Tilråding
Utanriksdepartementet
tilrår:
At Dykkar Majestet godkjenner og skriv under eit framlagt forslag til proposisjon til Stortinget om samtykke til at Noreg tek del i den fjerde kapitalpåfyllinga i Det internasjonale fondet for jordbruksutvikling, IFAD, med 118 216 205 kroner for tidsrommet 1997 til og med 1999.
Vi HARALD, Norges Konge,
stadfester:
Stortinget blir bedt om å gjere vedtak om samtykke til at Noreg tek del i den fjerde kapitalpåfyllinga i Det internasjonale fondet for jordbruksutvikling, IFAD, med 118 216 205 kroner for tidsrommet 1997 til og med 1999, i samsvar med eit framlagt forslag.
Tilråding frå Utanriksdepartementet ligg ved.