1 Innleiing
Denne proposisjonen omhandlar forhandlingane om den fjerde kapitalpåfyllinga i Det internasjonale fondet for jordbruksutvikling, IFAD. Storleiken på påfyllinga og byrdefordelinga mellom gjeverlanda har vorte fastsett i forhandlingar mellom medlemslanda og IFAD. For Noregs del vart resultatet av forhandlingane eit bidrag på 118 216 205 kroner fordelt over 3 år, noko som tilsvarer ein del på 4,27 % av det samla påfyllingsnivået på 430 138 212 US dollar. Tilskotet til IFAD vert belasta bistandsbudsjettet kap 0163, post 75 Innskot i Internasjonalt fond for jordbruksutvikling.