Tilråding
Utanriksdepartementet
tilrår:
At Dykkar Majestet godkjenner og skriv under eit framlagt forslag til proposisjon til Stortinget om samtykke til å la seg binde av Protokoll om forbod mot eller restriksjonar på bruk av miner, minefeller og andre innretningar, med endringar av 3. mai 1996, og Protokoll om blindande laservåpen av 13. oktober 1995, begge til FN-konvensjonen av 10. oktober 1980 om forbod mot eller restriksjonar på bruk av visse konvensjonelle våpen som kan valde unødig skade eller som kan ramme vilkårleg.
Vi HARALD, Norges Konge,
stadfester:
Stortinget blir bedt om å gjere vedtak om samtykke til å la seg binde av Protokoll om forbod mot eller restriksjonar på bruk av miner, minefeller og andre innretningar, med endringar av 3. mai 1996, og Protokoll om blindande laservåpen av 13. oktober 1995, begge til FN-konvensjonen av 10. oktober 1980 om forbod mot eller restriksjonar på bruk av visse konvensjonelle våpen som kan skade i utrengsmål eller som kan ramme vilkårleg, i samsvar med eit framlagt forslag.
Tilråding frå Utanriksdepartementet ligg ved.