4 Tilhøvet til norsk rett
Gjennomføringa av forordning (EF) nr. 1360/2002 i norsk rett gjer det naudsynt med ei endring i lov av 18. juni 1965 nr. 4 om vegtrafikk for å få heimel til å krevje gebyr for utferding av alle fartsskrivarkorta, bortsett frå kontrollkort.
Gjennomføringa av forordninga vil òg gjere det naudsynt med ei endring i forskrift av 28. september 1993 nr. 910 om køyre- og kviletid m.v. ved innanlands transport og transport innan EØS-området (vegtransport).
Samferdselsdepartementet vil i haustsesjonen 2003 fremje ein eigen Ot.prp. med framlegg til lovendring.