4 Resultatet av forhandlingane
Etter meir enn fire års forhandlingar om den fjerde kapitalpåfyllinga i IFAD vart det i forkant av rådsmøtet i Roma 21. februar 1997 oppnådd semje om eit påfyllingsnivå på US dollar 430 mill over 3 år. I tillegg forplikta Belgia og Nederland seg til å gje frivillige bidrag på til saman US dollar 40 mill. Dei samla regulære bidraga frå OECD-landa er på US dollar 319,72 mill, noko som inneber at OECD-landa sin del av den fjerde kapitalpåfyllinga er på over 74 %. Medrekna dei øyremerka belgiske og nederlandske tilleggsbidraga, som ikkje gjev stemmerett, er bidraget frå OECD-gruppa samla nesten US dollar 360 mill. USAs del av bidraget frå OECD-landa er redusert frå 28 % i den tredje kapitalpåfylllinga til under 10 % i den fjerde.
Kapitalpåfyllinga er knytta til gjennomføringa av resolusjonen om endra styringsstruktur i IFAD som vart vedteken på rådsmøtet i 1995, og som vart stadfesta på rådsmøtet i februar 1997.
Resolusjonen inneber ei endring av fordelinga av stemmer og styreplassar i favør av dei landa som har ytt mest. Den formelle inndelinga i tre kategoriar opphører. Ordninga med ei tredeling av stemmetallet vert òg oppheva. I underkant av halvparten av stemmene vert fordelt likt mellom alle medlemslanda, medan resten vert fordelt i høve til kvart enkelt medlemslands akkumulerte bidrag til IFAD.
Den nye måten å fordele stemmer på inneber at åtte styreplassar går til den tidlegare OECD-gruppa og fire går til den tidlegare OPEC-gruppa. Låntakarlanda får ha sine seks plassar. Varamedlemsplassane er fordelte på same måte, noko som inneber at OECD-landa i det komande tidsrommet på tre år har 16 plassar i styret. Den nye strukturen inneber at dei nordiske landa har fått monaleg meir innverknad i IFAD. Tidlegare har dei fire nordiske landa delt ein styreplass i IFAD, medan Noreg og Sverige no vert ei eiga valgruppe som vil ha både ein styreplass og eit varamedlem som møter fast.
Vurdering
IFAD spelar ei viktig rolle i kampen mot fattigdom. Fondet tilbyr lån på gunstige vilkår til tiltak for å auke matproduksjonen i dei fattigaste utviklingslanda og til å betre levevilkåra for dei fattigaste befolkningslaga i desse landa. IFADs styrke er fondets klare fattigdomsorientering og evna til å arbeide på grasrotnivå. IFAD tek utgangspunkt i små innovative tiltak og pilotprosjekt. Ved demonstrert suksess vert desse gradvis utvikla og oppskalert, som regel i samarbeid med andre utviklingsinstitusjonar. Dei aller fleste av IFADs prosjekt vert samfinansierte saman med andre multilaterale eller bilaterale gjevarar, noko som inneber at IFAD går inn med sin ekspertise og sine prioriteringar i prosjekt der andre gjevarar er inne med midlar. Frå norsk side vert ein slik måte å organisere verksemda på oppfatta som positiv, fordi han i tillegg til å spreie IFADs kunnskap fremjar samarbeid mellom ulike aktørar på gjevarsida.
IFAD har ein liten administrasjon, som vert vurdert som effektiv. Organisasjonens administrasjonsbudsjett har vorte redusert i løpet av dei siste åra, og det er lagt ned arbeid for å betre drifta og leiinga av organisasjonen ytterlegare. IFAD er dessutan pålagt av medlemmene å styrkje inntektssida i fondet gjennom ein ny investeringspolitikk som venteleg vil gje større avkastning og meir effektiv bruk av lånekanselleringer. I tillegg er det opna for at IFAD kan vedta nye lån basert på framtidige tilbakebetalinger på lån, slik praksis er i andre multilaterale utviklingsfond. Saman med dei midlane som vert tilførte IFAD gjennom den fjerde kapitalpåfyllinga, vil dette føre til at ein sikrar eit utlånsnivå som gjer at fondet kan oppretthalde mandatet sitt.
IFADs fokus på fattigdomsreduksjon, utvikling på landsbygda og kvinner gjer institusjonen særleg interessant sett frå ein norsk bistandspolitisk synsvinkel. Den nye styringsstrukturen gjev Noreg monaleg større innverknad i IFAD, og det vil bli lagt vekt på å arbeide for at IFAD i enno større grad enn tidlegare kan verta ein viktig samarbeidspartnar på område som er prioriterte i norsk bistandspolitikk. Kapitalpåfyllinga er i seg sjølv eit viktig bidrag til oppfølginga av toppmøtet om matvaretryggleik som vart halde hausten 1996.