1 Bakgrunn
Ved avgjerd i EØS-komiteen nr. 10/2006 av 27. januar 2006 vart vedlegg XIII til EØS-avtala, Transport, endra ved innlemming av europaparlaments- og rådsdirektiv 2004/54/EF av 29. april 2004 om minstekrav til tryggleik i tunnelar i det transeuropeiske vegnettet (tunneldirektivet).
Føremålet er først og fremst å gje eit minste tryggleiksnivå for trafikantane ved å førebyggje kritiske hendingar som kan setje menneskeliv, miljøet og tunnelinstallasjonar i fare, og å gje vern ved eventuelle ulykker.
Ettersom gjennomføringa av avgjerda i EØS-komiteen i norsk rett krev budsjettvedtak, er det naudsynt med samtykke frå Stortinget til godkjenning av avgjerda i EØS-komiteen, i medhald av § 26 andre leddet i Grunnlova.
Avgjerda i EØS-komiteen og europaparlaments- og rådsdirektiv 2004/54/EF i uoffisiell norsk omsetjing følgjer som trykte vedlegg til proposisjonen.