St.prp. nr. 6 (1997-98)

Om samtykke til godkjenning av EØS-komitéen sitt vedtak nr 37/97 av 27. Juni 1997 om endring av protokoll 31 til EØS-avtala om EFTA-statane si deltaking i Fellesskapet sitt program Multilingual Information Society (MLIS)

Til innholdsfortegnelse

2 RÅDSVEDTAK av 21. november 1996 om vedtaking av eit fleirårig program for å fremje språkmangfaldet i Fellesskapet i informasjonssamfunnet (96/664/EF)

RÅDET FOR DEN EUROPEISKE UNIONEN HAR -

med tilvising til traktaten om skipinga av Det europeiske fellesskapet, særleg artikkel 130 nr. 3, med tilvising til framlegget frå Kommisjonen,

med tilvising til fråsegna frå Europaparlamentet,11

med tilvising til fråsegna frå Økonomi- og sosialutvalet, 2

med tilvising til fråsegna frå Regionutvalet33og

ut frå desse synsmåtane:

  1. 1.

    Framveksten av informasjonssamfunnet gjev industrien, særleg språkindustrien, nye perspektiv med omsyn til kommunikasjon og handel på dei europeiske marknadene og verdsmarknadene, som alle er prega av stort språkleg og kulturelt mangfald.

  2. 2.

    For å kunne dra full nytte av føremonene med den indre marknaden og halde seg tevleføre på verdsmarknadene må industrien og alle andre aktuelle aktørar utarbeide særskilde og fullgode løysingar for å overvinne dei språklege hindringane.

  3. 3.

    Den private sektoren på dette området omfattar i all hovudsak små og mellomstore føretak, som har monalege vanskar med å kome inn på andre språkmarknader og difor må støttast, særleg på grunn av den rolla dei har som kjelde til sysselsetjing.

  4. 4.

    Det er naudsynt å fremje bruken av teknologi, verktøy og metodar som minskar kostnadene ved overføring av informasjon mellom personar eller brukarprogram som nyttar ulike språk, samstundes som omsetjingskvaliteten vert sikra, særleg når det gjeld litterær omsetjing, som krev ein særleg kreativ innsats.

  5. 5.

    Under møtet sitt på Korfu 24.-25. juni 1994 streka Det europeiske rådet under kor viktige dei kulturelle og språklege sidene ved informasjonssamfunnet er, og under møtet sitt i Cannes 26.-27. juni 1995 tok Det europeiske rådet opp att kor viktig språkmangfaldet er for Den europeiske unionen. Under G7-ministerkonferansen i Brussel 25.-26. februar 1995 vart det lagt vekt på kor viktig det er med språkleg og kulturelt mangfald i det verdsfemnande informasjonssamfunnet.

  6. 6.

    Framveksten av informasjonssamfunnet kan gje borgarane i Europa auka tilgang til informasjon og eit eineståande høve til å ta del i det rike kulturelle og språklege mangfaldet i Europa.

  7. 7.

    Språkpolitikken høyrer inn under ansvarsområdet til medlemsstatane, som samstundes må rette seg etter fellesskapsretten. Å fremje utviklinga av moderne språkhandsamingsverktøy og bruken av dei er likevel ei oppgåve på eit område der det er naudsynt med fellesskapstiltak for å oppnå vesentlege stordriftsføremoner og utjamning mellom dei ulike språkområda. Dei tiltaka som skal gjerast på fellesskapsplan, bør stå i høve til dei måla som skal nåast, og dei bør berre omfatte område der det kan skapast ein tilleggsverdi for Fellesskapet.

  8. 8.

    Medlemsstatane kan vurdere om dei etter dei gjeldande rammereglane ønskjer å nytte strukturfonda til å utvikle den språklege dugleiken i informasjonssamfunnet.

  9. 9.

    Fellesskapet bør ta omsyn til dei kulturelle og språklege sidene ved informasjonssamfunnet.

  10. 10.

    Det må gjerast ein innsats for å sikre alle europeiske borgarar likt høve til å ta del i informasjonssamfunnet, utan omsyn til den sosiale, kulturelle, språklege eller geografiske situasjonen deira.

  11. 11.

