1 Høyring av konsekvensutgreiinga for utbygging av Gjøa
Programmet for konsekvensutgreiinga for Gjøa vart fastsett av departementet 30. juni 2006. Statoil utarbeidde vidare konsekvensutgreiinga som vart sendt på offentleg høyring 2. oktober 2006, med frist 15. desember 2006. Nedanfor følgjer ei oppsummering av merknader frå høyringsinstansane.
Konsekvensar for miljø
Statens forureiningstilsyn (SFT) bed om at Statoil ved val av utbyggingsløysing legg beste tilgjengelege teknikkar (BAT) til grunn for å oppnå best mogleg miljø- og energioptimal utbygging og drift. Vidare bed dei om utbyggingsløysinga ikkje må leggje avgrensingar med tanke på å bruke effektive teknologiar for å redusere utslepp av NOx, Voc, klimagassar, utslepp til sjø, støy og akutt forureining. SFT bed i tillegg om at det i vurderinga av avbøtande tiltak for å redusere utsleppa og beskytte naturmiljøet blir teke omsyn til moglege framtidige aktivitetar i området. Dei påpeikar at ved innsending av søknad om verksemdsløyve må valte løysingar bli dokumentert som BAT.
Kommentar frå Statoil:
Miljøutfordringa for Gjøa og tilsvarande felt er å oppnå optimal ressursutnytting på same tid som kraftforbruk, produksjon av produsert vatn og bruk av kjemikaliar blir minimalisert. Det er difor stilt strenge krav i prosjektet for å få den totale miljørisikoen så lav som mogleg, innafor rammer for BAT, HMS-aspekt, og andre prosjektspesifikke aspekt. Den valte utbyggingsløysinga representerer ei balansert vurdering av totale utslepp til luft og sjø.
Utslepp til sjø
Miljøverndepartementet (MD) meiner løysinga som er valt med EPCON-reinseteknologi, ikkje er tilstrekkeleg i forhold til nullutsleppsmålet, og bed difor operatøren om å vurdere løysing for handtering av det produserte vatnet på nytt.
SFT ser positivt på at det blir lagt til rette for gjenvinning av vass- og oljebasert boreslam, og at test og oppreinsking av produksjonsbrønnar vil bli gjort utan utslepp av hydrokarbon til sjø. SFT påpeikar at tilsynet vil følgje med på utviklinga av reinseteknologi, og seier at det kan bli aktuelt å stille strengare krav til utslepp av produsert vatn seinare. Dei seier også at det berre vil bli gjeve løyve til utslepp av kjemikaliar i svart og rød kategori, dersom det er tunge tekniske- og tryggingsomsyn for dette.
Norges Fiskarlag meinar det ikkje bør vere forskjell på vilkår som er sett for oljeverksemd i nord og sør, og at den samla negative belastninga på Nordsjøen har auka som følgje av petroleumsverksemda. Norges Fiskarlag meiner vidare at det må bli sett i gang tiltak som sikrar at utsleppa blir tilnærma null både for produsert vatn og borekaks. Dei meiner at produsert vatn kan vere ein del av årsaka til eit dårlegare miljø for biologiske organismar som raskare kan føre til stress og sjukdom, med påfølgjande auka naturleg dødelegheit for mellom anna fisk.
Havforskningsinstituttet viser til at oljeindustrien har eit uttalt mål om null miljøskadelege utslepp på norsk sokkel, der nye utbyggingar i nordområda får krav om reinjeksjon av produsert vatn. Dei ønskjer at nye utbyggingar i Nordsjøen følgjer same miljøstandard, slik at den totale miljørekneskapen for utslepp til sjø ikkje kjem uheldig ut, men at det skjer innan akseptable tekniske og økonomiske rammer.
Oljedirektoratet (OD) meiner at berekningane av faktor for miljøpåverking (EIF) bør bli oppdatert på grunnlag av nye vassprofilar, vedteken bruk av kjemikaliar og nyare informasjon om BTEX- fjerning med EPCON. Dei ønskjer i tillegg ei forklaring for kvifor reinsing av produsert vatn ved bruk av CTOUR vart forkasta. OD påpeikar at det ikkje er nemnd eventuelle konsekvensar av utslepp av store mengder kjølevatn som inneheld kopar og klor. Dei forventar at dette vil vere ein del av søknaden om utslepp til SFT seinare.
Kommentar frå Statoil:
Reinjeksjon for trykkstøtte i Gjøareservoaret har vist ikkje å gje ei positiv tilleggseffekt av verdi med tanke på auka utvinning. Reinjeksjon fører i staden med seg tap av ressursar. Eit reinjeksjonskonsept vil vere samansett av energikrevjande injeksjonspumper med tilhøyrande utstyr på plattforma, minimum to ekstra dumpebrønnar må bli bora og tilsvarande to ekstra røyr må bli installert for transport av produsert vatn. Løysinga fører til ei auke i totalforbruk av straum på meir enn 5 MW, og overskrid med det makseffekten på kraftkabelen frå land. Eigne drivarar offshore for injeksjonspumpene vil bety auka utslepp av NOX og CO2 . I tillegg er investeringskostnadene tidlegare rekna til å vere større enn prosjektet kan bere. Miljøtiltakskostnaden for reinjeksjon samanlikna med reinsing er monaleg høgare enn etablerte kostnad – nytte referanseverdiar. Når det gjeld deponering har feltet ingen nærliggjande reservoar som kan ta imot vatnet.
