfester:
Stortinget blir bedt om å gjere vedtak om samtykke til godkjenning av EØS-komitéen sitt vedtak nr 37/97 av 27. juni 1997 om endring av protokoll 31 til EØS-avtala om EFTA-statane si deltaking i Fellesskapet sitt program Multilingual Information Society (MLIS), i samsvar med eit framlagt forslag.
Tilråding frå Utanriksdepartementet ligg ved.