    Det er svært viktig at borgarane har lik tilgang til informasjon. Slik informasjon bør vere tilgjengeleg for dei på deira eige språk.

  12. 12.

    Språk som vert verande utanfor informasjonssamfunnet, står i fare for å verte marginaliserte før eller seinare.

  13. 13.

    Tilgangen til informasjon får auka verdi dersom borgarane har kjennskap til andre språk. Difor bør dette programmet utfyllast med fellesskapsinititativ med sikte på å styrkje undervisninga i andre fellesskapsspråk i skulane.

  14. 14.

    Det er i interessa til Fellesskapet å støtte skipinga av ein infrastruktur som oppmuntrar til å dyrke fram og utnytte dei språkressursane som er naudsynte for å oppnå betre språktenester og språkverktøy og for å fremje arbeid med forsking, teknologi og utvikling (FTU).

  15. 15.

    For å minske kommunikasjonskostnadene og sikre språkmangfaldet bør det oppmuntrast til å auke medvitet om og fremje ytinga av fleirspråklege tenester i Fellesskapet der det vert nytta språkteknologi, -ressursar og -standardar, og til å innarbeide desse i edb-brukarprogram.

  16. 16.

    Informasjons- og kommunikasjonsteknologi-industrien bør oppmuntrast til å utarbeide standardar som tek omsyn til språkmangfaldet, og til å innarbeide dei i produkta og brukarprogramma sine.

  17. 17.

    Fellesskapsorgana og dei rette styresmaktene i medlemsstatane bør styrkje samarbeidet sitt med sikte på å minske kostnadene ved utvikling og bruk av dei språkverktøya som er naudsynte for at dei skal kunne utføre oppgåvene sine; for dette føremålet bør dei fullt ut dra nytte av dette programmet og av det fellesskapsinitiativet som vart vedteke i medhald av rådsavgjerd 95/468/EF av 6. november 1995 om fellesskapstilskot til telematisk datautveksling mellom administrasjonar i Fellesskapet (IDA)44.

  18. 18.

    Dei tiltaka som skal gjerast i samband med iverksetjinga av dette programmet, bør samordnast nært med andre inititativ på nasjonalt plan og på fellesskapsplan, slik det er understreka særleg i handlingsplanen til Kommisjonen «Europa på veg mot informasjonssamfunnet», og bør gjennomførast i samverknad med initiativa til Kommisjonen med omsyn til utdanning, opplæring, audiovisuelle medium, informasjonsutveksling, FTU og små og mellomstore føretak.

  19. 19.

    Ved hjelp av føremålstenlege samordningsmekanismar må Kommisjonen syte for at det er komplementaritet og samverknad med nærskylde fellesskapsinitiativ.

  20. 20.

    Framdrifta av programmet bør overvakast jamleg og systematisk, slik at det eventuelt kan tilpassast utviklinga på området fleirspråksbruk. På eit gjeve tidspunkt bør det gjerast ei uavhengig vurdering av framdrifta av programmet, slik at det ligg føre bakgrunnsopplysningar som er naudsynte for å fastsetje måla for etterfølgjande tiltak.

  21. 21.

    Ved slutten av programmet bør det gjerast ei sluttvurdering der dei resultata som er oppnådde, vert samanlikna med dei måla som er fastsette i dette vedtaket.

  22. 22.

    Tiltaka i dette programmet rører på ingen måte ved konkurransereglane til Fellesskapet.

  23. 23.

    I dette vedtaket er det ført opp ein finansiell referansesum, slik det er definert i punkt 2 i fråsegna frå Europaparlamentet, Rådet og Kommisjonen av 6. mars 1995, for heile det tidsrommet som programmet varer, utan at dette rører ved dei fullmaktene som budsjettstyresmakta har i medhald av traktaten.

  24. 24.

