6 Samferdselsdepartementet si vurdering
Rv 80 mellom Fauske og Bodø er ei av dei mest trafikkerte stamvegstrekningane i Nordland, og vegen er svært viktig både for befolkninga og næringslivet. Innkortinga av strekninga mellom Røvika og Strømsnes på 6,2 km samt standardhevinga vil gi store framkomstgevinstar. Ei overføring av gjennomgangstrafikken til ny rv 80 vil betre miljøet for dei som bur langs dagens rv 80, som blir lokalveg etter omlegginga. I tillegg blir trafikktryggleiken betra. Gang- og sykkelveg mellom Stranda og Klungset betrar forholda for mjuke trafikantar og tilgjenget til Klungsetmarka.
Omlegginga av rv 17 mellom Tverlandet og Godøystraumen gir store forbetringar i standard og trafikktryggleik. Forholda for randbusetnaden på Tverlandet blir vesentleg betra når mykje av trafikken blir overført til ny rv 17.
Samferdselsdepartementet har merka seg at det er eit lokalpolitisk ønske om å komme i gang med fase I-prosjekta snarast råd. Vidare er det ønskje om å fremje desse med eitt felles bompengeselskap. Departementet understrekar at vegpakkar over 500 mill. kr som trafikalt og/eller finansielt heng saman, i utgangspunktet skal underleggjast ekstern kvalitetssikring. Samferdselsdepartementet har komme til at det ikkje er naudsynt å gjennomføre ekstern kvalitetssikring i dette tilfellet, sidan dei to store enkeltprosjekta i pakken knapt har nokon trafikal samanheng og kvar for seg har kostnader langt under 500 mill. kr. Samstundes legg departementet til grunn at det skal gjennomførast ekstern kvalitetssikring for ein framtidig fase II av Vegpakke Salten, der dei planlagte prosjekta i langt større grad heng saman trafikalt og finansielt.
Elles blir det lagt vekt på at dei to hovudprosjekta på rv 17 og rv 80 blir bygde ut som to enkeltprosjekt. Opplegget med etterskottsinnkrevjing i bomstasjonar på kvar utbyggingsparsell gir godt samsvar mellom betaling og nytte, i tråd med føringane i St.meld. nr. 24 (2003 – 2004).
Samferdselsdepartementet legg også vekt på at begge kommunane og fylkeskommunen har stilt garanti for lånet til bompengeselskapet og at fylkeskommunen har gjort vedtak om betinga refusjon.
Med om lag 15 års innkrevjingstid for begge bomstasjonane sluttar Samferdselsdepartementet seg til at det må vere eit vilkår at bompengeselskapet har ei renteavtale som sikrar eit rentenivå i tråd med det som er lagt til grunn i finansieringsplanen. Departementet føreset at dokumentasjon for avtale om rentenivå blir sendt Vegdirektoratet før bompengeavtalen blir underskriven. Det blir elles lagt til grunn at det blir vurdert trafikkregulerande tiltak på rv 80 for å redusere høvet til omkøyring dersom bomstasjonen ved Strømsnes får vesentleg inntektssvikt som følgje av dette.
Samferdselsdepartementet er positiv til at det lokalt blir arbeidd vidare med planane for ein fase II av Vegpakke Salten. Eventuell prioritering av fase II vil bli behandla i samband med neste rullering av Nasjonal transportplan.