4 Avtale om driftstilskot og takstar for psykologar
I forhandlingsmøte 2. juni 2003 blei Norsk Psykologforening, staten og dei regionale helseføretaka samde om eit tilrådd framlegg til revidert avtale om driftstilskot og takstar for spesialistar i klinisk psykologi. Avtalen skal gjelde for tidsrommet 1. juli 2003 - 30. juni 2004.
Avtalen føreset ei samla regulering av takstar, driftstilskot og avsetning til fondet for vidare- og etterutdanning med 2,0 prosent per 1. juli 2003. Innanfor denne ramma er det avtala at driftstilskotet blir auka med 12 prosent, eller 12 mill. kroner på årsbasis. Departementet tilrår at kap 2711 post 71 Refusjon psykologhjelp blir sett ned med 1,5 mill kroner. Til inndekking av meirutgiftene for dei regionale helseforetaka som følgje av den ekstraordinære auken i driftstilskota, tilrår departementet at kap. 732 Regionale helseføretak postane 71-75 blir auka med 5,0 mill. kroner i alt.