    Det kan vere til ymsesidig føremon at internasjonale organisasjonar og juridiske personar frå tredjestatar tek del i gjennomføringa av heile eller delar av programmet, men den overordna politikken til Fellesskapet overfor desse organisasjonane må etterlevast. Samarbeid med tredjestatar på dette området bør inngå i fellesskapsprogram for økonomisk og teknisk samarbeid med tredjestatar på dette området bør inngå i fellesskapsprogram for økonomisk og teknisk samarbeid med tredjestatar -

GJORT DETTE VEDTAKET:

Artikkel 1

Det vert vedteke eit fellesskapsprogram som har som mål å auke medvitet om og stimulere ytinga av fleirspråklege tenester i Fellesskapet der det vert nytta språkteknologi, -ressursar og -standardar,

  • å skape gode vilkår for utvikling av språkindustrien, å minske kostnadene ved overføring av informasjon mellom språk, særleg for små og mellomstore føretak,

  • å medverke til å fremje språkmangfaldet i Fellesskapet.

I dette vedtaket tyder

  1. A.

    «fleirspråklege tenester» tenester som gjer det mogleg for brukarar av ulike språk i Fellesskapet å kommunisere seg imellom,

  2. B.

    «språkindustri» føretak, institusjonar og fagfolk som yter eller gjer det mogleg å yte ein- eller fleirspråklege tenester på område som informasjonssøking, omsetjing, datamaskinell språkhandsaming og elektroniske ordbøker.

Artikkel 2

For å nå dei måla som er nemnde i artikkel 1, skal følgjande tiltak gjennomførast i samsvar med dei tiltaksområda som er oppførde i vedlegg I, og i samsvar med dei nærmare reglane for gjennomføringa av programmet som er oppførde i vedlegg III:

  • tiltak for å støtte skipinga av ei ramme for språkressurstenester og for å oppmuntre dei samanslutningane som tek del i dette arbeidet,

  • tiltak for å oppmuntre til bruk av språkteknologi, -ressursar og -standardar og til å innarbeide dei i edb-brukarprogram,

  • tiltak for å fremje bruken av avanserte språkverktøy i den offentlege sektoren i Fellesskapet og medlemsstatane,

  • tilknytte tiltak.

Ingen av tiltaka må overlappe det arbeidet som vert utført på desse områda innan ramma av andre fellesskapsprogram eller andre nasjonale program.

Ved alle planlagde prosjekt skal det i fellesskapstiltaka takast omsyn til noverande samarbeidsordningar på nasjonalt plan, fellesskapsplan og internasjonalt plan for ressursdeling når det gjeld omsetjing, terminologi, leksikon og korpus, slik at det kan dragast nytte av arbeid som alt er gjort, og slik at dobbeltarbeid kan unngåast.

Artikkel 3

Programmet skal gjelde i eit tidsrom på tre år rekna frå den dagen då dette vedtaket vert gjort.

Den finansielle referansesummen for gjennomføringa av programmet er 15 millionar ECU for det førnemnde tidsrommet.

Dei årlege løyvingane skal godkjennast av budsjettstyresmakta innan ramma av dei finansielle overslaga.

I vedlegg II er det oppført ei rettleiande utgiftsfordeling.

Artikkel 4

  1. 1.

    Kommisjonen er ansvarleg for å gjennomføre programmet og samordne det med andre fellesskapsprogram. Kommisjonen skal få hjelp av eit utval som er samansett av representantar for medlemsstatane og vert leidd av representanten for Kommisjonen.

  2. 2.

    Representanten for Kommisjonen skal leggje fram for utvalet eit utkast til tiltak som skal gjerast. Utvalet skal kome med ei fråsegn om utkastet innan ein frist som leiaren kan fastsetje etter kor mykje saka hastar. Fråsegna skal gjevast med det fleirtalet som artikkel 148 nr. 2 i traktaten fastset for avgjerder som Rådet skal ta etter framlegg frå Kommisjonen. Ved røysting i utvalet skal røystene til representantane for medlemsstatane ha den vekta som den førnemnde artikkelen fastset. Leiaren skal ikkje røyste.

  3. 3A.

    Kommisjonen skal vedta dei planlagde tiltaka dersom dei er i samsvar med fråsegna frå utvalet.

  4. B.

    Dersom dei planlagde tiltaka ikkje er i samsvar med fråsegna frå utvalet eller det ikkje er gjeve noka fråsegn, skal Kommisjonen straks gjere framlegg for Rådet om tiltak som skal gjerast. Rådet skal ta avgjerda si med kvalifisert fleirtal.