Reinsing ved bruk av EPCON er vurdert som BAT for utbygginga av Gjøa. Planleggjinga av feltet er basert på ei balansert totalvurdering av utslepp til luft og utslepp til sjø.
Ingen av reinseteknologiane CTour og EPCON vil fjerne tungmetall eller radioaktive stoff som finnest naturleg i det produserte vatnet. Då valet av reinseteknologi vart gjort, var operasjonstrykka i anlegget på eit nivå som gjorde det vanskeleg å nytte CTour. I tillegg var mengda tilgjengeleg kondensat i prosessen avgrensa. Basert på ny produksjonsprofil, informasjon om bruk av kjemikaliar slik det er i dag, og erfaringsdata om fjerning av BTEX for EPCON har Statoil gjennomført nye EIF-rekningar for dei tre alternativa:
konvensjonell reinsing
EPCON
EPCON pluss CTour.
Det er gått ut frå eit innhald av dispergert olje i det produserte vatnet på 10 ppm for EPCON og 7 ppm for EPCON pluss CTour. Total EIF blir som forventa redusert ved bruk av EPCON (EIF=120) og ved bruk av EPCON pluss CTtour (EIF=133), i forhold til konvensjonell reinsing (EIF=238). Det er liten forskjell i EIF verdien mellom bruk av berre EPCON og bruk av EPCON pluss CTour. Sjølv om bidraget av naftalener, fenoler og alifater blir redusert meir ved EPCON pluss CTour, vil auken i BTEX (frå 6,0408 ppm med EPCON til 21,1429 ppm med EPCON pluss CTour) medføre at EIF-verdien ikkje blir redusert. Verdien blir faktisk høgare. Implementering av CTour vil derfor ikkje gje eit betre resultat enn ved å berre bruke EPCON. EPCON er godkjent som løysing for fleire felt gjennom nullutsleppsarbeidet, og er ei meir robust løysing enn CTour med tanke på driftstryggleik, og prosessvilkår.
Ei meir detaljert skildring av resultata vil bli gjeve i utsleppssøknad for drift av feltet.
Statoil noterer seg fråsegna frå SFT om at krava til utslepp av produsert vatn kan bli strengare i framtida. Det er avsett plass og vekt til installering av nytt utstyr, som kan bli nytta dersom det viser seg at anlegget ikkje oppfyll tilfredsstillande reinsing eller nye framtidige krav.
Planleggjing av boring på Gjøa er basert på minimalisering av boreavfall, resirkulering av borevæske og at ein berre skal bruke miljøgodkjende kjemikaliar, først og fremst grøne, kanskje nokre gule kjemikaliar. Fråsegnene frå SFT, om at det vil bli gjeve løyve til utslepp i svart og rød kategori viss det føreligg tungvekta tekniske og tryggings omsyn, blir tatt til følgje. Statoil vil ha fokus på dette fram mot utarbeiding av søknad om utslepp for boring og drift av feltet.
Utslepp av borekaks frå boring med vassbasert borevæske vil gje ein viss lokal sedimentasjon, forventa i nærsona i form av fysisk nedslamming eller fysiske effektar av partikulært materiale. Fordi slike effektar påverkar eit svært lite areal har dette avgrensa verdi i lokal eller regional samanheng. Kjemiske sambindingar som inngår i vassbaserte borevæsker vil i mindre grad binde seg til kaksen som sedimenterer i nærområdet til feltet, men følgjer i stor grad vasstraumen og bli spreidd over større areal. I hovudsak er borekjemikaliane som blir sleppt ut karakterisert som grøne i følgje PLONOR- lista til OSPAR, over stoff som er vurdert til å ingen eller svært liten negativ miljøeffekt.
I samband med utarbeiding av den regionale konsekvensutgreiinga i Nordsjøen er det gjennomført EIF-rekningar, som gjev eit inntrykk av korleis ulike kjelder kvar for seg og samla bidreg til miljørisikobiletet. Resultata viste at vassvolumet der ein ikkje kan utelukke potensielle skadelege effektar på marine organismar er avgrensa til nærområdet til utsleppspunkta, med unntak av Tampen NV, Troll B og Oseberg F. Nordsjøen nord, der Gjøa er lokalisert, står for dei største utsleppa av produsert vatn og har difor størst risiko uttrykt som EIF. Dette er også eit område der fleire fiskeslag har gyteområde slik at gyteprodukt kan bli eksponert for produsert vatn.
Til orientering vil det bli gjennomført berekningar for EIF for boring. Resultata vil bli omtalt i utsleppsøknad for produksjonsboring på feltet. Eventuelle konsekvensar av utslepp av kjølevatn som inneheld kopar og klor vil inngå i utsleppsøknad for drift av feltet.
