4 Programkategori 21.50 Jernbaneformål
4.1 Ny framdriftsplan for konkurranseutsetjing innan jernbanen
I St.meld. nr. 26 (2001-2002) gjekk Regjeringa inn for å leggje til rette for gradvis innføring av konkurranse om kjøp av persontransport på det norske jernbanenettet, med sikte på konkurranseutsetjing av utvalde prøvestrekningar i 2004. I St.prp. nr. 1 (2002-2003) er det opplyst at Samferdselsdepartementet legg opp til å lyse ut konkurranse om kjøp av persontransport på Gjøvik- og Vossebanen med sikte på trafikkstart i 2004.
Samferdselsdepartementet arbeider no med å leggje til rette for konkurranseutsetjing. Førebuingsarbeidet viser at dette er meir arbeidskrevjande enn først rekna med. For å ha ein forsvarleg prosess reknar ikkje departementet med at det er praktisk mogleg å lyse ut ein konkurranse før i 2004. Departementet vil komme tilbake med ei nærare orientering om utlysingstidspunktet for konkurransen i budsjettproposisjonen for 2004.