    Dersom Rådet ikkje har teke noka avgjerd innan tre månader etter at framlegget vart gjort, skal Kommisjonen vedta dei framlagde tiltaka.

Artikkel 5

  1. 1.

    Den famgangsmåten som er fastsett i artikkel 4, skal nyttast

  • ved vedtaking av arbeidsprogrammet,

  • ved fordeling av budsjettutgiftene,

  • på kriterium for og innhald av utlyste innbydingar til framlegg,

  • ved vurdering av prosjektframlegg med sikte på fellesskapsfinansiering i samband med utlyste innbydingar til framlegg og ved vurdering av det pårekna fellesskapstilskotet til kvart prosjekt, når tilskotet er på 100 000 ECU eller meir; dersom tilskotet er mindre enn 100 000 ECU, skal Kommisjonen berre gje utvalet melding om prosjekta og om utfallet av vurderinga si,

  • på tiltak for å vurdere programmet,

  • på alle unntak frå dei allmenne reglane som er fastsette i vedlegg III,

  • når juridiske personar frå tredjestatar eller internasjonale organisasjonar tek del i prosjekt.

  1. 2.

    Kommisjonen skal jamleg gje utvalet melding om framdrifta i gjennomføringa av heile programmet.

Artikkel 6

  1. 1.

    Kommisjonen skal syte for at det vert utført effektiv førehandsvurdering, overvaking og etterfølgjande vurdering av dei tiltaka som vert gjennomførde i medhald av dette vedtaket.

  2. 2.

    Under og etter gjennomføringa av prosjekt skal Kommisjonen vurdere korleis dei er gjennomførde, og verknaden av gjennomføringa, slik at han kan avgjere om dei opphavlege måla er nådde.

    I samband med dette skal Kommisjonen særleg granske kva nytte målgruppa små og mellomstore føretak har hatt av dei prosjekta som er gjennomførde.

  3. 3.

    Dei utvalde tilskotsmottakarane skal kvart år leggje fram ein rapport for Kommisjonen.

  4. 4.

    Kommisjonen skal leggje fram for Europaparlamentet, Rådet, Økonomi- og sosialutvalet og Regionutvalet ein rapport halvvegs i programmet og ein sluttrapport, etter at utvalet som er nemnt i artikkel 4 har granska dei, som begge er utarbeidde på grunnlag av ein analyse gjord av uavhengige sakkunnige, og der dei resultata som er oppnådde på dei tiltaksområda som er nemnde i artikkel 2, vert vurderte. På grunnlag av resultata kan Kommisjonen gjere framlegg om tilpassing av skipnaden til programmet.

  5. Den førnemnde analysen skal leggjast fram før eit oppfølgingsprogram kan godkjennast.

Artikkel 7

I samsvar med framgangsmåten i artikkel 4 kan juridiske personar som er etablerte i tredjestatar, og internasjonale organisasjonar ta del i programmet utan økonomisk støtte frå Fellesskapet innan ramma av programmet, dersom slik deltaking røynleg medverkar til å gjennomføre programmet, samstundes som det vert teke omsyn til prinsippet om ymsesidig nytte.

Artikkel 8

Dette vedtaket er retta til medlemsstatane.

Utferda i Brussel,

21. november 1996.

For Rådet

N. BHREATHNACH

Formann

VEDLEGG I

TILTAKSOMRÅDE

1.Tiltaksområde 1: Tiltak for å støtte skipinga av ei ramme for språkressurstenester og for å oppmuntre dei samanslutningane som tek del i dette arbeidet
Språkressursar som ordbøker, terminologidatabankar, grammatikkar, tekstsamlingar og røystopptak er eit viktig råmateriale for språkforsking, for utvikling av språkhandsamingsverktøy som er integrerte i datahandsamingssystem, for språklæring og for betre omsetjingstenester. Medlemsstatane, Kommisjonen og nokre private føretak har alt investert store summar i produksjon av språkressursar. Omfanget av og kompleksiteten til desse ressursane varierer likevel frå språk til språk, særleg etter kor stor etterspurnaden er etter det aktuelle språket i den offentlege eller private sektoren i Fellesskapet, noko som hemmar språkmangfaldet. Den fulle utnyttinga av dei tilgjengelege ressursane vert dessutan i dag hindra av at dei hovudsakleg er einspråklege, ofte er vanskelege å finne fram til og iblant har ulike grunnleggjande spesifikasjonar, noko som set grenser for ein meir omfattande bruk av dei. Føremålet med dette tiltaksområdet er for alle europeiske språk å støtte oppbygginga av ein europeisk infrastruktur for fleirspråklege ressursar og å fremje utviklinga av elektroniske språkressursar. Dei fleste aktørane i denne sektoren er små og mellomstore føretak, som ofte er nyskapande og effektive, men har utilstrekkelege økonomiske midlar i høve til det investeringsnivået som krevst.
1.1.Støtte til og samverknad med samanslutningar i den offentlege og private sektoren av leverandørar og brukarar av elektroniske korpus, leksikon, røystopptak og terminologiar kan medverke til å verkeleggjere måla i programmet og til å fremje samarbeid på europeisk plan når det gjeld tilgang til og kompatibilitet mellom databasar og datanett, standardisering, kvalitetssertifisering og utarbeiding av eigedomsrettar, tilgangsrettar for brukarar og kostnadspolitikk.
1.2.For at den europeiske språkindustrien skal gjere framsteg, er det viktig at det finst tilgang til leksikalske databankar, tekstsamlingar og røystopptak som er tilpassa ulike brukarprogram og omfattar alle fellesskapspråka. Storparten av dei ressursane som er tilgjengelege i Europa i dag, er ufullstendige, av varierande omfang og kompleksitet, einspråklege og ikkje kompatible seg imellom, noko som gjer at det er uråd å nytte dei i utviklinga av fleirspråklege brukarprogram. Kommisjonen vil oppmuntre til at det vert sett i verk samordna tiltak mellom aktørar i den offentlege og private sektoren i dei ulike medlemsstatane med sikte på å utvikle standardar og kompatible røystopptak og leksikalske ressursar.
1.3.Arbeidet på terminologiområdet dekkjer ei lang rekkje aktivitetar som er viktige for handel, vitskap, kultur og teknologi og for gjennomføringa av fellesskapsvedtak, -direktiv og -forordningar. Dette arbeidet vert utført av mange ulike aktørar i offentleg og privat sektor som ofte ikkje har høve til å samordne tiltaka sine med dei tiltaka som vert gjorde av tilsvarande aktørar i andre medlemsstatar.
Òg på dette området vil Kommisjonen oppmuntre til at det på prioriterte område vert sett i verk samordna tiltak mellom interesserte partar i dei ulike medlemsstatane med sikte på å verkeleggjere dei politiske måla som Fellesskapet har sett seg med omsyn til standardar, spreiing av informasjon og samankopling av nett.
1.4.Kommisjonen skal syte for at dei samordna tiltaka som han gjev støtte til, har føremålstenleg tilknyting til internasjonalt arbeid på dette området.