Trass i mykje forsking på området finnest det ingen undersøkjingar som viser at fisk på bestandsnivå blir påverka av utslepp av produsert vatn. Bestandssystemet er eit dynamisk system og det vil naturleg, vere veksling i bestandsnivåa. Føre-var-prinsippet blir lagt til grunn for å redusere eventuelle skadeverknader. Vi viser til regional konsekvensutgreiing for Nordsjøen for oppdatert skildring av bestandsnivå i Nordsjøen .
Utslepp til luft
OD meiner at bruk av kraft frå land og ein låg-NOX turbin med varmegjenvinningsanlegg for drift av ein gasskompressor er ei god teknisk løysing for feltet.
SFT ser også positivt på tilførsel av kraft frå land, fordi dette inneber reduserte utslepp til luft. Dei ser på skildringa av kriterie for val av borerigg og utslepp til luft frå denne som mangelfull i konsekvensutgreiinga. Dei forventar at Statoil søkjer å velje ein borerigg som har dieselmotorar med høg verknadsgrad, lågt forbruk av drivstoff, og reduserte NOx-utslepp. SFT forventar i tillegg at diesel som blir brukt har eit så lågt svovelinnhald som mogleg slik at utslepp av svovel blir minimalt. SFT forventar at dei vil vere utstyrt med låg- NOx teknologi. Dei forventar at selskapet vel den typen leggjefartøy som fører minst utslepp til luft med seg.
Sogn og Fjordane fylkeskommune stadfestar at kysten av Sogn og Fjordane ligg særleg utsett til med tanke på forsuring og skade frå akutte, så vel som regulære utslepp. Dei påpeikar at den beste tilgjengelege teknologien må bli nytta.
Kommentar frå Statoil:
På grunn av den strame marknaden for boreriggar i dag finnest det ikkje reelle moglegheiter for vurdering av ulike riggar for boring på feltet. Ved val av borerigg var prosjektet underlagt klare avgrensingar. Val av borerigg er no teke; Transocean Searcher vil bli nytta til boring på feltet. Leverandøren har gjeve beskjed om at riggen har dieselgeneratorar av standard type (ikkje låg-NOx). Dette er rapportert som eit avvik i forhold til det styrande dokumentet operatøren har for boring. Det er stadfesta frå leverandøren at naud- og reservegeneratorane på produksjonsplattforma vil bli levert med låg-NOx teknologi.
Eit dynamisk posisjonert røyrleggjingsfartøy (DP-fartøy) brukar olje til drift av motorane som held fartøyet i posisjon. Eit «ankerdrive» leggjefartøy har to til tre ankerhandteringsfartøy som brenn diesel kontinuerleg for å kunne flytte ankera. Dessutan har også eit slikt leggjefartøy eit ganske stort oljedrive kraftverk ombord for å skaffe energi til alle naudsynte funksjonar. Det vil truleg ikkje vere nokon stor forskjell i utsleppa frå dei to ulike typane leggjefartøy. Det mest føremålstenlege fartøyet for å få gjennomført prosjektet vil bli valt.
Gjennom heile planleggjinga av utbygginga har det vært stort fokus på bruk av BAT og implementering av prinsippet om risikoreduksjon (ALARP-prinsippet). Løysinga med bruk av kraft frå land fører med seg ein årleg utsleppsreduksjon av NOx globalt på opptil 100 tonn pr år. Løysinga er vurdert som BAT for utbygginga.
Utsleppa av NOx frå petroleumsaktiviteten i Nordsjøen er ei stor NOx-kjelde og har sannsynlegvis innverknad på forsuringssituasjonen. Områda som får overskridingar i forhold til tålegrensa for forsuring er lokalisert på strekninga Nordfjord til Nord-Trøndelag. Såleis vil ei auke i NOx-utsleppa verke negativt inn på desse områda. Ved å hente kraft frå land i staden for kraft produsert offshore, vil lokale utslepp av NOx bli redusert. Utslepp knytt til utbygging, anlegg og drift av Gjøa tilsvarar derfor maksimalt berre 0,4 pst. av dei totale utsleppa i Nordsjøen, og kan såleis bli sett på som eit marginalt bidrag .
Fiskeriverksemda
Fiskeridirektoratet viser til at feltet ligg i eit område med lite fiskeriverksemd, der det berre i periodar er noko spreidd aktivitet med garn og line. Dei påpeikar at det er viktig at aktivitetar i samband med utbygginga og leggjing av oljerøyr blir kunngjort på ein god måte for å unngå konfliktar som ikkje er naudsynte. Vidare meiner dei at dersom det blir nytta ankerbasert leggjefartøy, må det bli teke ut eit område i samarbeid med utbyggar og Fiskeridirektoratet for kartleggjing av ankermerke. Likeeins bør ein starte eit samarbeid med omsyn til endeleg trasè, spesielt i forhold til kryssing av eksisterande røyr som Visund-Kvitebjørn og Statpipe.
Norges Fiskarlag understrekar at skildringa av bestandar for dei følgjande åra kan bli endra, slik at minimalisering av moglege operasjonelle konfliktar for fiskeria må bli lagt vekt på.
