5 Behandling i utlandet
Kap. 2790 post 72 Sjukebehandling i utlandet inneheld to ordningar: Bidrag etter folketrygdlova § 5-22 til behandling i utlandet og Prosjekt - kjøp av helsetenester i utlandet. Bidragsutgiftene er i St.prp. nr. 1 (2002-2003) budsjetterte med 18 mill. kroner. Som følgje av Stortinget si handsaming blei det for begge ordningane til saman løyvd 98 mill. kroner, og Prosjekt - kjøp av helsetenester i utlandet blei dermed tildelt 80 mill kroner. I tillegg blei det løyvd 5 mill. kroner til administrasjon av ordninga, jf. kap. 2600 Trygdeetaten.
Føremålet med løyvinga til Prosjekt - kjøp av helsetenester i utlandet var å føre vidare prosjektet, avgrensa til kompetanseprosjekt på områda alvorlege eteforstyrringar, prostatakreft, kompliserte rygg/nakkelidingar, cochlea-implantat, Parkinsons sjukdom og hjartelidingar. I tillegg er Rikstrygdeverket bede om å finansiere behandlingsreiser til utlandet for nye pasientgrupper og eit prosjekt med MR-buss i Finnmark.
I St.prp. nr. 65 (2002-2003) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet medregnet folketrygden 2003 blei det gjort framlegg om ei gjenløyving på 60 mill. kroner til Prosjekt - kjøp av helsetenester i utlandet. Dette svarer om lag til mindreforbruket i 2002 i høve til prosjektet si tildelte ramme dette året, og blei sett som naudsynt for å kunne betale utgifter til behandling av pasientar i siste halvdel av 2002. Det tar opp til fire månader frå pasienten får tilbod om behandling til utgiftene er ført i Rikstrygdeverket sin rekneskap.
Nye rekneskapstal frå Rikstrygdeverket viser at prosjektet har eit meirforbruk i 2003 ut over det som blei lagt til grunn i St.prp. nr. 65. Meirforbruket har i følgje Rikstrygdeverket mellom anna si årsak i at dei regionale helseføretaka har send fleire pasienter til behandling i utlandet gjennom prosjektet på slutten av fjoråret enn det Rikstrygdeverket la til grunn.
Prosjekt - kjøp av helsetenester i utlandet går no inn i ein overgangsfase i påvente av utviding av pasientrettane, jf. Ot.prp. nr. 63 (2002-2003) om endringar i lova om pasientrettar. I proposisjonen er det gjort framlegg om ein ny rett til individuell behandlingsfrist. Dersom ein pasient ikkje får helsehjelp frå den offentlege spesialisthelsetenesta innan den fastsette fristen, skal pasienten ha krav på helsehjelp privat eller i utlandet for det offentlege si rekning. Når det gjeld pasientar som har rettar og som ikkje kan få nødvendig helsehjelp fordi det er mangel på kompetanse i Noreg, tilrår departementet at dei skal ha rett til helsehjelp frå tenesteytar i utlandet. Ein vil nytte tida fram til årsskiftet til å førebu innføringa av utvida pasientrettar.
Helsedepartementet ser det som naudsynt at staten innfrir sine plikter overfor dei pasientane som allereie er tilbode behandling i utlandet gjennom prosjektet. Det trengst ei tilleggsløyving for å få til dette.
Meirutgiftene er rekna til 65 mill. kroner. Det er da teke omsyn til at det vanlegvis skjer eit visst fråfall av pasientar som har fått tilbod, at det blir sett krav til strengare økonomistyring, og at det ikkje kjem til nye pasientar i kompetanseprosjekta ut over dei som har fått tilbod om behandling per 15. juni 2003.
Departementet gjer framlegg om ei tilleggsløyving på 65 mill. kroner under kap. 2790 post 72, og at denne blir dekt inn ved tilsvarande nedsetjing av andre løyvingar.
Kap. 701 Forskings- og forsøksverksemd, post 21 Spesielle driftsutgifter
Det vil ta noko lengre tid enn rekna med å byggje opp den planlagte legemiddelberedskapen, og det blir tilrådd å setje ned løyvinga med 7 mill. kroner.
Kap. 743 Statlege stimuleringstiltak for psykisk helse, post 73 Tilskot til psykososialt arbeid for flyktningar, kan overførast
Av overførte midlar på posten er 2,5 mill. kroner ikkje disponerte i 2003. Summen blir tilrådd overført til delvis dekking av kostnader ved behandling av pasientar med eteforstyrringar i utlandet.
Kap. 743 Statlege stimuleringstiltak for psykisk helse, post 75 Tilskot til styrking av psykisk helsevern, kan overførast
På posten er det overført 2,5 mill. kroner frå 2002 som ikkje er disponerte i 2003. Summen blir tilrådd overført til delvis dekking av kostnader ved behandling av pasientar med eteforstyrringar i utlandet.
Kap. 2600 Trygdeetaten, post 01 Driftsutgifter
Fristen for å fremje krav om erstatning til nordsjødykkarar er 1. juli 2003, og Rikstrygdeverket har berre eit mindre tal saker til behandling. Løyvinga kan setjast ned med 5 mill kroner. Vidare blir det gjort framlegg om å setje ned løyvinga med 28 mill. kroner gjennom diverse innstrammingar i trygdeetaten sin administrasjon.
Kap. 2661 Grunn- og hjelpestønad, hjelpemiddel mv., post 75 Betring av funksjonsevna, hjelpemiddel
Det er ei nedgåande tendens i prisane på PC. Frå 2003 er det innført eit tak på 12 000 kroner for stønad til stasjonær PC og på 15 000 kroner til berbar PC. Det blir gjort framlegg om å redusere satsane til inntil 7 500 kroner for stasjonær PC og til inntil 9 000 kroner for berbar PC med verknad frå 1. september 2003. Løyvinga blir på denne bakgrunn tilrådd sett ned med 20 mill. kroner.