1 Samandrag
Olje- og energidepartementet legg med dette fram ein proposisjon med tilråding om at Stortinget samtykkjer i at Kongen kan godkjenne plan for utbygging og drift (PUD) av Gjøa og plan for utbygging og drift (PUD) av Vega og Vega sør, samt gje løyve til plan for anlegg og drift (PAD) av røyr frå Gjøa.
Gjøa er eit gass- og kondensatfelt med ei oljesone. Feltet ligg nord for Trollfeltet – rundt 65 km sørvest for Florø. Gjøa ligg i utvinningsløyve 153. Rettshavarane i Gjøa er Statoil ASA (Statoil), Gaz de France Norge AS (GdF), RWE Dea Norge AS (RWE Dea), AS Norske Shell (Shell) og Petoro AS (Petoro). Statoil er operatør i utbyggingsfasen, medan GdF tek over operatøransvaret i driftsfasen. Dei reservane det er forventa å utvinne er rekna til 39,7 milliardar (mrd.) standard kubikkmeter (Sm3) rikgass og 13,2 millionar (mill.) Sm3 olje og kondensat, der 9,2 mill. Sm3 er olje. Feltet er planlagd utbygd med ein halvt nedsenkeleg plattform, ni oljebrønnar og fire gassbrønnar, fordelt på fire brønnrammer og ein enkel satellittbrønn, med tilhøyrande røyr for transport av olje og gass.
I samarbeid med mellom anna Gassco, har rettshavarane på Gjøa gjennomført ei omfattande vurdering av gasstransportløysingane. Fleire alternativ, både norske og britiske, har blitt vurdert. Ut frå kapasitetssituasjonen i det norske systemet og økonomiske omsyn, valde utvinningsløyvet for Gjøa ei løysning der rikgass og stabil olje frå Gjøa vert planlagt at skal skipast gjennom dedikerte eksportrøyr og eksisterande infrastruktur til høvesvis St. Fergus i Skottland og Mongstad.
Størsteparten av den elektriske krafta plattforma vil forbruke er planlagt dekka med straum frå land. Løysinga inneber at det meste av utstyret på plattforma blir drive med kraft frå land. Unntaket er kompressoren for gasseksport som vil bli drive med ein gassturbin. Kraftkabelen frå land vil ha ein kapasitet på 42 MW. Samanlikna med ei løysing der all kraft blir produsert på plattforma fører løysinga med kraft frå land, reduksjonar i årlege CO2- og NOx-utslepp tilsvarande 50 000-110 000 tonn CO2 og 50-100 tonn NOx.
Ulike metodar for reinsing og injeksjon av produsert vatn er vurdert for utbygginga. Feltet har ingen nærliggjande reservoar som kan ta imot vatnet ved injeksjon. Reinjeksjon av produsert vatn i reservoaret ble forkasta fordi den fører til svært høge kostnadar og tap av olje- og gassressursar. Produsert vatn frå produksjonen vil difor bli reinsa før det blir sleppe til sjø.
Det er planlagt at produksjonen skal starte opp 4. kvartal 2010. Økonomisk levetid for Gjøa er estimert til 14 år av operatøren. Driftsansvaret for Gjøa vil bli lagt til GdF sin driftsorganisasjon i Stavanger. GdF sin logistikkorganisasjon vil bli lagt til Florø, med ein forsyningsbase og helikopterbase som skal fungere som basar for forsyningar, driftsinnkjøp, transport av personell og lager/verkstad i både utbyggings- og driftsfasen. I utbyggingsfasen vil det kunne vere behov for større kapasitet enn det Florø kan tilby. Helikopterbasen på Flesland vil difor bli nytta som avlasting.
Totalt sett vil mesteparten av utstyret til utbygginga og forsyningar til Gjøa-plattforma bli skipa ut frå Florø. I tillegg vil hovudsakleg all transport av personell til feltet skje frå Florø. Vidare har GdF gjeve uttrykk for at selskapet vil leggje til rette for at lokalt næringsliv i Florø og Sogn og Fjordane skal kunne være med på å konkurrere om tenesteleveransane i driftsfasen.
Dei totale investeringane ved utbygginga av Gjøafeltet er utrekna av operatøren til 26 766 mill. kroner (alle økonomiske tal i proposisjonen er i faste 2006-kroner), inkludert 2 449 mill. kroner for eksportrøyra. Av utbyggingskostnadane skal rettshavarane i Vega og Vega sør betale for utstyr i samband med tilknyting til Gjøa-plattforma, utrekna av operatøren til 1 898 mill. kroner. Operatøren sine lønsemdsvurderingar gjev ein noverdi før skatt på 3 678 mill. kroner ved 7 pst. diskonteringsrente.