Kommentar frå Statoil:
Fråsegna frå både Fiskeridirektoratet og Noregs Fiskarlag blir teke til følgje, og teke omsyn til i den vidare planleggjinga av prosjektet. Statoil stiller seg positiv til kartleggjing av ankermerker, dersom dette blir nytta i samband med leggjing av gassrøyr. I så tilfellet vil område for kartleggjing bli diskutert med Fiskeridirektoratet. Det vil bli teke kontakt med direktoratet i løpet av 1. kvartal 2007 om forhold knytt til endeleg trasèval for gasseksportrøyr.
Konsekvensar for sjøfugl
Direktoratet for naturforvaltning meiner at konsekvensane for sjøfugl er for lite vektlagt i kapittel 4 og kapittel 8 i konsekvensutgreiinga, med tanke på at dei største miljøkonsekvensane knytt til akutte oljeutslepp i hovudsak er påfølgjande skade på sjøfugl. I utgreiinga saknar dei ei grundigare og meir samla vurdering av konsekvensar for dei ulike artene. Direktoratet meiner også at meir av bakgrunnen for miljørisikovurderinga bør kunne bli flytta over i sjølve konsekvensutgreiingsdokumentet.
Kommentar frå Statoil:
Konsekvensutgreiinga skal gje ei samla skildring av tidlegare planleggjing av prosjektet i forhold til miljøforhold og dei underlagsrapportar som er utarbeidd som ein del av konsekvensutgreiinga. Heile underlagsdokumentasjonen blir gjort tilgjengeleg på internett. Statoil påpeikar at miljørisikoen for feltet er svært låg, og meiner at konsekvensar for dei ulike artane er godt nok dekka. Etter gjeldande praksis blir ikkje detaljar gjenteke i sjølve konsekvensutgreiingsdokumentet.
Habitat på botnen
MD viser til at det ikkje er identifisert førekomstar av korallar i samband med kartleggjingane som er gjennomført i tilknyting til utbygginga, og at nye undersøkingar vil bli gjennomført for trasè for røyr. Dei bed om at Direktoratet for naturforvaltning og Havforskingsinstituttet blir kontakta, og at avbøtande tiltak blir vurdert dersom slike førekomstar blir identifisert.
Direktoratet for naturforvaltning seier at dei ser positivt på kartleggjinga av korallar, men ber om at sårbare botnhabitat som svampar får den merksemda som er naudsynt.
SFT leggjer til grunn at utbyggar ved val av leggjefartøy i samband med leggjing av røyr, tek vare på omsyn til botnlevande organismar. SFT forventar at Statoil vel best mogleg trasè for leggjing av røyr og straumkabel for å redusere grusdumpingsvolum, arealbeslag og forstyrring av havbotn. Dei påpeikar at det i samband med leggjing av røyr, plassering av eventuelle anker samt utslepp av vassbasert kaks blir teke omsyn til svamp og andre botnlevande organismar i området, inkludert kartleggjing av korallar.
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane seier det ser ut som om trasè for sjøkabel for kraftforsyning går gjennom det føreslåtte området for marin verneplan (kandidatområde Utvær- Holmengrå, førebels plassert i gruppe C) og merkar seg at eventuelle konsekvensar av sjøkabelen for verneplanen ikkje er vurdert. Dei bed difor om at det blir avklart om sjøkabelen vil medføre eventuelle konsekvensar for framtidig vern av området.
Kommentar frå Statoil:
Dersom det i samband med kartleggjinga blir identifisert førekomstar av korallar vil utbyggingsoperatøren ta kontakt med Direktoratet for naturforvaltning og Havforskingsinstituttet. Basert på kartleggjing vil trasèar bli optimalisert med tanke på minimalisering av grusdumping, arealbeslag og forstyrring av havbotn.
Det vil bli gjennomført grunnlags- og borestadsundersøkingar samt kartleggjing av trasé for røyr. Moglege korallar blir oppdaga ved ROV-basert multistrålekartleggjing, men sidan det er vanskeleg å skilje korallar frå stein akustisk, vil det også bli gjort visuell dokumentasjon ved ROV. Vanlegvis blir senterlinja visuelt dokumentert ved ROV, og det vil då vere mogleg å dokumentere svampar. Dette er ikkje vanleg å gjere og vil krevje ein omfattande gjennomgang og rapportering. Dersom det under kartleggjinga av korallar blir gjort funn av svampar vil det bli vurdert å undersøkje delar av området for å dokumentere utstrekning av eit slikt eventuelt funn. Etter det operatøren kjenner til er det ikkje registert førekomstar av korallar i områda der feltrøyr eller eksportrøyr skal leggjast. Svampar har heller ikkje vore observert i samband med kartleggjing av røyrtraséar i dette området. Operatøren forventar heller ikkje å finne signifikante korallrev eller samlingar av svampar i området ut frå kjente generelle data frå norsk sokkel.