2.Tiltaksområde 2: Tiltak for å oppmuntre til bruk av språkteknologi, -ressursar og -standardar og til å innarbeide dei i edb-brukarprogram.
Det er ei oppgåve for den private sektoren å produsere og marknadsføre moderne verktøy som gjer det lettare å utvikle fleirspråklege edb-brukarprogram og overføre informasjon mellom språka. På dette området har Europa eit solid vitskapleg og teknologisk grunnlag som er vorte styrkt gjennom forskings- og utviklingsprogramma til Fellesskapet, særleg programma for informasjons- og kommunikasjonsteknologi og telematikksystem av allmenn interesse. Den europeiske marknaden sakkar likevel atterut når det gjeld å utnytte dei framstega som er gjorde innan forsking i datamaskinell språkhandsaming. Det må eit krafttak til for å påskunde framføringa av ny språkhandsamingsteknologi til marknaden, særleg som ein del av tiltaka for å spreie og utnytte resultata av forsking som er utførd innanfor rammeprogrammet og særprogramma. Alle dei tiltaksområda som det er gjort framlegg om i dette programmet, har til føremål å skape eit miljø som er gunstig for utviklinga av språkindustrien, t.d. datamaskinell språkhandsaming og omsetjingsverksemd.
Målet for dette tiltaksområdet er å spore språkindustrien til innsats ved å stimulere til overføring av og etterspurnad etter teknologi ved hjelp av nokre få demonstrasjonsprosjekt som er baserte på kostnadsdeling, og som kan ha ein pådrivande verknad i visse nøkkelsektorar.
Samstundes som det vert lagt vekt på å unngå dobbeltarbeid, bør det gjerast freistnad på å oppnå samverknad mellom dette programmet og dei andre programma som gjeld informasjonssamfunnet, særleg det fjerde rammeprogrammet for forsking, teknologisk utvikling og demonstrasjonsprosjekt, det integrerte programmet for små og mellomstore føretak og handverkssektoren, og med IDA-initiativet og det planlagde ARIANE-programmet.
2.1.Nokre føretak har gjort forsøk med kontrollert språk for å lette utforminga av tekniske dokument og brukarstøtteinformasjon. Ein slik metode gjer den generelle dokumenthandteringa enklare og gjer det òg mogleg å nytte maskinomsetjing på ein effektiv måte. Nokre få prosjekt som er baserte på kostnadsdeling, vil kunne syne om det er kostnadseffektivt å integrere kontrollert språk og skrive- og omsetjingsverktøy i eksisterande dokumenthandteringssystem for ulike miljø innan industrien og næringslivet.
2.2.I informasjonssamfunnet er det stadig større etterspurnad etter lokalisering av multimedieprogramvare, medrekna skriftleg og munnleg omsetjing. For å oppmuntre til profesjonell innstilling og for å betre konkurranseevna innan multimedie- og lokaliseringsindustrien skal det lysast ut ei innbyding til å kome med framlegg om nokre få prosjekt som er baserte på kostnadsdeling, og som skal syne korleis lokaliseringsmetodar og -verktøy kan integrerast, korleis lokaliseringspersonale kan lærast opp, og korleis det kan utarbeidast retningslinjer for best mogleg praksis, som særleg er viktige for små og mellomstore føretak.
2.3.Kommisjonen vil fremje bruken av nett i omsetjings- og tolkeindustrien. Slike nett gjev tilgang til avanserte verktøy, medrekna elektroniske ordbøker, betrar logistikken, gjev høve til integrasjon med andre funksjonar og inneber i det store og heile at omsetjingsmarknaden verkar betre. I ei innbyding til å kome med framlegg vil det verte oppmoda til å utforme og innføre europeiske omsetjingsregister, til å skipe eit ope miljø for omsetjing i Europa og til å prøve ut europeisk tele-omsetjing og -tolking i samarbeid med omsetjingsindustrien og representantar for omsetjaryrket.