Felta Vega og Vega sør ligg nord for Trollfeltet. Båe felta er gass- og kondensatfelt. Vegafeltet er igjen samansett av to separate funn, Vega nord og Vega sentral. Vega ligg i utvinningsløyve 248 og 248B og Vega sør i utvinningsløyve 090C. Felta er planlagt bygd ut med installasjonar på havbotnen knytt opp mot Gjøa-plattforma for prosessering og eksport. Dei totale reservane det er mogleg å utvinne er rekna til 18 mrd. Sm3 gass og 4,1 mill. Sm3 kondensat. Norsk Hydro Produksjon AS (Hydro), Statoil og Petoro er rettshavarar i Vega. I Vega sør er rettshavarane Hydro, Revus Energy ASA, Statoil, Idemitsu Petroleum Norge AS og GdF. Hydro er operatør for utbygging og drift av felta. GdF, som operatør for Gjøa, vil utføre den daglege drifta av Vega og Vega sør. Følgjande vil utstyr knytt til drift av Vega og Vega sør på Gjøa-plattforma skipast frå GdF sin logistikkorganisasjon i Florø. Det er ikkje planlagt tilleggsbemanning til havs. Hydro har ansvaret for potensielt vedlikehald av utstyr på havbotnen og brønnar, samt petroleumsteknologien. Ettersom det berre trengs avgrensa landstøtte for drift av Vega og Vega sør, vil Hydro elles nytte driftsorganisasjonen sin på Sandsli i Bergen.
Rettshavarane i Vega og Vega sør har inngått ein avtale om felles utbygging av feltinstallasjonar på dei to felta og ein avtale med rettshavarane på Gjøa om prosessering av brønnstraum frå Vega og Vega sør på Gjøa-plattforma. Vega og Vega sør startar produksjonen sams med Gjøa i fjerde kvartal 2010. Investeringane ved utbygginga av Vega og Vega sør vil bli 7 309 mill. kroner. I tillegg kjem kapitalbidraget til Gjøa utrekna av operatøren til 1 906 mill. kroner. Noverdien av utbyggingane har operatøren rekna til 2 634 mill. før skatt ved ei diskonteringsrente på 7 pst.
Departementet mottok 15. desember 2006 søknad om utbygging, anlegg og drift av Gjøa og søknad om utbygging og drift av Vega og Vega sør, frå respektive Statoil og Hydro. Departementet har fått ei vurdering frå Oljedirektoratet av forholda knytt til ressursar, og dei tekniske sidene ved utbygginga av Gjøa, Vega og Vega sør. Vidare har departementet fått ei vurdering frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet av forholda knytt til tryggleik og arbeidsmiljø i prosjekta.
På vegne av rettshavarane i dei respektive utvinningsløyva har Statoil og Hydro utarbeida konsekvensutgreiingar for Gjøa, Vega og Vega sør. Konsekvensutgreiingane har vore på høyring hjå styresmakter og interesseorganisasjonar. I tillegg har høyring av konsekvensutreiingane vore kunngjort i Norsk Lysningsblad. Det har ikkje kome fram forhold i høyringsfråsegnene som tilseier at utbyggingsplanane ikkje bør godkjennast, eller at spesielle avbøtande tiltak bør setjast i verk.
Med utgangspunkt i dei berekningane som er lagt til grunn i utbyggingsplanane, meiner departementet at utbyggingane av Gjøa, Vega og Vega sør er samfunnsøkonomisk lønsame og robuste prosjekt. Utbyggingane legg til rette for utbygging av tilleggsressursar i området i framtida. Departementet meiner også at utbyggingane kan bli gjennomført innafor akseptable rammer for miljø, fiskeri og tryggleik.
Statoil har lagt til grunn at Gjøa skal dekkje hovuddelen av kraftbehovet for drift av Gjøa-plattforma med kraft frå land frå hausten 2010 og at Gjøa-plattforma skal knyte seg til kraftnettet ved Mongstad i Hordaland. Sjølv om kraftbehovet på Gjøa er av mindre omfang, er det viktig å sjå prosjektet i samanheng med den samla energiutviklinga i regionen. Kraftforbruket i regionen har i dei seinare åra vekse mykje og vil vekse vidare i åra framover. Veksten er primært knytt til petroleumsanlegga og særleg leveransane til Troll-anlegget. Ein tilfredsstillande kraftbalanse og forsyningstryggleik i regionen i åra framover avheng av utviklinga i forbruk og produksjon og av overføringsevna i nettet. Det vert mellom anna arbeidd med planer for fleire prosjekt for å styrke overføringsnettet i regionen. Regjeringa vil leggje stor vekt på forsyningstryggleiken i regionen ved handsaming av dei aktuelle nettforsterkingsprosjekta. Konsesjonssøknad om kabel mellom Gjøa og Mongstad er no til handsaming i NVE etter energilova. I den samanheng har NVE bedt Statoil utrede Lutelandet i Sogn og Fjordane som alternativ tilknyting til nettet. NVE har også fleire førehandsmeldingar og konsesjonssøknader for kraftlineprosjekt på Vestlandet til handsaming.
Departementet sluttar seg til at Gjøa, Vega og Vega sør blir bygd ut i samsvar med planane for utbygging og drift og planen for anlegg og drift, som rettshavarane i dei ulike utvinningsløyva har lagt fram, med dei merknadene og på dei vilkåra som går fram av denne proposisjonen.