Det er føreslått, men ikkje vedtatt, at området skal inngå i neste fase av arbeidet med ein verneplan. Trasè for kraftkabel vil gå utanfor området og installasjon av kraftkabel er ikkje vurdert til å vere i konflikt med verneformålet eller få konsekvensar for mogleg framtidig vern av området. Vidare vil kabelen ikkje vere i konflikt med verneformål med sjøfugl, ettersom kabelen er plassert på sjøbotnen. Ein kabel på sjøbotnen vest for øyene vil heller ikkje være i konflikt med verneformål for skjergard.
Oljevernberedskap
Fiskeridirektoratet peikar på at det må bli teke omsyn til at utbygginga av Gjøa blir det olje- og gassfeltet som ligg mest kystnært i eit forholdsvis vêrhardt område på norskekysten. Dei viser til at det er stor skipstrafikk i området. Fiskeridirektoratet meiner difor at det må bli retta ekstra merksemd mot feltet både med omsyn til overvaking og beredskap.
Sogn og Fjordane fylkeskommune seier at kysten av Sogn og Fjordane ligg særleg utsett til i forhold til akutte utslepp. Dei meiner difor at oljevernberedskapen må bli oppgradert for å minimalisere verknad i forhold til forsuring og skade frå akutte og regulære utslepp.
Havforskningsinstituttet viser til at for akutte uhell er det identifisert verdsette økosystemkomponentar i influensområdet til Gjøa. Dette omfattar sildelarver, sjøfugl, havert og steinkobbe i yngleperioden og strandsoner. I tillegg er det oppdrettsverksemd i området. HI meiner vidare det er viktig at oljevernberedskap blir planlagt i forhold til dei utfordringane som er i området.
SFT forventar at operatøren vil gjennomføre ei oppdatert analyse av beredskapsbehovet for å synleggjere eventuelle auka systembehov, samt ha ein dekkjande beredskapsplan før aktivitetane startar. Dei forventar i tillegg at forvitringsstudie og dispergeringstestar blir gjennomført så snart det let seg gjere. SFT peikar på at dei vil kunne stille krav til beredskap i samband med søknad om løyve til verksemd i medhald av Forureiningslova § 40, jfr. Aktivitetsforskrifta § 64.
HAFS-regionråd meiner at utbygging og drift av feltet påfører regionen risiko for miljøskader fordi eventuelle utslepp frå plattforma vil skje svært nære land og i gyteområde for viktige fiskeartar for lokale fiskarar.
Kommentar frå Statoil:
Oljeberedskapen vil bli planlagt i forhold til utfordringane i området. Det er allereie gjennomført grundige analysar knytt til faren skipstrafikken i området kan utgjere. Prosjektet har i alle fasar hatt høgt fokus på overvaking og beredskap, knytt til både tryggings- og miljøforhold. Blant anna er stad for plattforma flytta lengre vest for å redusere risiko forbunde med skipstrafikk til eit så lågt nivå som mogleg (ALARP-prinsippet). I forhold til overvaking vil det bli implementert naudsynte tiltak innan miljø og tryggleik. Ein risiko- og beredskapsanalyse vil bli gjennomført, samt ein systembehovsanalyse på oljevern som vil gje naudsynt informasjon for etablering av ein fullstendig beredskapsplan for oljevern som omfattar både utbyggings- og driftsfasen. NOFOS regionale planverk er for tida til oppdatering og utbygginga av Gjøa inngår i denne. Oljevernberedskapen blir planlagt ut ifrå dei behova som blir avdekkja i analysen. Dersom det viser seg at det er behov for ei oppgradering av beredskapen vil dette bli gjort.
Kommentaren om at SFT kan stille spesifikke krav til beredskap i samband med søknad om løyve til verksemd blir tatt til følgje. Forvitringsstudie og dispergeringstestar vil bli gjennomført så snart det let seg gjere.
Eksportløysing
Hordaland fylkeskommune, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Fagforbundet for industri og energi (Industri Energi) meiner at eksportløysinga er i strid med prinsippet om å føre i land rikgass for prosessering i Noreg.
Hordaland fylkeskommune er kjend med at det blir arbeida med planar for utviding av kapasiteten for gasshandsaming på Kollsnes og for eit nytt eksportrøyr som skal dekkje transportbehovet for gass frå Norskehavet til Europa via Kollsnes. Samkøyring av kapasitetsutviding på Kollsnes og utbygging av Gjøa, Vega og Vega sør vil etter fylkeskommunen sitt syn vere ei rettare og meir naturleg utbyggingsløysing for dei tre prosjekta. Fylkeskommunen bed difor om at ei slik løysing blir utreda nærmare.
Sogn og Fjordane fylkeskommune, HAFS-regionråd og Industri Energi meiner at brønnstraum frå Gjøafeltet må førast til Lutelandet for prosessering, som vil sikre norsk rikgass, som kan integrerast med dei etablerte olje- og gassystema på Mongstad og på Kollsnes på ein god måte. Løysinga er presentert for utbyggingsoperatøren.
Sogn og Fjordane fylkeskommune påpeikar at i eit samfunnsøkonomisk perspektiv må økonomien i feltet bli sett i samanheng med økonomien i andre felt som vil dra nytte av den infrastrukturen som blir etablert for feltet. På grunnlag av at Gjøa er eit sentralt element i ei områdeløysing, meiner dei det er grunn til å tru at plattforma vil produsere langt utover den planlagte produksjonsperioden på 15 år. Vidare meiner dei at dette svekkjer argumentet om at ein ikkje kan byggje ut norsk kapasitet for å støtte eit kortvarig behov.