I samråd med dei aktuelle aktørane, medrekna omsetjingsskular, skal Kommisjonen vurdere kva tiltak som bør gjerast for å påskunde samankoplinga av netta hans, slik at dei vert meir effektive og lettare tilgjengelege for moglege brukarar.
2.4.Den informasjonen og den teknologien som ligg føre på områda terminologi og omsetjing i fellesskapsorgana og -institusjonane, vil så langt som råd verte gjorde tilgjengelege for alle interesserte partar. Tilgangen til relevante data vil verte forenkla, slik at det vert mogleg òg for små og mellomstore føretak å nytte dei på ein kostnadseffektiv måte.
3.Tiltaksområde 3: Tiltak for å fremje bruken av avanserte språkverktøy i den offentlege sektoren i Fellesskapet og medlemsstatane
I mange fellesskapsprogram er det sannkjent at den offentlege sektoren er ein viktig pådrivar for at felles standardar snøgt skal verte allment vedtekne. Vidareutviklinga av den indre marknaden og fjerninga av dei indre grensene vil føre til ein auke i informasjonsoverføringa mellom administrasjonane i dei ulike medlemsstatane. Dei vil stadig oftare møte situasjonar der dei har bruk for avanserte språkverktøy for å kunne kommunisere enklare og billegare med tilsvarande administrasjonar i andre medlemsstatar. Dersom medlemsstatane og fellesskapsorgana utvekslar røynslene sine med fleirspråksbruk og deler på dei språkressursane som dei produserer, kan det oppnåast stordriftsføremoner og reduksjon i utgiftene til fleirspråkleg kommunikasjon.
3.1.Målet er å fremje samarbeid mellom administrasjonane i medlemsstatane og fellesskapsorgana med sikte på å minske utgiftene til fleirspråkleg kommunikasjon i den offentlege sektoren i Europa, særleg ved å sentralisere avanserte språkverktøy. Dette vil fremje skipinga av ein infrastruktur som gjer det mogleg for alle partar å nytte dei ulike språkverktøya som finst i fellesskapsorgana og dei ulike administrasjonane, utan at det fører til tap av nokre av dei noverande funksjonane deira, og det vil samstundes vere ei oppmuntring til å søkje samanfallande løysingar i den framtidige utviklinga.
3.2.Samarbeidsprosjekt som er baserte på kostnadsdeling, og som går føre seg i visse medlemsstatar med sikte på å betre terminologiverktøya og dei eksisterande systema for datamaskinstøtta omsetjing, vil halde fram og verte utvida til å omfatte andre interesserte medlemsstatar, særleg medlemsstatar der det vert nytta mindre utbreidde språk.
3.3.Det skal gjerast ein særleg innsats for å få språkverktøya for dei nye offisielle fellesskapsspråka opp på nivået for dei andre språka.
4.Tilknytte tiltak
For å verkeleggjere det fleirspråklege informasjonssamfunnet må det utarbeidast samanfallande strategiar av offentlege styresmakter, av samanslutningar og institusjonar som arbeider for å utvikle språkressursar og -verktøy, av føregangsbrukarar og av marknadsdeltakarar som produserer og formidlar informasjonstenester eller leverer språkhandsamingsverktøy, -tenester og -system. Som eit ledd i dette arbeidet vil Kommisjonen setje i verk følgjande tilknytte tiltak:
-tiltak for å fremje tekniske standardar som stettar dei språklege føremåla til brukarane,
-tiltak for å leggje til rette for samråd og samordning mellom dei viktigaste aktørane som tek del i utviklinga av eit fleirspråkleg informasjonssamfunn,
-tiltak for å vurdere den framgangen som vert gjord i retning av eit fleirspråkleg informasjonssamfunn, og for å identifisere attverande hindringar,
-salsfremjande tiltak og tiltak for å setje i verk kampanjar med sikte på å gjere brukarane meir medvitne og for å støtte utveksling av best mogleg praksis,
-tiltak for å røkje etter korleis det kan kome i stand nyttig samarbeid med tredjestatar og fleirspråklege internasjonale organisasjonar.

