3 Avgjerda i EØS-komiteen
I avgjerd nr. 10 vedtok EØS-komiteen 27. januar 2006 at vedlegg XIII, Transport, til EØS-avtala skal endrast ved innlemming av europaparlaments- og rådsdirektiv 2004/54/EF om minstekrav til tryggleik i tunnelar i det transeuropeiske vegnettet (tunneldirektivet).
Avgjerda i EØS-komiteen inneheld ein fortale og fire artiklar.
Artikkel 1 fastset at det skal takast inn ei tilføying i vedlegg XIII til EØS-avtala, etter nr. 17 bokstav h). Tilføyinga er knytt til nr. 2.3.6 i vedlegg I til direktivet, der det er krav til naudutgangar i nye tunnelar dersom trafikkvolumet blir større enn 2 000 køyretøy per felt.
I nytt nr. 17 skal følgjande leggjast til i nr. 2.3.6 i vedlegg I til direktivet:
«Det kan gjøres unntak for tunneler kortere enn 10 km og med trafikkvolum lavere enn 4 000 kjøretøy(er) per felt, dersom en risikoanalyse viser at samme eller bedre sikkerhetsnivå kan oppnås ved alternative sikkerhetstiltak.»
Døme på alternative tryggleikstiltak er eit ekstra felt, fartsreduksjon, videoovervaking og kortare distanse mellom telefonar og brannsløkkingsapparat. Kravet i direktivet om naudutgangar utan denne tilføyinga, ville for Noreg faktisk ført til krav om toløpstunnel når trafikkvolumet blir større enn 2 000 køyretøy per felt, i og med at dei fleste tunnelar i Noreg er bygde i fjell, og det er kostbart å byggje direkte utgang til fri luft.
Artikkel 2 fastset at teksta til rettsaktene på islandsk og norsk skal vere gyldige og skal kunngjerast i EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen.
Artikkel 3 slår fast at avgjerda tek til å gjelde 28. januar 2006, på det vilkåret at EØS-komiteen har motteke alle meldingar etter artikkel 103 nr. 1 i avtala.
Artikkel 4 fastset at avgjerda skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og i EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen.