6 Konklusjon og tilråding
Direktivet skal medverke til å hindre at finanssektoren og andre utsette delar av økonomien vert nytta til å kvitvaske utbytte frå straffbare handlingar eller vert nytta i samband med terrorfinansiering. Gjennom førebyggjande tiltak tek direktivet sikte på å motkjempe slik kriminalitet.
Finansdepartementet rår til at Noreg godkjenner avgjerda i EØS-komiteen om endring av vedlegg IX til EØS-avtala om innlemming av direktiv 2005/60/EF om tiltak for å hindre at det finansielle systemet vert nytta til kvitvasking og finansiering av terrorisme.
Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.