1 Bakgrunn
EØS-komiteen vedtok 7. juli 2006 å endre vedlegg IX til EØS-avtala til å omfatte direktiv 2005/60/EF av 26. oktober 2005 om tiltak for å hindre at det finansielle systemet vert nytta til kvitvasking av pengar og finansiering av terrorisme.
Ettersom gjennomføringa av rettsakta i norsk rett krev lovendring, vart avgjerda i EØS-komiteen teken med atterhald for samtykke frå Stortinget til godkjenning i samsvar med § 26 andre leddet i Grunnlova.
Avgjerda i EØS-komiteen og direktiv 2005/60/EF i uoffisiell norsk omsetjing følgjer som trykte vedlegg til proposisjonen.