3 Avtale om driftstilskot og takstar for fysioterapeutar
I forhandlingsmøte 3. juni 2003 blei Norsk Fysioterapeutforbund, Kommunenes Sentralforbund og staten samde om eit tilrådd framlegg til revidert avtale om driftstilskot og takstar for fysioterapeutar. Avtalen skal gjelde for tidsrommet 1. juli 2003 - 30. juni 2004.
Avtalen føreset ei regulering av takstar og driftstilskot med 1,2 prosent per 1. juli 2003. Takstar og driftstilskot aukar med same prosentsats. Folketrygda skal som tidlegare setje av 1,5 pst. av utbetalte refusjonar til fond for etter- og vidareutdanning.
Departementet tilrår at løyvinga for 2003 under kap. 2755 post 71 Refusjon fysioterapi blir auka med 8,0 mill. kroner.
Fastlønnstilskotet til kommunar med fysioterapeutstillingar var 131 000 kroner i 2002. Departementet tilrår at fastlønnstilskotet blir regulert til 134 300 kroner for 2003, og at kap. 2755 post 62 Tilskot til fastlønnsordning fysioterapeutar blir auka med 3,0 mill. kroner. Det er teke omsyn til framlegget til auke i eigendelane frå 1. juli 2003 ved reguleringa av fastlønnstilskotet.