1 Innleiing
Samferdselsdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om utbygging og finansiering av Vegpakke Salten fase I, som inneheld dei to prosjekta rv 80 Røvika – Strømsnes i Fauske kommune og rv 17 Tverlandet – Godøystraumen i Bodø kommune. I tillegg inngår to mindre tiltak på rv 80.
Utbygging av rv 80 mellom Fauske og Bodø har vore utgreidd ved fleire høve. Høg ulykkesfrekvens og dårleg standard på vegen har saman med potensialet for innkorting vore bakgrunn for ønske om å gjennomføre tiltak på denne stamvegstrekninga. Den nye traséen mellom Røvika og Strømsnes som delvis skal gå i tunnel, gir store framkomstgevinstar, med 6,2 km innkorting av køyrelengda. Anleggsarbeida på rv 80 skal etter planen starte opp sommaren 2008, med trafikkopning i løpet av 2010.
Rv 17, som er hovudferdselsåra langs kysten mellom Helgeland og Salten, har i dag låg standard nær Tverlandet, med dårleg kurvatur og vegbreidd. Den nye traséen mellom Tverlandet og Godøystraumen er planlagt aust for dagens veg og tettstaden Tverlandet. Prosjektet vil gi store standardbetringar. Det blir lagt opp til anleggsstart hausten 2007, med trafikkopning hausten 2009.
Det er lokalpolitisk semje om å fremje Vegpakke Salten i to fasar, slik at ein kan komme i gang med dei prosjekta som er komne lengst i planlegginga (fase I-prosjekt). Vidare er det eit lokalpolitisk ønske om å fremje prosjekta i fase I samla og med eitt felles bompengeselskap. Det blir likevel lagt opp til at dei to hovudprosjekta på rv 17 og rv 80 blir bygde ut som to enkeltprosjekt og delfinansierte med bompengar. Kvart av hovudprosjekta har sin eigen bomstasjon.
Fase II omfattar hovudsakleg prosjekt og tiltak knytte til inn- og utfart i Bodø sentrum, samt utbetring av strekningar og punkt på rv 80 med høg ulykkesfrekvens. Eventuell prioritering av fase II vil bli behandla i samband med neste rullering av Nasjonal transportplan.