VEDLEGG II

RETTLEIANDE UTGIFTSFORDELING

  1. 1.

    Tiltak for å støtte skipinga av ei ramme for språkressurstenester og for å oppmuntre dei samanslutningane som tek del i dette arbeidet (29-38 %).

  2. 2.

    Tiltak for å oppmuntre til bruk av språkteknologi, -ressursar og -standardar og for å innarbeide dei i edb-brukarprogram (29-38 %).

  3. 3.

    Tiltak for å fremje bruken av avanserte språkverktøy i den offentlege sektoren i Fellesskapet og medlemsstatane (29-38 %).

  4. 2.

    Tilknytte tiltak (4-9 %).

TIL SAMAN: 100 %.

VEDLEGG III

NÆRMARE REGLAR FOR GJENNOMFØRINGA AV PROGRAMMET

  1. 1.

    Kommisjonen skal gjennomføre programmet i samsvar med dei tekniske spesifikasjonane som er oppførde i vedlegg I.

  2. 2.

    Tiltaksområda i programmet skal om mogleg gjennomførast ved hjelp av prosjekt som er baserte på kostnadsdeling, med unntak av utviklingsarbeid for fellesskapsorgana, der finansieringsgraden i byrjinga vil kunne vere opptil 100 %. Det finansielle tilskotet frå Fellesskapet skal ikkje overstige den minstesummen som vert rekna som naudsynt for eit prosjekt, og skal i prinsippet ytast berre dersom prosjektet står overfor økonomiske hindringar som ikkje kan overvinnast på nokon annan måte. Vidare skal det finansielle tilskotet frå Fellesskapet vanlegvis ikkje overstige 50 % av prosjektkostnadene, bortsett frå i unntakstilfelle som er fullgodt grunngjevne, samstundes som det skal takast særleg omsyn til deltaking frå små og mellomstore føretak og vanskelegstilte regionar, og finansieringsdelen skal reduserast i takt med at prosjektet nærmar seg marknadsføringsstadiet. Universitet, andre institusjonar og ideelle forskingssenter som ikkje fører kostnadsrekneskap, skal få refundert tilleggskostnadene sine med 100 %.

  3. 3.

    Prosjekt som er baserte på kostnadsdeling, skal i prinsippet veljast ut på grunnlag av vanleg utlysing av innbydingar til framlegg i Tidend for Dei europeiske fellesskapa . Måla skal fastleggjast i arbeidsplanar som er utarbeidde i nært samarbeid med aktørane på marknaden og med det utvalet som er nemnt i artikkel 4 i dette vedtaket.

  4. 4.

    I unntakstilfelle kan Kommisjonen, etter at han har motteke fråsegna frå det utvalet som er nemnt i artikkel 4, vurdere framlegg til prosjekt som ikkje har kunna gjerast og ikkje er komne inn etter den vanlege framgangsmåten for utlysing av innbydingar, men som verkar særleg lovande og viktige med sikte på å verkeleggjere måla i programmet.

  5. 5.

    Dersom det er mogleg, bør søknader om fellesskapsstøtte innehalde ein finansieringsplan som gjev opplysningar om alle sidene ved finansieringa av prosjektet, medrekna den økonomiske støtta som det vert søkt om frå Fellesskapet, og om alle andre søknader om støtte eller om all støtte som vert motteken frå andre kjelder.

  6. 6.

    Støtte til forsøk på å skipe ein infrastruktur for språkressursar og/eller til fremjing av bruk av avanserte språkverktøy i den offentlege sektoren i Fellesskapet og medlemsstatane kan gjevast ved felles tiltak som tek sikte på å samordne utviklinga av fleirspråklege ressursar, særleg gjennom «samordningsnett». Det finansielle tilskotet frå Fellesskapet kan dekkje opptil 100 % av samordningskostnadene.

  7. 7.

    Prosjekt som fullt ut vert finansierte over fellesskapsbudsjettet innan ramma av granskings- og sørvisavtaler, skal gjennomførast ved tilbodsinnbyding frå Kommisjonen i samsvar med føresegnene i forordninga om finansreglementet55

    og i forordninga om gjennomføringsføresegner for finansreglementet. Det vil verte sytt for innsyn ved å offentleggjere arbeidsprogrammet og distribuere det jamleg til yrkesorganisasjonar og andre interesserte organ.

  8. 8.

    Ved iverksetjinga av programmet skal Kommisjonen òg gjennomføre verksemd som er avpassa etter dei generelle måla for programmet og dei særskilde måla for kvart einskilt tiltaksområde. Slik verksemd omfattar arbeidsseminar, seminar, konferansar, granskingar, offentleggjering, medvitsaukande kampanjar, opplæringskurs, deltaking i samarbeidsprosjekt med administrasjonane i medlemsstatane, fellesskapsorgana og internasjonale organisasjonar, hjelp til nasjonale språktilsynsorgan som er godkjende av dei offentlege styresmaktene, og særskild støtte til å utvikle språkverktøy og ressursar for dei fellesskapsspråka som treng det mest. Ved all verksemd som mottek økonomisk støtte, skal det ved passande høve opplysast om fellesskapsfinansieringa.

Fotnoter

1.

TEF nr. C 198 av 8.7.1996, s. 248.

2.

TEF nr. C 212 av 22.7.1996, s. 19.

3.

Fråsegn gjeven 13. juni 1996 (TEF nr. C 337 av 11.11.1996).

4.

TEF nr. L 269 av 11.11.1995, s. 23.

5.

TEF nr. L 356 av 31.12.1977, s. 1. Forordninga sist endra ved forordning (EF, EURATOM, EKSF) nr. 2335/95 (TEF nr. L 240 av 7.10.1995, s. 12).