Forslag til vedtak om utbygging av Gjøa, Vega og Vega sør
I
Stortinget samtykkjer i at Olje- og energidepartementet godkjenner plan for utbygging og drift av Gjøa og plan for utbygging og drift av Vega og Vega sør.
II
Stortinget samtykkjer i at Olje- og energidepartementet gjev løyve til plan for anlegg og drift av røyr frå Gjøa.
III
Stortinget samtykkjer i at Petoro AS, som er rettshavar for statens deltakardel (SDØE) kan delta i utbygging og drift av Gjøa, utbygging og drift av Vega og Vega sør, og anlegg og drift av røyr frå Gjøa. SDØE sin del av dei anslåtte investeringskostnadene for utbyggingene utgjer 10,3 mrd. 2006-kroner.