St.prp. nr. 62 (2002-2003)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd iEØS-komiteen nr. 33/2003 av 14. mars 2003 om innlemming i EØS-avtala av forordning (EF)nr. 1360/2002 om bruk av fartsskrivarinnan vegtransport

Til innhaldsliste

3 Avgjerda i EØS-komiteen

Etter avgjerd i EØS-komiteen nr. 33/2003 av 14. mars 2003 skal vedlegg XIII (Transport) til EØS-avtala endrast.

Artikkel 1 slår fast at det i nr. 21 (rådsforordning (EØF) nr. 3821/85) i vedlegg XIII til avtala vert gjort følgjande endringar:

1.Nytt strekpunkt skal lyde:
«-32 002 R 1360: Kommisjonsforordning (EF) nr. 1360/2002 av 13. juni 2002

(EFT L 207 av 5.8.2002, s. 1).»

2.Tilpassing a), b) og c) skal lyde:
«a.I artikkel 2 nr. 1 skal nytt strekpunkt lyde:
«-Nasjonalitetsnummeret «16» tilføyes for Norge.»
b.I kapittel IV vert følgjande lagt til i tabellen i nr. 172:
ISÖkumanns-Eftirlits-Verkstædis-Fyrirtækis-
kortkortkortkort
NOSjåfør-Kontroll-VerkstedkortForetakskort
kortkort
VerkstadkortFøretakskort
c)I kapittel IV vert følgjande lagt til sist i lista i nr. 174:
«nasjonalitetsbokstaven(e) til EFTA-staten som har utstedt kortet, trykt i svart omgitt av en svart ellipse. Nasjonalitetsbokstavene skal være som følger:
FLLiechtenstein
ISIsland
NNorge».»

Artikkel 2 slår fast at teksta til forordning (EF) nr. 1360/2002 på islandsk og norsk, som vil verte kunngjord i EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen, skal vere gyldig.

Artikkel 3 slår fast at avgjerda i EØS-komiteen tek til å gjelde 15. mars 2003, på det vilkåret at EØS-komiteen har motteke alle meldingar etter artikkel 103 nr. 1 i avtala.

Artikkel 4 slår fast at avgjerda skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen.

Etter artikkel 103 nr. 1 skal EFTA-statane innan seks månader frå det tidspunktet då avgjerda vart teken (14. mars 2003), melde frå til dei andre EØS-statane at dei forfatningsrettslege krava er stetta, det vil for Noreg sin del seie at Stortinget sitt samtykke til godkjenning av avgjerda i EØS-komiteen er innhenta.