Tilråing
Utanriksdepartementet
tilrår:
At Dykkar Majestet godkjenner og skriv under eit framlagt forslag til proposisjon til Stortinget om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 87/2006 av 7. juli 2006 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2005/60/EF om tiltak for å hindre at det finansielle systemet vert nytta til kvitvasking og finansiering av terrorisme.
Vi HARALD, Noregs Konge,
stadfester:
Stortinget vert bede om å gjere vedtak om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 87/2006 av 7. juli 2006 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2005/60/EF om tiltak for å hindre at det finansielle systemet vert nytta til kvitvasking og finansiering av terrorisme, i samsvar med eit vedlagt forslag.