1 Bakgrunn
MEDIA Plus-programmet vart opphavleg etablert for ein periode på fem år (2001–2005) gjennom europaparlaments- og rådsavgjerdene 821/2000/EF (MEDIA Plus – Utvikling, Distribusjon og Marknadsføring) og 163/2001/EF (MEDIA Plus – Utdanning). Programmet skal stimulere utviklinga av den audiovisuelle industrien i EU. Stortinget ga sitt samtykke til norsk deltaking i det femårige programmet i samsvar med St. prp. nr. 56 (2000–2001) og Innst. S. nr. 218 (2000–2001).
Europaparlaments- og rådsavgjerdene 845/2004/EF og 846/2004/EF inneber at fellesskapet sitt program for audiovisuell industri vert lengt med eitt år. Lenginga heng saman med Kommisjonen sitt behov for å evaluere programmet og behovet for å få nok tid til å utarbeide og vedta det etterfølgjande programmet (MEDIA 2007).
Ved avgjerd i EØS-komiteen nr. 75/2005 av 29. april 2005 vart det vedteke å endre protokoll 31 til EØS-avtala om samarbeid på særlege område utanfor dei fire fridomane til også å omfatte europaparlaments- og rådsavgjerdene 845/2004/EF og 846/2004/EF av 29. april 2004 om lenging av fellesskapet sitt program for audiovisuell industri (MEDIA Plus 2006).
Avgjerda i EØS-komiteen vart teken med atterhald om samtykke frå Stortinget, ettersom gjennomføringa i norsk rett gjer det naudsynt med budsjettvedtak, jf Grunnlova § 26 andre leddet og EØS-avtala artikkel 103.
Uoffisiell norsk omsetjing av avgjerda i EØS-komiteen og europaparlaments- og rådsavgjerdene 845/2004/EF og 846/2004/EF følgjer som vedlegg til proposisjonen.