1 Bakgrunn
Ved avgjerd i EØS-komiteen nr. 33/2003 av 14. mars 2003 vart vedlegg XIII (Transport) til EØS-avtala endra slik at kommisjonsforordning (EF) nr. 1360/2002 av 13. juni 2002 om sjuande tilpassing til den tekniske utviklinga av rådsforordning (EØF) nr. 3821/85 om bruk av fartsskrivar innan vegtransport vart innlemma i EØS-avtala.
Avgjerda i EØS-komiteen vart teken med atterhald for samtykke frå Stortinget, ettersom gjennomføringa i norsk rett gjer det naudsynt med lovendring, jf. § 26 andre leddet i Grunnlova og artikkel 103 i EØS-avtala. Stortinget vert gjennom denne proposisjonen oppmoda om å gje samtykke til godkjenning av avgjerda i EØS-komiteen.
Avgjerda i EØS-komiteen og kommisjonsforordning (EF) nr. 1360/2002 i uoffisiell norsk omsetjing følgjer som trykte vedlegg til proposisjonen.