Industri Energi meiner at gassterminalar og gasshandsamingsindustri er svært verdiskapande industrianlegg. Det finn heller ikkje noko samfunnsøkonomisk grunngjeving for utbyggingsoperatørens konklusjon. Dei seier vidare at sentrale styresmakter ikkje får alternativa til vurdering, berre konklusjonen utvinningsløyva kjem fram til etter å ha optimalisert ut frå reine selskapsvurderingar. Industri Energi vurderer dette som lite tilfredsstillande med tanke på det overordna målet og intensjonen i petroleumsloven om at petroleumsverksemda skal styrast til beste for samfunnet.
HAFS-regionråd meiner at den utbyggingsløysinga som er valt er uakseptabel og at utbygginga ikkje kan skje i tråd med den. Dei seier vidare at innbyggarane i HAFS-regionen tar ein stor del av miljørisikoen utan at regionen får del i sysselsetting og inntekter knytt til utbygginga i det heile. Dei meiner difor at regjeringa ikkje kan tilråde, og at Stortinget ikkje kan godkjenne ei utbygging i tråd med den som kjem fram av konsekvensutgreiinga. Dei meiner at Asterofunnet til Hydro, samt funna Peon og Agat kan bli knytt opp mot Gjøa, i tillegg til andre moglege framtidige funn i området. Ved å byggje ny infrastruktur for eksport av rikgass frå Gjøa og inn i britisk sektor, blir ikkje eksisterande norsk infrastruktur for gasseksport brukt. For HAFS regionen betyr dette at ressursar som ligg heilt inntil kysten i dette området blir utvinne og eksportert utan positive ringverknader i regionen. Dei meiner difor at utbygging av Gjøa ikkje kan finne stad før ilandføring av brønnstraum til Lutelandet er skikkeleg utreda.
Kommentar frå Statoil:
Gjøa vart påvist allereie i 1989, og ulike operatørar har vurdert ei rekke utbyggingsløysingar, deriblant ilandføring av gass både til Kollsnes, Kårstø og mot UK. Rettshavarane i Gjøa har også i samarbeid med mellom anna Gassco gjort ei omfattande vurdering av alternative transportløysingar, blant anna ilandføring til Kollsnes og bruk av Tampen link.
Gjøa er eit marginalt felt som ikkje vil kunne finansiere utbygging av ny infrastruktur eller kostnadene ved utviding av handsamingskapasitet på Kollsnes eller Kårstø. Operatøren har i samråd med operatørar for andre prosjekt i området (Troll vidareutvikling, Vega, Vega sør, Astero) vurdert ei samla utbygging av desse prosjekta og ilandføring av Gjøa til Kollsnes. Prosjektøkonomien vil i dette tilfellet bli negativ for Gjøa. Ei utbygging av kapasiteten i det norske transportsystemet i samband med Troll vidareutvikling vil uansett ikkje bli bestemt før tidligast 2007.
Tilgjengeleg kapasitet i det eksisterande norske transport- og prosesseringssystemet er ikkje tilstrekkeleg, og ilandføring på Kollsnes eller Kårstø vil føre med seg store investeringar for ei kortsiktig utnytting, medan det er ledig kapasitet i det britiske transportsystemet. Bruk av FLAGS mot St. Fergus i Skottland er det klart beste økonomiske alternativet for Gjøa, og prosjektet har difor valt å gå vidare med denne løysninga.
Gjøa-feltet ligg vest for Florø, og det er om lag 45 km til land. Ilandføring til Lutelandet vil krevje etablering av fullstendig ny infrastruktur, noko som Gjøaprosjektet ikkje kan bere økonomisk. Mangel på infrastruktur i dette området ville føre til dramatisk høgare kostnader enn ved ilandføring til Kollsnes. I tillegg vil oppstart av prosjektet bli utset endå meir. Lutelandet er såleis ikkje eit aktuelt ilandføringsalternativ.
Tampen link har vore vurdert som tilknytingspunkt til FLAGS for gasseksport frå Gjøafeltet. Bruk av Tampen Link vil berre medføre ein marginal reduksjon (10-12 km) i lengde på gassrøyret samanlikna med eit direkterøyr, og sparinga står ikkje i forhold til dei tekniske problema som er samanbunde med eit trykksikringssystem under vatn. Krava til trykksikring av gassrøyr på Gjøa er vesentleg skjerpa i forhold til dei som gjeld for et direkterøyr. Dette skuldast at operasjonstrykket i Tampen Link er høgare enn i FLAGS. Det er dessutan tilrettelagt for ei mogleg tilknyting av Gjøa-gassrøyr til Statpipe frå 2021.
