5 Programkategori 22.10 Post og telekommunikasjonar
Kap. 5618 Innskotskapital i Posten Norge AS
Post 80 Utbyte
For 2003 er det løyvd eit utbyte på 54 mill. kr på kap. 5618, post 80 Utbyte. Det er lagt til grunn at det skal betalast eit utbyte på 30 pst. av overskotet i selskapet etter skatt året før.
Rekneskapen for Posten Norge AS for 2002 viser eit underskot på 43 mill. kr. Av finanspolitiske årsaker held Regjeringa ved lag løyvinga på kap. 5618, post 80 Utbyte, med 54 mill. kr.