6 Konklusjon og tilråding
Stortinget har i fleire samanhengar vore oppteke av tunneltryggleik, og den overordna brannvernstyresmakta har kontinuerleg fokus på førebyggjande branntryggleik og mogleg redningsinnsats i tunnelar .Målsetjinga til direktivet harmonerer godt med målsetjingane i stortingsmelding nr. 41 (2000–2001), Brann og eksplosjonsvern.
For Noreg sin del vil direktivframlegget omfatte 115 TERN-tunnelar. Men for å oppfylle intensjonane i direktivet må det setjast i verk tiltak på andre riksvegar/europavegar. Dersom det blir teke omsyn til dette, vil talet på eksisterande tunnelar som er omfatta, bli om lag 409 i alt.
Sakshandsaminga for nye tunnelar vil kunne bli svært mykje enklare, fordi direktivet òg omfattar tunnelar i plan- og byggjefasen.
Samferdselsdepartementet tilrår at Noreg godkjenner avgjerda i EØS-komiteen om innlemming av europaparlaments- og rådsdirektiv 2004/54/EF om minstekrav til tryggleik i tunnelar i det transeuropeiske vegnettet. Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.