1 Innleiing
Samferdselsdepartementet legg i denne proposisjonen fram ein del saker under programkategoriane 21.20 Luftfartsformål, 21.30 Vegformål, 21.50 Jernbaneformål og 22.10 Post og telekommunikasjonar.
Proposisjonen gjeld desse sakene:
Under 21.20 Luftfartsformål:
Samferdselsdepartementet orienterer om status for kompetansesenteret for flygarutdanning.
Under 21.30 Vegformål:
I samband med sluttføring av Trondheimspakka med m.a. E6 Nordre avlastingsveg, foreslår departementet å utvide bompengeinnkrevjinga for hovudvegutbygginga i Trondheimområdet.
Departementet legg fram forslag om delvis bompengefinansiert utbygging av prosjekt og tiltak på rv 45 i Gjesdal kommune, Rogaland.
Det blir gjort greie for arbeidet med planlegging og finansiering av utbygging av E18 Mosseveien i tunnel.
For utbygging av E18 Østfold gjer departementet greie for vegstandard, planstatus, kostnader og høvet til gjeldande Østfoldpakke og tilrår anleggsstart på parsellen E18 Sekkelsten - Krosby i 2003.
Det blir orientert om arbeidet med E10 Fastlandsforbindelse til Lofoten (LOFAST).
Departementet orienterer om anleggsstart for utvidinga av motorvegbrua på E18 over Drammenselva.
Det blir orientert om arbeidet med Eiksundsambandet.
Samferdselsdepartementet orienterer om tidsplan for omklassifisering av stamvegnettet.
Departementet legg fram forslag til prinsipp for alternativ bruk av ferjetilskot.
På bakgrunn av Stortingets oppmodingsvedtak nr. 390 av 13. juni 2000 gjer departementet greie for ulike tiltak når det gjeld køyring påverka av andre rusmiddel enn alkohol i vegtrafikken.
Under 21.50 Jernbaneformål:
Departementet orienterer om ny framdriftsplan for konkurranseutsetjing innan jernbanen.
Under 22.10 Post og telekommunikasjonar:
Det blir orientert om årsresultat og utbyte frå Posten Norge AS.