Det er vidare viktig å innsjå at Gjøa er eit svært krevjande reservoar å produsere frå. Ei utbygging på havbotnen med overføring av brønnstraum til Kollsnes (eller Lutelandet) kan gje monaleg lågare utbyggingskostnader på feltet, men vil på same tid føre til monaleg redusert utvinning. Til dømes vil det ikkje være mogleg med lågtrykksproduksjon, som åleine fører til om lag 20 pst. lågare utvinning av olje og gass.
Tal for sysselsetting som er gjeve opp i konsekvensutgreiinga er basert på investeringstal og føresetnader våren 2006. Seinare er investeringsprofilane og føresetnadene endra noko. Kapittel 3 i konsekvensutgreiinga viser oppdaterte føresetnader for regionen.
Kraftløysing
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) tar konsekvensutgreiinga til følgje. NVE peikar på at dei vil følgje opp planar for utbygging av forbruk, kraftnett og produksjon av kraft i BKK-området i tida framover, gjennom å analysere kraftbalansen og forsyningstryggleiken. Vidare vil dei sjå på om planane for Gjøa og vidareutvikling av gasseksport frå Trollfeltet har noko å seie i den samanhengen.
SFT saknar ei utgreiing knytt til overføringskapasiteten til den valte kraftoverføringskabelen.
Statnett viser til at Mongstad ligg i eit område med andre petroleumsbaserte industrianlegg der det er forventa ei ganske stor auke i kraftbehovet. For å sikre den regionale kraftforsyninga arbeider Statnett med planar om bygging av ein 420 kW leidning Sima - Samnanger som tidlegast kan vere i drift frå rundt år 2010. Forsyninga til Gjøa-plattforma er med på å auke behovet for leidninga. Dei forstår det slik at utbygginga av Vega skal få straumforsyninga si frå Gjøa, noko som aukar effektbehovet frå Mongstad endå meir.
Sogn og Fjordane fylkeskommune meiner at straum frå land bør hentast frå Lutelandet i Sogn og Fjordane. SFF viser til at i Sogn og Fjordane har kraftoverskot, og peikar på at Bergensregionen har store utfordringar i vente med tanke på å dekkje opp auka kraftetterspurnad.
HAFS-regionråd støttar høyringsfråsegna frå Sogn og Fjordane fylkeskommune om å hente straum frå land frå Lutelandet.
Kommentar frå Statoil:
Fråsegna til NVE blir tatt til følgje.
Ei slik løysing fører til eit kraftbehov på opptil 40 MW, som er basis for design av anlegget. Ettersom tap i full last er 5 pst., fører dette til om lag 42 MW levert frå land. Spenninga på overføringa er rundt 90 kV, som blir regulert ved hjelp av transformator på land slik at spenninga på Gjøa blir halde tilnærma 90 kV. Energiverk Mongstad (EVM) var ikkje forutsett i avgjerda med omsyn til Gjøa, men vil medverke positivt, hovudsakeleg gjennom redusert overføringstap og ei viss auke i regulariteten. EVM er nå avgjort utbygd og underbygg at avgjerda om tilknyting til nettet ved Mongstad var og er eit robust og sikkert val.
Statoil tek fråsegna frå Statnett til orientering og understrekar at straumbehov knytt til drift av Vega er dekka av behovet som er oppgitt for Gjøa. Effektbehovet på Mongstad vil difor ikkje auke endå meir.
Elektrifisering av Gjøa har vært ein lang prosess og var i utgangspunktet ikkje ei sjølvsagt løysing. Før Gjøa tok si avgjerd om elektrifisering, og deretter bruk av Mongstad for levering av straum, vart alle potensielle, nærliggjande forsyningsstader vurdert. Dette inkluderte Askvoll og Florø i Sogn og Fjordane. Kriteria var at tilknytingspunktet kunne tilby følgjande:
2 x 40 MW
Høg pålitelegheit og kvalitet i samband med straumleveransen
Enkel integrering og oppkopling til eksisterande landforsyning
Lett tilgang på inspeksjon og vedlikehald
Resultata av vurderingane viste at berre Mongstad-alternativet kunne møte desse kriteria. Energiverk Mongstad (EVM) representerte i tillegg ein oppside for ytterligare robustgjøring av løysningen. EVM vil stå klart og i drift ved årsskiftet 2009/2010. Når Gjøa kjem i drift i 2010 vil det medverke til ytterlegare forbetring av verkingsgrada på EVM og totalt sett gjev Gjøa si utnytting av EVM ei god løysing for miljøet.
Lutelandet har ikkje vore tilgjengeleg, og dermed heller ikkje eit realistisk alternativ til Mongstad. Det blir understreka at ei slik løysing heller ikkje vart lansert i samband med forslag til program for konsekvensutgreiing for Gjøafeltet som var på høyring våren 2006. Endelig utgreiingsprogram for utbygginga blei godkjent av Olje- og energidepartementet i juli 2006. Lutelandet som tilkoplingsstad for kraftkabel vart lansert i samband med politiske møte vedrørande base- og logistikkverksemd med Gaz de France i august 2006. Det finnest i dag verken infrastruktur i form av vegar, straumtilførsel, teletilkopling eller bygningsmasse. Heller ikkje føreligg det vedtak om bygging av ei forsyningsløysing som vil møte dei same kriteria som Mongstad allereie gjer, utan EVM. Ein kortare straumkabel vil i denne samanheng ikkje ha noko å seie.
Gjøa-utbygginga er basert på optimal utnytting av eksisterande infrastruktur, både med omsyn til gassleveransar, oljetransport og elektrifisering. Dette er utgangspunktet for at det er mogleg å realisere prosjektet, og det legg til rette for at ei gjennomføring kan skje innafor tids- og kostnadsrammene i utvinningsløyvet.
Kostnadsbiletet knytt til å etablere ein infrastruktur i form av vegar, straumtilførsel, teletilkopling, bygningar og liknande i eit urørt og ikkje busett område på Lutelandet, er ikkje tilgjengeleg på eit kostnadsnivå som kan samanliknast med PUD-estimatet for Gjøa. Basert på svært grove overslag vil kostnadsnivået vere om lag 300 millionar NOK +/- 50 pst. Kostnadar knytt til ein forsinka oppstart av Gjøa på til dømes ett år, ved at straumforsyning ikkje er tilgjengeleg, kan raskt være oppe i ein heilt annan storleik. I tillegg kjem utgreiingsbehov og konsekvenshandtering på land og i nye, til dels beskytta område.
Dersom Lutelandet skulle realiserast vil ei framføring av elektrisitetsforsyning til området gjev Gjøa uvisse med omsyn til regularitet av krafttilførsel, drift og vedlikehald, og auka utgifter i samband med nye linjer med meir. Potensialet ligg i kortare kabel, men det er liten grunn til å tru at det veg opp for kostnadene det nye anlegget vil påføre utbygginga.
I tillegg kjem tapa prosjektet måtte ta i samband med allereie gjennomført arbeid, nye studiar både i samband med flytaranlegget, installasjonar på havbotnen, surveys, ilandføring og tilkoplingspunkt, samt inngåtte forpliktingar, forsinka oppstart og utsette inntekter frå sal av olje og gass.
Geografisk tilknyting (driftsorganisasjon og basar)
HAFS-regionråd peikar på at ei utbygging av Gjøafeltet slik det no er planlagt ikkje gjev målbare inntekter til HAFS-regionen. Dei meiner difor at utbygging av Gjøafeltet må skje på ein måte som gjev ny aktivitet og sysselsetting i HAFS-regionen.
Hordaland fylkeskommune merkar seg at Gaz de France skal legge driftsorganisasjonen for Gjøa til Stavanger, medan både Vega og Troll sine driftsorganisasjonar ligg i Bergen. I konsekvensutgreiinga for Vega peikar Hydro på at drifta av Vega må samordnast med andre felt for at utbygginga skal vere økonomisk forsvarleg. Dei bed difor om at driftsorganisasjonen for Gjøa blir lagt til Bergen.
Sogn og Fjordane fylkeskommune viser til at trass i at fylket har låg del av sysselsettinga i petroleumsnæringa har Florø etablert ein god infrastruktur. Dei peikar på at Florø ligg svært nær Gjøafeltet, og i samband med transport til feltet er det eit stort potensial for økonomisk gevinst, reduserte klimagassutslepp og redusert tryggingseksponering. Dei meiner at driftsorganisasjonen for Gjøa må bli lagt til Florø, og at all frakt av personell, forsyning av utstyr samt vedlikehald og lagring av utstyr må gjerast ut frå Florø både i utbyggings- og driftsfasen.
Kommentar frå Statoil:
Gass og kondensat frå Vega og Vega sør blir eksportert og prosessert på Gjøa, og inngår dermed i arbeidet som driftsorganisasjonen til Gjøa vil stå ansvarleg for. Det vil dermed ikkje bli etablert nokon stor organisasjon for drift av Vega og Vega sør i Bergen.
Det vil vere svært vanskeleg å etablere ein driftsorganisasjon i Florø med tilstrekkeleg tung kompetanse, ettersom størstedelen av aktuelle kandidatar til driftsorganisasjon for Gjøa er i Stavangerområdet. Det er bestemt at logistikkfunksjonen blir lagt til Florø, og at ein skal fortsette dialogen med aktuelle leverandørar i Florø-regionen med tanke på kvalifisering for driftsstøtte og vedlikehaldsoppgåver på land.
All planlagt transport til feltet vil i prinsippet skje frå Florø. Av praktiske omsyn bør det likevel vere mogleg å transportere ei last direkte til feltet, dersom lasta i utgangspunktet er på Ågotnes eller ved ein annan base på vestlandet.
Kapasiteten på helikoptera i Florø er pr i dag nær fullt utnytta. Flesland gjev auka fleksibilitet og kapasitet på helikopteravgangar samanlikna med Florø. Flesland har også betre kommunikasjon med fly- og båttransport, og betre overnattingstilbod. Flesland er difor valt for transport av personell i borefasen. I samband med lagring av utstyr er det no skissert ei løysing der ventilert og tilhøyrande utstyr vil bli skipa og lagra i Florø, og det resterande av røyr, botnrammer og utstyr vil bli skipa frå CCB i Bergen. Både Statoil og Gaz de France meiner at dette er ei akseptabel løysing.